Dino Merlin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dino Merlin
Dino Merlin (2011).jpg
Verkeleg namn Edin Dervišhalidović
Alias Dino Merlin
Fødd 12. september 1962, Sarajevo i Folkerepublikken Bosnia-Hercegovina i Den føderale folkerepublikken Jugoslavia (no Bosnia-Hercegovina)
Sjanger Poprock
Aktive år 1983–i dag

Edin Dervišhalidović (fødd 12. september 1962 i Sarajevo), kjend som Dino Merlin, er ein bosnisk songar, låtskrivar, musikar og produsent. Han skreiv den fyrste nasjonalsongen til Republikken Bosnia-Hercegovina, «Jedna si jedina», som vart brukt mellom 1992 og 1998.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Dino Merlin har delteke tre gonger i Eurovision Song Contest; to gonger som låtskrivar og to gonger som artist.

Eurovision Song Contest 1993[endre | endre wikiteksten]

For å kunne debutere i Eurovision Song Contest 1993 i Millstreet i Irland måtte Bosnia-Hercegovina kvalifisere seg gjennom tevlinga Kvalifikacija za Millstreet. Landet deltok med songen «Sva bol svijeta», skriven av Fahrudin Pecikoza og Dino Merlin under namnet Edin Dervišhalidović. Songen vart framførd på bosnisk av Fazla. Bidraget enda på andreplass med 52 poeng; 12 frå Slovakia, ti frå Ungarn og Romania, åtte frå Estland, sju frå Slovenia og fem frå Kroatia. Bosnia-Hercegovina fekk sin debut og bidraget enda på 16. plass med 27 poeng; tolv frå Tyrkia, fire frå Malta og Frankrike, tre frå Italia og Irland og eitt frå Belgia.

Eurovision Song Contest 1999[endre | endre wikiteksten]

Dino Merlin deltok i Eurovision Song Contest 1999 i Jerusalem i Israel med Béatrice Poulot. Under namna Dino og Béatrice framførde dei songen «Putnici» på bosnisk og fransk. Songen vart skriven av Dino Merlin under namnet Edin Dervišhalidović. Bidraget enda på sjuandeplass med 86 poeng; tolv frå Austerrike, ti frå Kroatia og Slovenia, åtte frå Danmark og Tyskland, sju frå Tyrkia og Noreg, seks frå Frankrike og Sverige, fem frå Polen, tre frå Nederland og Island og eitt frå Belgia.

Eurovision Song Contest 2011[endre | endre wikiteksten]

I Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland representerte Dino Merlin Bosnia-Hercegovina for tredje gong. Han framførde songen «Love in Rewind» på engelsk og bosnisk, ein song han hadde skrive sjølv under namnet Dino Merlin. Bidraget starta i den andre semifinalen der det enda på femteplass med 109 poeng; tolv frå Austerrike, Slovakia, Makedonia og Slovenia, ti frå Nederland og Frankrike, åtte frå Sverige, sju frå Danmark og Tyskland, fem frå Kviterussland, fire frå Belgia, Ukraina og Italia og to frå Latvia. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på andreplass med 131 poeng og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på ellevteplass med 65 poeng. Landet gjekk vidare til finalen der det enda på sjetteplass med 125 poeng; tolv frå Sveits, Austerrike, Slovenia, Serbia og Makedonia, ti frå Tyrkia, åtte frå Sverige og Nederland, sju frå Tyskland, Albania og Kroatia, fem frå Frankrike, fire frå Italia og Noreg, tre frå Hellas og to frå Bulgaria. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på sjetteplass med 151 poeng og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på ellevteplass med 90 poeng.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]