Raumabanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kylling bru over elva Rauma i Romsdalen
Åndalsnes stasjon i 2005
Bjorli stasjon fotografert i 1922 av Anders Beer Wilse

Raumabanen er ei 114,2 kilometer lang einspora jarnbane mellom Åndalsnes ved Romsdalsfjorden i Rauma kommune i Møre og Romsdal fylke og Dombås stasjon i Dovre kommune i Oppland fylke, der bana er tilkopla Dovrebanen mellom Oslo og Trondheim. Bana går soleis opp Romsdalen og gjennom fjellbygda Lesja kommune øvst i Gudbrandsdalen.

Raumabanen er ikkje elektrifisert. Dette er den einaste jarnbana i Møre og Romsdal fylke.

Vedtaket om bygging av bana vart gjort av Stortinget i 1908, og arbeidet byrja 12. januar 1912. I 1921 var strekninga mellom Dombås og Bjorli i Lesja kommune ferdig og opna for trafikk. Heile strekninga fram til Åndalsnes var ferdig og vart offisielt opna av kong Haakon 29. november 1924. I byrjinga var det til saman tolv stasjonar og haldeplassar på strekninga, no er det fem.

Bana vart i si tid rekna som eit framifrå døme på godt ingeniørarbeid. I ei 1396 meter lang vendetunnel i Romsdalen, Stavem vendetunnel, snur bana 180 grader inne i fjellet for overvinne høgdeskilnaden ved å gå i slyng ned dalsida, for etter ein ny tunnel i kurve å krysse elva Rauma over den imponerande steinkvelvbrua Kylling bru over til den andre sida av dalen.

Bana vart ei viktig kommunikasjonsåre for distriktet og byane Ålesund og Molde som med Raumabanen vart knytt til det nasjonale og internasjonale jarnebanenettet ved rutebilar og ved båtar på Romsdalsfjorden fram til stasjonen på Åndalsnes. Tidlegare hadde mykje av trafikken austover gått sjøvegen til Trondheim og derifrå med Rørosbanen. Då Gudbrandsdalsbana (Dovrebana) nådde fram til Dombås i 1913 byrja passasjertrafikken om sommaren å gå over Lesja og Åndalsnes, medan gods fortsatt gjekk om Trondheim. Då Raumabana opna i 1924 vart transportmønsteret snudd heilt om.[1] Statsbanen gav tilskot til bygging av Trollstigen for å lette tilkomsten til Raumabanen frå indre Sunnmøre.

Stuguflåtbrua med veterantog.

Raumabanen var (og er) bana ei viktig turistbane, då Romsdalen er rekna som ein av dei venaste av alle dalane i Noreg. Ein jarnbanerestaurant med plass til så mange som 700 gjestar bygd på Bjorli i åra 1925 – 1927 for å take imot dei som kom inn Romsdalsfjorden til Åndalsnes med turistskip og ville sjå dalen frå toget. Denne restauranten brann under krigen i 1940 etter å ha vorte råka av ei bombe, og vart ikkje bygd opp att.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Løseth, Arnljot (1996): Likskap og lagdeling. Fylkeshistorie for Møre og Romsdal. Oslo: Samlaget.