Rhythm and blues

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg moderne R&B som ofte berre vert kalla R&B.
Rhythm and blues
Stilmessig opphav: Jazz
Blues (særleg elektrisk)
Tradisjonell pop
Gospel
Kulturelt opphav: USA i 1940-åra
Typiske instrument: Gitar - bass - munnspel - trompet - saksofon - trommer - piano - orgel - elektrisk piano
Populær periode: Særleg populær frå 1940- til 1960-åra. Ikonisk i ettertid
Avleidde former: Moderne R&B - Reggae - Ska - Rock and roll - Funk
Undersjangrar
Doo wop
Blandingssjangrar
Soul - Rockabilly

Rhythm and blues (òg kalla R&B, R'n'B eller RnB) er ein popmusikksjanger som kombinerer jazz, gospel og blues.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Jerry Wexler frå musikkmagasinet Billboard fann på uttrykket rhythm and blues i 1948 som musikalsk marknadsføring i USA.[1] Det erstatta uttrykket rasemusikk, som opphavleg kom frå det svarte samfunnet, men som i etterkrigstida byrja å verte rekna som støytande.[2][3] Produsent og forfattar Robert Palmer definerte rhythm & blues som «eit samleomgrep som refererer til all musikk som vart lagd av og for svarte amerikanarar».[4] Han nytta uttrykket R&B som eit synonym for jump blues.[5] Lawrence Cohn, forfattar av Nothing but the Blues, skriv at rhythm and blues var eit samleomgrep som vart funne opp fordi det var passande for musikkindustrien. I følgje han omfatta uttrykket all svart musikk bortsett frå klassisk musikk og religiøs musikk med mindre ein gospelsong selde nok til at han klatra inn på salslistene.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Slutten av 1940-åra[endre | endre wikiteksten]

I 1948 marknadsførte RCA Victor svart musikk under namnet Blues and Rhythm. Same år dominerte Louis Jordan topp 5 på R&B-salslista med tre songar og to av desse var basert på boogie-woogie-rytmar som hadde oppstått i løpet av 1940-åra.[6] Bandet til Jordan, the Tympany Five (danna i 1938), bestod av han sjølv på saksofon og vokal i lag med musikarar på trompet, tenorsaksofon, piano, bass og trommer.[7] Lawrence Cohn skildra musikken som «grovare enn jazzaktig blues frå boogie-perioden».[2] Robert Palmer skildra han som «urban, rockaktig, jazzbasert musikk med ein tung, stødig rytme».[8] Jordan sin tilbakelente musikk, i lag med musikken til Big Joe Turner, Roy Brown, Billy Wright og Wynonie Harris vert i dag òg kalla jump blues. I 1948 gjorde òg Wynonie Harris ei ny innspeling av Roy Brown sin «Good Rockin' Tonight» frå 1947 og gjekk inn på andreplass på salslista bak kapellmeister Sonny Thompson sin «Long Gone».[9][10]

I 1949 erstatta uttrykket rhythm and blues Billboard-kategorien Harlem Hit Parade.[2] Same året vart «The Huckle-Buck» spelt inn av kapellmeister og saksofonist Paul Williams og gjekk til topps på R&B-lista. Songen vart verande i toppen av listene i nesten eit heilt år. Songen vart skrive av musikar og arrangør Andy Gibson og vart skildra som ein «skitten boogie» fordi han var vågal og grov.[11] Paul Williams and His Hucklebuckers sine konsertar var òg sveitte og tøyleslause og vart stoppa meir enn ein gong. Tekstane til songane deira, skrive av Roy Alfred (som seinare var medlåtskrivar på hitten «(The) Rock and Roll Waltz» frå 1955) hadde milde seksuelle antydingar og ein tenåring frå Philadelphia sa at «That Hucklebuck was a very nasty dance»[12] I 1949 vart òg ei ny utgåve av bluessongen «Ain't Nobody's Business» frå 1920-åra ein hit som nådde 4. plass for Jimmy Witherspoon og Louis Jordan and the Tympany Five nådde nok ein gong topp 5 med «Saturday Night Fish Fry».[13]

1950-1955[endre | endre wikiteksten]

Gresk-amerikanske Johnny Otis, som hadde signert ein avtale med Savoy Records i Newark i New Jersey arbeidde med afroamerikanske musikarar og produserte mange R&B-hittar i 1951 som «Double Crossing Blues», «Mistrustin' Blues» og «Cupid's Boogie». Alle desse nådde førsteplassen det året. Otis var medverkande til ti topp 10-singlar det året. Av andre hittar hadde han «Gee Baby», «Mambo Boogie» og «All Nite Long».[14] The Clovers var ein vokaltrio som gjorde ein særeigen kombinasjon av blues og gospel og nådde 5. plass dette året med «Don't You Know I Love You» på Atlantic Records.[15][14][16] I juli 1951 starta òg radioprataren Alan Freed i Cleveland i Ohio eit kveldprogram kalla «The Moondog Rock Roll House Party».[17] Freed var sponsa av Fred Mints som hadde ei R&B-platesjappe med hovudsakleg afroamerikansk klientell. Freed byrja å kalle rhythm and blues-musikken han spelte for rock 'n' roll, og har fått æra for å ha gjeve namn til denne sjangeren.

Ruth BrownAtlantic Records hadde hittar inne på topp 5 kvart år frå 1951 til 1954, som «Teardrops from My Eyes», «Five, Ten, Fifteen Hours», «(Mama) He Treats Your Daughter Mean» og «What a Dream». Faye Adams sin «Shake a Hand» nådde andreplass i 1952. I 1953 klarte Willie Mae Thornton å nå tredjeplass med original innspelinga av Leiber og Stoller sin «Hound Dog».[18] Det same året hadde The Orioles, ei doo-wop-gruppe, ein fjerdepplass med «Crying in the Chapel».[19]

I 1954 vart The Chords sin hit «Sh-Boom» den første songen som kryssa over frå R&B-lista til topp 10 tidleg på året. Seinare på året og inn i 1955 nådde «Hearts of Stone» av The Charms topp 20.[20]

Fats Domino nådde topp 30 på poplista i 1952 og 1953, så topp 10 med «Ain't That a Shame».[20] Ray Charles vart nasjonalt kjend i 1955 med «I Got a Woman». Big Bill Broonzy sa om Charles sin musikk at «han blanda blues med spirituals... eg veit at det er gale.»[2]

Etter innstendig bønn frå Leonard ChessChess Records hadde Chuck Berry omarbeidd ein felesong med ei lang historie kalla «Ida Red». Resultatet var «Maybellene» som ikkje berre nådde 3. plass på R&B-lista i 1955, men som òg nådde topp 30 på poplista. Alan Freed, som hadde flytta til den mykje største marknaden i New York City, hjelpte til å få plata populær hos kvite tenåringar. Freed vart ført opp som medlåtskrivar på songen av Chess mot at han promoterte songen, noko som var vanleg praksis på denne tida.[21] I 1955 spelte òg Bo Diddley inn den første singelen sin på Chess Records, «Bo Diddley»/«I'm A Man», som klatra til andre plass på R&B-lista og som populariserte Bo Diddley-rytmen.

1955-1959[endre | endre wikiteksten]

I 1956 fann turneen «Top Stars of '56"» stad med artistar som Al Hibbler, Frankie Lymon and the Teenagers og Carl Perkins øvst på plakaten. Perkins sin song «Blue Suede Shoes» vart særs populær hos R&B-publikummet. Andre artistar på turneen var Chuck Berry, Cathy Carr, Shirley & Lee, Della Reese, the Cleftones og the Spaniels med Illinois Jacquet sin «Big Rockin' Rhythm Nand». Byar som vart vitja på turneen var mellom anna Columbia i Sør-Carolina, Annapolis i Maryland, Pittsburgh i Maryland og Syracuse, Rochester og Buffalo i New York, i tillegg til Canada og gjennom Midtvesten i USA før han enda i Texas. I Columbia enda konserten nesten i opprør då Perkins starta på første songen sin som avsluttande artist. I Annapolis prøvde 70 000 til 50 000 menneske å kome inn på ein konsert med plass till 8000 menneske. Trafikken stod fast i sju timar.[22]

Filmskaparar nytta høve når mange «rhythm and blues»-musikarar vart «rock 'n' roll»-musikarar i 1956. Little Richard, Chuck Berry, Fats Domino, Big Joe Turner, The Treniers, The Platters, The Flamigos vart alle medverkande i film.[f 1]

To Elvis Presley-plater kom seg inn på topp fem på R&B-lista i 1957: «Jailhouse Rock»/«Treat Me Nice» på førsteplass og «All Shook Up» på femteplass, noko som var ein makelaus aksept av ein ikkje-afroamerikansk artist i ein musikksjanger som var kjend for å vere skapt av svarte.[23] Nat King Cole, ein tidlegare jazzpianist som hadde nådd førsteplassen på poplistene tidleg i 1950-åra («Mona Lisa» på andreplass i 1950 og «Too Young» på førsteplass i 1951), hadde ei plate i topp 5 på R&B-lista i 1958 med «Looking Back»/«Do I Like It».

I 1959 starta to svarteigde plateselskap, Sam Cooke sitt Sar og Berry Gordy sitt Motown Records, som skulle verte ein stor suksess.[4] Brook Benton var på toppen av R&B-lista i 1959 og 1960 med ein første- og ein andreplass. Benton hadde ein viss varme i stemma si som var godt likt av mange lyttarar og balladane hans førte til at han vart samanlikna med artistar som Cole, Sinatra og Tony Bennett.[24] Lloyd Price, som i 1952 hadde ein nummer 1-hit med «Lawdy Miss Clawdy» fekk igjen ein hit med «Stagger Lee», som nådde førsteplass, og «Personality», som gjekk opp til nummer 5 i 1959.[25][26]

Frå 1960 og utover[endre | endre wikiteksten]

Sam Cooke sin «Chain Gang» hadde klåre spor av R&B i 1960, og det same hadde Chubby Checker sin nummer 5-hitt «The Twist»".[27][28] Tidleg i 1960-åra vart musikksjangeren som tidlegare vart kalla rhythm and blues no kalla soulmusikk og liknande musikk av kvite artistar fekk stempelet blue eyed soul («blåaugd soul»).[4]

Motown oppnådde sin første millionseljande singel i 1960 med «Shop Around» av The Miracles.[4] I 1961 hadde Stax Records sin første hitt med Carla Thomas sin popinfluerte «Gee Whiz! (Look at His Eyes)», som inkluderte strykarar, piano, trommer og koristar.[29] Den neste store hitten til Stax var Mar-Keys sin instrumental «Last Night», som kom same året. «Last Night» introduserte ein råare Memphis soul-lyd, basert på blåsarar, elektrisk orgel, gitar og trommer, eit lydbilete som Stax skulle verte mest kjend for.[30]

I 1970-åra vart uttrykket rhythm and blues nytta som eit fellesuttrykk for å skildre soul og funk. I 2000-åra nyttar ein nesten berre forkortinga R&B i staden for rhythm and blues og bruken av uttrykket i dag refererer veldig ofte til moderne R&B, som er ei moderne utgåve av soul- og funk-aktig popmusikk som dukka opp då disco vart mindre populært.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Don't Knock the Rock (1956), Rock Around the Clock (1956), Rock, Rock, Rock (1956), Rumble on the Docks (1956), Shake, Rattle & Rock! (1956), The Girl Can't Help It (1956), Rock Baby, Rock It (1957), Untamed Youth (1957), Go, Johnny, Go! (1959)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Leo Sacks (29. august 1993). The Soul of Jerry Wexler. New York Times. Vitja 4. september 2008.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Lawrence Cohn, Mary Katherine Aldin, Bruce Bastin (1993) Nothing but the Blues: The Music og the Musicians, s. 314 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
  3. Jerry Wexler, kjend plateprodusent, døydde 91 år gammal, Nekesa Mumbi Moody, AP Music Writer, Dallas Morning News, 15. august 2008
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Robert Palmer (1995) Rock & Roll: An Unruly History – Harmony. ISBN 978-0517700501.
  5. Robert Palmer (1981) Deep Blues: A Musical og Cultural History of the Mississippi Delta – Viking Adult. ISBN 978-0670495115.
  6. Hot R&B/Hip-Hop Songs 1947. Billboard. Vitja 4. september 2008.
  7. [1] [2]
  8. Robert Palmer (1982) Deep Blues: A Musical og Cultural History of the Mississippi Delta, paperback. utg., s. 146 – Penguin. ISBN 978-0140062236.
  9. The Vocal Group Harmony Web Site
  10. Hot R&B/Hip-Hop Songs 1948. Vitja 4. september 2008.
  11. Andy Gibson (II) - Biography
  12. Hucklebuck!
  13. Billboard.com - Year End Charts - Year-end Singles - Hot R&B/Hip-Hop Songs
  14. 14,0 14,1 Billboard.com - Biography - Johnny Otis
  15. The Vocal Groups
  16. Clovers Don't You Know I Love You & Other Favorites
  17. Digital Case
  18. Hot R&B/Hip-Hop Songs 1953. Vitja 2007-12-23.
  19. The Orioles Record Label Shots. Vitja 5. september 2008.
  20. 20,0 20,1 Go, Cat, Go! av Carl Perkins og David McGee 1996 s. 111 Hyperion Press ISBN 0-7868-6073-1
  21. Billboard.com - Biography - Chuck Berry
  22. Go, Cat, Go! av Carl Perkins og David McGee 1996 s. 188, 210, 212-214 Hyperion Press ISBN 0-7868-6073-1
  23. Hot R&B/Hip-Hop Songs 1957. Billboard. Vitja 5. september 2008.
  24. Tom Simon. Brook Benton Biography. Vitja 5. september 2008.
  25. https://archive.is/20120722032546/www.billboard.com/bbcom/charts/yearend_chart_display.jsp?f=Hot+R%26B/Hip-Hop+Songs&g=Year-end+Singles&year=1952
  26. https://archive.is/20120721222442/www.billboard.com/bbcom/charts/yearend_chart_display.jsp?f=Hot+R%26B/Hip-Hop+Songs&g=Year-end+Singles&year=1959
  27. Hot R&B/Hip-Hop Songs 1959. Billboard. Vitja 5. september 2008.
  28. Hot R&B/Hip-Hop Songs 1960. Billboard. Vitja 5. september 2008.
  29. [3] utdrag frå «Gee Whiz»
  30. utdrag