Janis Joplin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Janis Joplin
Janis Joplin.jpg
Janis Joplin måla i 2008 av Patrick Pearse.
Verkeleg namn Janis Lyn Joplin
Fødd 19. januar 1943
Port Arthur i Texas i USA
Død 4. oktober 1970 (27 år)
Los Angeles i USA
Instrument Vokal, gitar
Sjanger Bluesrock, psykedelisk rock, blues, hardrock
Aktive år 1962–1970
Yrke Songar, låtskrivar, arrangør
Tilknytte artistar Big Brother & the Holding Company
Kozmic Blues Band
Full Tilt Boogie Band
Plateselskap Columbia
Nettstad www.officialjanis.com

Janis Lyn Joplin (19. januar 19434. oktober 1970) var ein amerikansk songar, låtskrivar og musikalsk arrangør. Ho vart kjend mot slutten av 1960-åra som songar i Big Brother and the Holding Company og seinare som soloartist.

Joplin er rekna som ei rockelegende, og som ei føregangsfigur for kvinner innan rock.[1] Ho døydde av ein overdose då ho var 27 år gammal, og spelte berre inn fire album. Nokre av hennar best kjende songar er «Me and Bobby McGee», «Mercedes Benz» og «Piece of My Heart».

Tidleg liv 1943–1965[endre | endre wikiteksten]

Janis Joplin vart fødd i oljebyen Port Arthur i Texas i 1943. Ho var den eldste av tre barn i ein middelklassefamilie der faren var ingeniør for Texaco og mora var kontortilsett på ein handelshøgskule.[2] Ho lærte å spele piano av den musikalske mora, og song i ungdomskoret i Kristi Forsamling-kyrkja familien høyrde til. I tillegg til musikk dreiv ho òg med biletkunst.[3]

Som tenåring på high school opplevde Joplin å bli mobba og utstøytt. Ho var overvektig og hadde eit så kraftig kviseproblem at ho fekk arr som kravde hudsliping.[4][5][6] I tillegg kledde og oppførte ho seg «annleis».[7] Andre elevar på skulen mobba ho ofte og kalla ho «pig», «freak» eller «creep».[4] Joplin sa mellom anna om denne tida: «Eg var ein mistilpassa person. Eg las, eg målte, eg hata ikkje niggerar[4]

Etterkvart blei Joplin vener med nokre andre outsiderar. Av desse blei ho mellom anna introdusert for dikta til beat-generasjonen og for dei afroamerikanske bluesartistane Bessie Smith og Lead Belly, som ho seinare omtalte som inspirasjonskjelder.[8] Ho byrja også å lytte på andre bluessongarar som Odetta og Big Mama Thornton, og å vitje nattklubbar i Texas og nabostaten Louisiana der det blei spelt ulik lokal musikk – blues, country, cajun og zydeco.[9]

Janis Joplin var ferdig på high school i 1960 og gjekk inn på Lamar State College of Technology i Beaumont i Texas i løpet av sommaren[5] og seinare University of Texas i Austin. Ho fekk gode karakterar, men gjorde ikkje ferdig studiane.[10] Universitetsavisa hadde ein artikkel om ho i 1962 med overskrifta «Ho vågar å vere annleis».[11] I Austin blei Joplin kjend med fleire kunstnarar og artistar, og byrja opptre med sitt første band, Waller Creek Boys.[9] Etter rundt eitt år i Austin haika Joplin til California etter å ha høyrt rykte om eit ope musikkmiljø der.[9]

Den første songen Janis Joplin spelte festa på lydband, heime hos ein klassekamerat i desember 1962, var «What Good Can Drinkin' Do».[12] Ho forlét Texas og reiste til San Francisco i januar 1963 og budde i North Beach og seinare Haight-Ashbury. I 1964 spelte Joplin og den framtidige Jefferson Airplane-gitaristen Jorma Kaukonen inn fleire bluesstandarar, med Margareta Kaukonen på skrivemaskin (som perkusjonsinstrument). Dei spelte inn sju songar: «Typewriter Talk», «Trouble In Mind», «Kansas City Blues», «Hesitation Blues», «Nobody Knows You When You're Down and Out», «Daddy, Daddy, Daddy» og «Long Black Train Blues», som seinare vart gjeven ut på piratkopialbumet The Typewriter Tape.

Om lag samstundes auka dopmisbruket hennar, og ho fekk rykte på seg som ein «speed freak» og stundom heroinbrukar.[2][8][5] Ho nytta òg andre psykofarmakon og drakk tett gjennom heile karrieren. Favorittdrykken hennar var Southern Comfort. Våren 1965 merka venene til Joplin dei fysiske effektane av amfetaminmisbruket (ho vart skildra som eit «beinrangel»[8] og utmagra"[2]), og overtalte ho til å dra attende til Port Arthur i Texas. I mai 1965 spanderte venene hennar ein bussbillett på ho så ho kunne kome heim.[2]

Tilbake i Port Arthur endra Joplin livsstil. Ho unngjekk dop og alkohol, byrja å gå med meir normale klede, og førte seg inn på sosiologistudietLamar University nær Beaumont i Texas. I løpet av året hennar på Lamar University reiste ho til Austin for å spele solo, med ho sjølv på gitar. Ein av konsertane hennar vart meldt av Austin American-Statesman. Joplin vart forlova med ein mann som vitja familien og bad faren hennar om handa hennar, men mannen slo opp kort tid seinare.[6]

Big Brother and the Holding Company: 1966–1968[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Big Brother and the Holding Company.

I 1966 vart den bluesaktige vokalen til Joplin lagt merke til av det psykedeliske rockebandet Big Brother and the Holding Company, eit band som vart kjend i det gryande hippiemiljøet i Haight-Ashbury. Ho vart hyrt inn i gruppa av Chet Helms, ein promotør som hadde kjent ho i Texas og som no styrte Big Brother. Helms førte ho attende til San Francisco og Joplin vart med i Big Brother den 4. juni 1966.[13] Den første offentlege konserten hennar med dei var i Avalon Ballroom i San Francisco. Sidan ho stadig vart overtalt av organisten og den nære venen Stephen Ryder, heldt Joplin seg unna dop i fleire veker, og heldt lovnaden ho gav Dave Getz om å ikkje nytte nåler i øvingslokalet eller i leilegheita dei delte.[6] Då ein vitjande i leilegheita sette ei sprøyte føre Joplin, sa ho sint i frå til Getz at han ikkje hadde halde det han lovde.[6] Ein konsert i San Francisco denne sommaren vart innspelt og gjeven ut i 1984 som Cheaper Thrills.

Den 23. august 1966,[14] under ein fire veker lang tur til Chicago, signerte gruppa ein avtale med det sjølvstendige selskapet Mainstream Records.[15] Dei spelte inn songar i eit platestudio i Chicago, men eigaren av selskapet, Bob Shad, nekta å betale flyreisa attende til San Francisco.[8] Kort tid etter køyrte dei fem bandmedlemmane frå Chicago til Nord-California med særs lite pengar. Dei flytta i lag med Grateful Dead til eit hus i Lagunitas i California. Det var her Joplin hamna attende på harde narkotika.

Ein av dei første store konsertane til Joplin i 1967 var Mantra-Rock Dance, den 29. januar 1967 i Avalon Ballroom av San Francisco Hare Krishna-tempel. Janis Joplin og Big Brother spelte der i lag med Hare Krishna-grunnleggaren Bhaktivedanta Swami, Allen Ginsberg, Moby Grape og Grateful Dead. Inntektene vart donerte til Krishna-tempelet.[16][17][18]

Tidleg i 1967 møtte Joplin Country Joe McDonald frå gruppa Country Joe and the Fish. Dei levde i lag som eit par nokre månader.[2][15] Joplin og Big Brother starta å spele klubbar i San Francisco, i Fillmore West i Winterland og Avalon Ballroom. Dei spelte òg i Hollywood Bowl i Los Angeles, samt i Seattle i Washington og Vancouver i British Columbia, Den psykedeliske supermarknaden i Boston, Massachusetts, og Golden Bear Club i Huntington Beach i California.[15]

Debutalbumet kom ut på Mainstream Records i august 1967, kort tid etter gjennombrotet til bandet i juni på Monterey Pop Festival. To songar frå setlista til Big Brother på Monterey vart filma. «Combination of the Two» og ein versjon av Big Mama Thornton sin «Ball and Chain» finst i D.A. Pennebaker-dokumentaren Monterey Pop. I filmen kan ein sjå Cass Elliot i publikum som seier «Wow! That's really heavy!» under framføringa til Joplin.[8]

I november 1967 forlet bandet Chet Helms og signerte ein kontrakt med den kjende manageren Albert Grossman. Fram til då hadde Big Brother hovudsakleg spelt i California, men hadde vorte nasjonalt kjende etter konserten på Monterey. Den 16. februar 1968[19] la gruppa ut på den første turneen sin på austkysten, med ein konsert i Philadelphia, og dagen etter i New York City i Anderson Theater.[2][8] Den 7. april 1968, den siste dagen deira på austkysten, spelte Joplin og Big Brother med Jimi Hendrix, Buddy Guy, Joni Mitchell, Richie Havens, Paul Butterfield og Elvin Bishop på «Wake for Martin Luther King, Jr.» i New York.

Våren 1968 vart Joplin og Big Brother sendt på nasjonalt fjernsyn då dei debuterte på The Dick Cavett Show. Seinare var ho tre gonger til hos Cavett. På denne tida vart bandet kalla «Janis Joplin and Big Brother and the Holding Company», sjølv om mediaomtalen Joplin fekk, irriterte resten av bandet.[15] Dei andre medlemmane i Big Brother meinte at suksessen hadde gått Joplin til hovudet, medan andre fortalte Joplin at Big Brother var eit forferdeleg band og at ho burde kvitte seg med dei.[15]

Time kalla Joplin «truleg den mektigaste songaren som har kome frå den kvite rockerørsla» og Richard Goldstein i Vogue skreiv at Joplin var «den fremste frontkvinna i rock---ho snik seg som tjøre, ho skuler som krig... ho pressar knea saman under den siste strofa som om ho bønfell ho om å bli verande...Janis Joplin kan synge elegansen ut av kvar ein lyttar.»[4]

Det andre albumet til Big Brother, Cheap Thrills med eit plateomslag av teikneserieteiknaren Robert Crumb, høyrdest ut som det hovudsakleg var «live», men berre eit spor («Ball and Chain») var faktisk spelt inn live. Resten av songane var studioopptak.[2] Albumet hadde ein upolert stil med lyden av knusande cocktailglas og glasbitane som vert kosta bort under songen «Turtle Blues». Med dokumentarfilmen Monterey Pop som kom ut seint i 1968 vart den korte og suksessrike karrieren til Joplin lansert.[20]

Cheap Thrills, med gjennombrotssingelen til bandet, «Piece of My Heart», nådde førsteplassen på den amerikanske albumlista åtte veker etter at det kom ut. Det låg på førsteplassen totalt i åtte veker.[20] Albumet selde til gullplate og selde over ein million eksemplar den første månaden etter det kom ut.[6][15] Live at Winterland '68, spelt inn i Winterland Ballroom den 12. og 13. april 1968, med Joplin og Big Brother and the Holding Company på høgda av karrieren sin, spelte gjennom fleire av songane på albuma sine.

Bandet gjorde ein ny turne på austkysten juli og august 1968, der dei spelte på Columbia Records-samlinga i Puerto Rico og på Newport Folk Festival. Etter å ha kome attende til San Francisco for to konsertar i Palace of Fine Arts-festivalen den 31. august og 1. september, annonserte Joplin at ho kom til å forlate Big Brother. Gruppa heldt fram å turnere gjennom hausten og Joplin spelte den siste offisielle konserten sin med Big Brother på Family Dog-konserten den 1. desember 1968.[2][8]

Solokarriere: 1969–1970[endre | endre wikiteksten]

Kozmic Blues Band[endre | endre wikiteksten]

Etter at ho gjekk frå Big Brother danna Joplin eit nytt backingband, the Kozmic Blues Band. Bandet var påverka av Stax-Volt Rhythm and Blues-band frå 1960-åra, som Otis Redding og the Bar-Kays, som hadde stor innverknad på Joplin.[2][8][6] Stax-Volt R&B-stilen nytta typisk blåsarar og hadde ein stil med meir blues, funk, soul og pop enn dei fleste hardrockande psykedeliske banda på denne tida.

Tidleg i 1969 var Joplin avhengig av heroin og nytta visstnok minst $200 på heroin dagleg,[5] sjølv om det vart gjort forsøk på å få ho av det under innspelinga av I Got Dem Ol' Kozmic Blues Again Mama!. Gabriel Mekler, som produserte Kozmic Blues, fortalte biografiforfattaren Myra Friedman etter Joplin døydde at songaren hadde budd i huset hans under innspelinga i juni 1969 slik at han kunne halde ho borte frå narkotika og dei dopavhengige venene hennar.[6]

Kozmic Blues-albumet kom ut i september 1969, og selde til gullplate same året, men var ikkje like suksessfullt som Cheap Thrills.[20] Meldingar av den nye gruppa var blanda. Somme kritikarar, som Ralph Gleason frå San Francisco Chronicle, var negativ. Gleason skreiv at det nye bandet var «keisamt» og at Joplin burde kaste det nye bandet å gå tilbake til Big Brother.[2] Andre kritikarar, som reporteren Carl Bernstein frå Washington Post var generelt entusiastisk.

Joplin og the Kozmic Blues Band turnerte i Nord-Amerika og Europa gjennom 1969, og spelte på Woodstock i august. I følgje dei fleste attforteljingar så var ikkje Woodstock ein god episode for Joplin.[2][8][5] Ho måtte vente ti timar etter at ho kom til festivalen, og tok heroin[8][5] og drakk alkohol, så då ho gjekk på scenen var ho «full som ein alke».[2] Joplin hadde òg problem i Madison Square Garden der ho fortalte rockejournalisten Dalton at «publikum såg og lytta på kvar einaste note [ho song] med 'Kjem ho til å klare det?' i augo sine»[15] Konserten til Joplin var ikkje med i dokumentarfilmen Woodstock sjølv om 25-årsutgåva av filmen inneheld framføringa hennar av «Work Me, Lord».

Mot slutten av året vart gruppa oppløyst. Den siste konserten deira med Joplin var i Madison Square Garden i New York City den 19. desember 1969.[2][15]

Full Tilt Boogie Band[endre | endre wikiteksten]

I februar 1970 reiste Joplin til Brasil, der ho stoppa narkotika- og alkoholmisbruket. Med seg på ferien hadde ho venen Linda Gravenites, som hadde designa scenekostyme for songaren frå 1966 til 1969. Joplin vart kjæraste med ein amerikansk lærar, David (George) Niehaus, som reiste verda rundt. Dei vart fotograferte av pressa under karnevalet i Rio de Janeiro.[15]

Joplin byrja å bruke heroin igjen då ho kom attende til USA. Forholdet hennar med Niehaus enda raskt på grunn av misbruket, forholdet hennar til Peggy Caserta og at ho nekta å ta fri for å reise verda rundt med han.[8] På denne tida danna ho eit nytt band, Full Tilt Boogie Band.[2][8][6] Bandet bestod hovudsakleg av unge kanadiske musikarar og hadde orgel, men ikkje blåserekkje. Joplin tok ei meir aktiv rolle i å sette saman Full Tilt Boogie Band enn ho hadde gjort med det førre bandet. Ho skal ha sagt: «Det er mitt band. Endeleg er det mitt band!»[2]

Full Tilt Boogie Band starta å turnere i mai 1970. Joplin var nøgd med den nye gruppa si og fekk hovudsakleg positiv tilbakemeldingar frå både tilhengjarane og kritikarane.[2] Før sommarturneen starta med Full Tilt Boogie, spelte ho ein gjenforeiningskonsert med Big Brother i Fillmore West i San Francisco den 4. april 1970. Innspelingane frå konserten vart gjeven ut i 1972. Ho spelte igjen med Big Brother den 12. april i Winterland der ho og Big Brother vart sagt å vere i glimrande form.[8]

Frå 28. juni til 4. juli 1970 vart Joplin og Full Tilt med på Festival Express-turneen gjennom Canada, i lag med Grateful Dead, Delaney and Bonnie, Rick Danko og The Band, Eric Andersen og Ian and Sylvia.[8] Dei spelte konsertar i Toronto, Winnipeg og Calgary.[8][15] Bilete av ho som syng «Tell Mama» i Calgary vart ein MTV-video i 1980-åra og finst på albumet Farewell Song frå 1982. Opptak frå andre konsertar under Festival Express finst på In Concert frå 1972. Videoar frå konsertane vart gjeven ut på DVDen Festival Express.

Under turneen møtte Joplin Rolling Stone-journalisten David Dalton, som seinare skreiv fleire artiklar og ei bok om Joplin. Ho fortalte:

Eg er eit offer for mitt eige indre. Det var ein gong då eg ønskte å vite alt ... Det gjorde meg ulukkeleg, alle dei kjenslene. Eg visste ikkje kva eg skulle gjere med det. Men no har eg lært at kjenslene arbeider for meg. Eg har mange kjensler eg vil ha ut, og om du er på scenen og om det verkeleg fungerer og du har publikum med det, så er det ein einskap du føler.[15]

Pearl[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Pearl.

Av dei siste offentlege framføringane hennar var to sendingar på The Dick Cavett Show. 3. august 1970 på Cavett snakka Joplin om den komande konserten hennar på Festival for PeaceShea Stadium i Queens i New York, den 6. august 1970.

Den siste konserten til Joplin med Full Tilt Boogie Band fann stad den 12. august 1970, på Harvard Stadium i Boston. Ho fekk positiv kritikk på framsida av The Harvard Crimson trass i at Full Tilt Boogie spelte med lånte forsterkarar etter at det vanlege utstyret deira vart stolen i Boston.[6]

I september 1970 byrja Joplin og bandet hennar å spele inn eit nytt album i Los Angeles med produsent Paul A. Rothchild, som hadde produsert The Doors. Sjølv om Joplin døydde før alle songane var ferdige, var det framleis nok materiale for eit album. «Mercedes Benz» vart teken med trass i at det var det første opptaksforsøket og songen «Buried Alive In The Blues», som Joplin skulle legge vokal til dagen då ho vart funnen død, vart nytta som ein instrumental.

Resultatet vart gjeven ut posthumt som Pearl (1971). Det vart det mestseljande albumet i karrieren hennar[20] og inneheldt den største hitsingelen hennar, ein coverversjon av Kris Kristofferson sin «Me and Bobby McGee». Kristofferson hadde vore kjæraste med Joplin kort tid før ho døydde.[21] Med var òg a cappella-songen «Mercedes Benz», skriven av Joplin, ein nær ven og låtskrivaren Bob Neuwirth og beatpoeten Michael McClure. I 2003 vart Pearl rangert på 122. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.

Under innspelinga av Pearl vart Joplin kjæraste med Seth Morgel, ein 21 år gammal Berkeley-student, kokaindealer og framtidig forfattar;[2][8][5]. Dei sjekka inn på Landmark Motel i Los Angeles for å spele inn Pearl.[2][8][6] Ho og Morgel forlova seg tidleg i september[4] og Joplin sette i gang med å spele inn songane for det nye albumet sitt.

Død[endre | endre wikiteksten]

Bluse brukt av Joplin i fotografi som skulle brukast til å promotera ein turné i 1971. Turnéen fann aldri stad ettersom ho døydde i oktober 1970.

Den siste innspelinga Joplin gjorde ferdig var «Mercedes Benz» og bursdagshelsinga hennar for John Lennon («Happy Trails», skriven av Dale Evans) den 1. oktober 1970. Lennon, som hadde bursdag den 9. oktober, fortalte seinare Dick Cavett at lydbandet med gratulasjonen kom heim til han etter ho var død.[22] Den 3. oktober vitja Joplin Sunset Sound Recorders[8] i Los Angeles for å lytte til instrumentalsporet for Nick Gravenites-songen «Buried Alive in the Blues» før ho skulle legge vokal på songen, dagen etter.[15] Då ho ikkje møtte opp i studioet utpå søndag ettermiddag, vart produsent Paul A. Rothchild uroleg. Turnemanagaren til Full Tilt Boogie, John Cooke, køyrte til Landmark Motor Hotel (sidan kalla Highland Gardens Hotel) der Joplin hadde budd sidan 24. august.[23] Han såg at den psykedelisk måla Porschen til Joplin framleis stod på parkeringsplassen. Då han kom inn på rommet låg ho død på golvet. Den offisielle dødsårsaka var overdose av heroin, kanskje i kombinasjon med alkohol.[6][24] Cooke trur at Joplin hadde fått heroin som var mykje kraftigare enn vanleg ved eit uhell, sidan fleire kundar av same langar døydde same veke.[25]

Joplin vart kremert i Pierce Brothers Westwood Village Mortuary i Los Angeles og oska hennar vart spreidd frå eit fly over Stillehavet langs Stinson Beach. Den einaste minnetenesta var ein privat affære hos Pierce Brothers med foreldra hennar og ei tante.[26]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Joplin sin Porsche 356 i «Summer of Love – Art of the Psychedelic Era» (Whitney Museum i New York)

Dødsfallet til Joplin i oktober 1970 sjokkerte tilhengjarane og musikkverda. Dødsfallet hennar kom i tillegg til at eit anna rockeikon, Jimi Hendrix, hadde døydd i september same år. Som han døydde ho 27 år gammal, og blei slik med i fenomenet rockehistorikarane har kalla 27 Club.

Musikkritikaren Tom Moon skreiv at Joplin hadde «ei øydeleggjande original stemme». Jon Pareles i New York Times skreiv at Joplin som artist var «uimotståeleg og djupt sårbar». Forfattar Megan Terry hevda at Joplin var den kvinnelege versjonen av Elvis Presley i måten ho klarte å fange publikum på.[27]

Joplins store suksess som ein pioner ein mannsdominert rockeindustri seint i 1960-åra var eineståande. Joplin, i lag med Grace Slick frå Jefferson Airplane, opna mogelegheiter for framtidige kvinnelege songarar i rockeindustrien. Stevie Nicks kommenterte at etter ho hadde sett Joplin spele, «eg visste at litt av lagnaden min vart endra. Eg ville leite etter sambandet som eg hadde sett mellom Janis og publikummet hennar. På ein augneblink endra ho livet mitt».[28]

Leonard Cohen sin song frå 1974, «Chelsea Hotel #2», handlar om Joplin.[29] Tekstforfattaren Robert Hunter har sagt at Jerry Garcia-songen «Birdsong» frå det første soloalbumet hans, Garcia, handlar om Joplin og at lidinga hennar var over då ho døydde.[30][31]

Filmen The Rose frå 1979 var laust basert på livet til Joplin. Opphavleg kalla Pearl, etter kallenamnet til Joplin og tittelen på det siste albumet hennar, vart han gjort om setter at familien ikkje ville gje bort rettane til historia hennar.[32][33] Bette Midler vart nominert til Oscarprisen for beste kvinnelege skodespelar for rolla. .

Joplin vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1995 og fekk æresprisen til Grammy i 2005. Rolling Stone rangerte Joplin på 46. plass på lista deira over dei 100 største artistane gjennom tidene i 2004,[34] og på 28. plass i 2008 på lista deira over dei 100 største songarane gjennom tidene.[35]

Seint i 1990-åra vart musikalen Love, Janis skapt med innspel frå den yngre systera til Janis, Laura, og Big Brother-gitaristen Sam Andrew, med mål om å lansera han «Off Broadway». Musikalen opna sommaren 2001, og gjekk eit par veker og fekk god kritikk. I 2009 vart Janis,[36] eit einmannshow av Nicola Haydn, sett opp i Edinburgh. Det tok for seg den siste timen i livet til Joplin.[37]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Big Brother and the Holding Company
Tittel Dato Selskap Merknad
Big Brother and the Holding Company 1967 Mainstream Records
Big Brother and the Holding Company 1967? Columbia Inneheld to ekstra spor.
Cheap Thrills 1968 Columbia Dobbel platinaplate
Live at Winterland '68 1998 Columbia Legacy ASIN: B000007TSP
Kozmic Blues Band
Tittel Dato Selskap Merknad
I Got Dem Ol' Kozmic Blues Again Mama! 1969 Columbia Platinaplate RIAA
Full Tilt Boogie
Tittel Dato Selskap Merknad
Pearl 1971 Columbia posthumt, 4x platina
Big Brother & the Holding Company / Full Tilt Boogie
Tittel Dato Selskap Merknad
In Concert 1972 Legacy CK65786 ASIN: B0000024Y7
Seinare samlingar
Tittel Dato Selskap Merknad
Janis Joplin's Greatest Hits 1973 Columbia ASIN B00000K2W1, 7x Multi-Platinum RIAA
Janis 1975 CBS 2 discs, Gold RIAA
Anthology 1980 2 discs
Farewell Song 1983 Columbia Records ASIN: B000W44S8E
Cheaper Thrills 1984 Fan Club ASIN: B000LYA9X8
Janis 1993 Columbia Legacy 3 discs – ASIN: B00000286P
18 Essential Songs 1995 Columbia Legacy ASIN: B000002B1A, Gold RIAA
The Collection 1995 3 Discs ASIN: B000BM6ATW
Live at Woodstock: August 19, 1969 1999
Box of Pearls 1999 Sony Legacy 5 Discs – ASIN: B0009YNSK6
Super Hits 2000 Sony ASIN: B00004T1E6
Love, Janis 2001 Sony ASIN: B00005EBIN
Essential Janis Joplin 2003 Sony ASIN: B00007MB6Y
Very Best of Janis Joplin 2007 Import ASIN: B000026A35
The Woodstock Experience 2009 Legacy Recordings

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hartman 2008, s. 211-212
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 2,10 2,11 2,12 2,13 2,14 2,15 2,16 2,17 Echols, Alice (2000-02-15). Scars of Sweet Paradise: The Life and Times of Janis Joplin. Henry Holt and Company. ISBN 0805053948. Hartman 2008, s. 209
  3. Berkowitz 2008, Lee 1991
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 Jacobson, Laurie (October 1984). Hollywood Heartbreak: The Tragic and Mysterious Deaths of Hollywood's Most Remarkable Legends. Simon & Schuster. ISBN 067149998X. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 Caserta, Peggy (October 1980). Going Down With Janis. Dell Publishing. ISBN 0440131944. 
  6. 6,00 6,01 6,02 6,03 6,04 6,05 6,06 6,07 6,08 6,09 6,10 Friedman, Myra (1992-09-15). Buried Alive: The Biography of Janis Joplin. Crown Publishing Group. ISBN 0517586509. 
  7. Flippo 1970
  8. 8,00 8,01 8,02 8,03 8,04 8,05 8,06 8,07 8,08 8,09 8,10 8,11 8,12 8,13 8,14 8,15 8,16 8,17 Amburn, Ellis (October 1992). Pearl: The Obsessions and Passions of Janis Joplin : A Biography. Time Warner. ISBN 0446516406. 
  9. 9,0 9,1 9,2 Hartman 2008, s. 209
  10. Hendrickson, Paul (1998-05-05). «Janis Joplin: A Cry Cutting Through Time». Washington Post. http://www.washingtonpost.com/wp-srv/style/features/joplin.htm. Henta 2008-05-12. 
  11. Hendrickson 1998
  12. Paytress, Mark (March 1994). «Janis Joplin. Mark Paytress assesses Columbia's three-CD 'Janis' retrospective». Record Collector 175: 140–141. 
  13. «Janis Joplin». wolfgangsvault.com. http://www.wolfgangsvault.com/janis-joplin/. Henta 7. februar 2011. 
  14. «Janis Joplin: Rock and Blues Legend». majorlycool.com. http://www.majorlycool.com/item/janis. Henta 7. februar 2011. 
  15. 15,00 15,01 15,02 15,03 15,04 15,05 15,06 15,07 15,08 15,09 15,10 15,11 Daltn, David (1991-08-21). Piece Of My Heart. Da Capo Press. ISBN 0306804468. 
  16. Bromley, David G.; Shinn, Larry D. (1989). Krishna consciousness in the West. Bucknell University Press. s. 106. ISBN 9780838751442. 
  17. Chryssides, George D.; Wilkins, Margaret Z. (2006). A reader in new religious movements. Continuum International Publishing Group. s. 213. ISBN 9780826461681. 
  18. Joplin, Laura (1992). Love, Janis. Villard Books. s. 182. ISBN 9780679416050. 
  19. «Big Brother in Concert». bbhc.com. http://www.bbhc.com/bbbase.html. Henta 7. februar 2011. 
  20. 20,0 20,1 20,2 20,3 Rosen, Craig (May 1996). The Billboard Book of Number One Albums: The Inside Story Behind Pop Music's Blockbuster Records. Billboard. ISBN 0823075869. 
  21. Anthony DeCurtis, Rolling Stone, 30 September 1999
  22. Miller, Danny (2007-01-19). «Happy Birthday, Janis Joplin». Huffington Post. http://www.huffingtonpost.com/danny-miller/happy-birthday-janis-jop_b_39055.html. Henta 7. februar 2011. 
  23. Los Angeles Herald Examiner 5. oktober 1970, framsida.
  24. Richardson, Derk (April/May 1986), «Books in Brief», Mother Jones 
  25. Cooke, John Byrne. Janis Joplin; A Performance Diary 1966-1970. Acid Test. s. 126. ISBN 1-888358-11-4. 
  26. Joplin, Laura (2005-08-16). Love, Janis. HarperCollins. ISBN 0060755229. 
  27. «"Joplin's Shooting Star" 1966-1970». http://www.pophistorydig.com/?tag=janis-joplins-death. Henta 7. februar 2011. 
  28. "Reflections." JanisJoplin.net. Henta 7. februar 2011; «"Joplin's Shooting Star" 1966-1970». http://www.pophistorydig.com/?tag=janis-joplins-death. Henta 7. februar 2011. 
  29. Leonard Cohen on BBC Radio, webheights.net, http://www.webheights.net/speakingcohen/bbctrans.htm 
  30. AllMusic.com
  31. Box of Rain: Lyrics 1965-1993 by Robert Hunter, Penguin Books, 1993
  32. Elan, Priya. "Is the Janis Joplin biopic finally going to be filmed? Don't hold your breath", The Guardian, August 7, 2010. WebCitation archive.
  33. Maltin, Leonard (2002-09-24). Leonard Maltin's 2003 Movie And Video Guide. Plume. ISBN 0452283299. 
  34. «100 Greatest Artists of All Time». Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/music/lists/5702/31963/32257. Henta 6. februar 2011. 
  35. «100 Greatest Singers of All Time». Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/music/lists/6027/32782/33169. Henta 6. februar 2011. 
  36. Janis, the play, http://www.janistheplay.co.uk, henta 7. februar 2011 
  37. Janis, Stage Edinburgh Productions, http://ed.thestage.co.uk/productions/2087, henta 7. februar 2011 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Janis Joplin
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Janis Joplin