Blue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Blue
Blue 4.jpg
Opphav Storbritannia
Aktive år 2001 – 2005
2009 – i dag
Medlemmer
Lee Ryan
Simon Webbe
Duncan James
Antony Costa

Blue er ei britisk popgruppe/ boyband, starta i 2001. Blue er kanskje mest kjend for debutsingelen sin, All Rise frå 2001. All Rise vart også namnet på debutalbumet deira frå same året. Neste år gav Blue ut albumet One Love, og albumet Guilty kom i 2003. På det sistnemnte albumet samarbeidde dei m.a. med Elton John. Etter dette skilde gruppa lag, men gav ut fleire samlealbum.

I 2011 vart det annonsert at Blue skulle koma saman att for å representera Storbritannia i Eurovision Song Contest 2011. Storbritannia hadde altså ikkje nokon nasjonal konkurranse dette året, representanten vart ganske enkelt utvald av BBC.

Songen Blue framførte under Eurovision, heitte I Can. Under finalen i Düsseldorf enda dei på 11. plass. Etter tevlinga har det vorte nytt liv i Blue, og dei planlegg for tida eit nytt album.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • All Rise (2001)
  • One Love (2002)
  • Guilty (2003)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Engelsk Wikipedia om Blue, henta inn 11. juli 2011.