Bolsjoj Jenisej
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Bolsjoj Jenisej | ||
| Munning | Øvre Jenisej | |
| Land i nedslagsfelt | ||
| Lengd | 605 km | |
| Nedslagsfelt | 56 800 km² | |
Bolsjoj Jenisej eller Bij-Khem (russisk Большо́й Енисе́й («Store Jenisej») eller Бий-Хем ) er ei elv i republikken Tyva i Russland og ei av kjeldeelvane til Jenisej frå høgre. Elva er 605 km lang og har eit nedslagsfelt på 56 800 km².
Elva spring ut frå eit lite fjellvatn kalla Kara-Balik. Ho tar imot mange sideelvar i områda som grensar til Burjatia, Irkutsk oblast og Krasnojarsk kraj. Ved byen Kyzyl renn Bolsjoj Jenisej saman med Malyj Jenisej og dannar Øvre Jenisej, som er starten på Jenisej.
Den øvre delen av elva renn gjennom eit tilnærma urørt landskap, som berre er tilgjengeleg via lufttransport eller til fots. Her ligg ni utdøydde vulkanar som har skapt mange geologiske formasjonar.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Большой Енисей» frå Wikipedia på russisk, den 2. november 2008.