Bo Diddley av Bo Diddley
| Bo Diddley Singel av Bo Diddley |
||
| B-side | «I'm a Man» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | Mars 1955 | |
| Sjanger | Blues | |
| Lengd | 2:27 | |
| Selskap | Checker Records 814 | |
| Låtskrivar(ar) | Ellas McDaniel | |
| Produsent | Leonard Chess | |
| Bo Diddley-kronologi | ||
| --- | Bo Diddley | «Diddley Daddy» (1955) |
«Bo Diddley» er ein rhythm and blues-song av Bo Diddley gjeve ut på Checker Records i 1955. Han vart ein stor hitsingel og låg på R&B-lista i USA i totalt 18 veker, sju veker lenger enn B-sida «I'm a Man». Han var den første plateinnspelinga som nytta afrikanske rytmar i rock and roll, og det var òg den første innspelinga og den første hitten til Bo Diddley.[1] Musikkmagasinet Rolling Stone hadde songen på 62. plass på liste over dei 500 største songane gjennom tidene.[2]
Songen er rytmisk liknande hambone, ein teknikk der ein dansar og klappar på forskjellige stader på kroppen for å danne rytme og song. Bo Diddley spelte songen med elektrisk gitar med musikarar på maracas og trommer. Denne kombinasjonen av rock and roll, afrikanske rytmar og og gitarteknikken var noko heilt nytt.[3]
Han kalla først songen «Uncle John»,m en før han spelte han inn endra han tittelen til sitt eige kallenamn, Bo Diddly, med ein ekstra «e».[1]
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Bo Diddley (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 20. september 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Dawson, Jim og Propes, Steve (1992) What Was the First Rock'n'Roll Record, s. 177-181 – Faber & Faber, Boston & London. ISBN 0-571-12939-0.
- ↑ The RS 500 Greatest Songs of All Time. RollingStone.com. Vitja 20. september 2008.
- ↑ Erlewine, Bogdanov, Woodstra (Eds) (2002) All Music Guide to Rock, s. 244 – Miller Freeman Books. ISBN 0-87939-736-x.