Irkutsk oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Irkutskaja oblast
   
Irkutsk oblast sitt flagg
Irkutsk oblast sitt våpen
Irkutskblast sitt flagg Irkutsk oblast sitt våpen
Irkutsk oblast på kartet over Russland
Hovudstad Irkutsk
Areal

- Totalt
- % vatn

Rangering: 5.

767 900 km²
2,9 %

Innbyggjartal

- totalt
- folketettleik

Rangering: 21.

ca. 2 428 700[1] (2010)
ca. 3,16/km²

Føderalt distrikt Sibir
Økonomisk region Aust-Sibir
Regionsnummer 38
Offisielt språk Russisk
Guvernør Sergej Vladimirovitsj Jerosjtsjenko
Nasjonalsong  
Tidssone UTC +0800

Irkutsk oblast, (russisk Иркутская область) er ein provins (oblast) i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Det sjølvstyrte området Ust-Orda Burjatia var ein del av provinsen, men samstundes eit eige føderasjonssubjekt, fram til 1. januar 2008, då det vart innlemma fullstendig i Irkutsk oblast. Hovudstaden er Irkutsk, arealet er 767 900 km² og innbyggjartalet er 2 428 700 (2010).

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Irkutsk oblast ligg i Sibir. I søraust, på grensa til republikken Burjatia, ligg Bajkalsjøen. Området er berglendt, med fjelltoppar opp til 3000 meter over havet. Dei største elvane er Angara og Lena. Opp til 75 % av territoriet er skogkledd. Klimaet er kaldt om vinteren og varmt om sommaren, med middeltemperatur - 26 grader celsius i januar, og 18 grader celsius i juli. I grunnen i Irkutsk oblast finst det kol, gull, og jarnmalm.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Kultuk ved Bajkalsjøen i Irkutsk oblast

Folketalet i Irkutsk oblast har minka kraftig sidan oppløysinga av Sovjetunionen. Frå 1989 til 2006 gjekk det ned med 9,9 %. Den etniske samansetjinga i 2010 var:[1]

Dei største byane er Irkutsk (587 900 ibuarar), Bratsk (246 300) og Angarsk (233 600).[1]

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Ved valet til lovgjevande forsamling i Irkutsk oblast i oktober 2004 var dei største partia:

Historie[endre | endre wikiteksten]

For tusen år sida var området folkesett av tyrkiske folkeslag. På 1200-talet vart området del av det mongolske verdsriket. Burjatane var det viktigaste folkeslaget som budde i området då russarane begynte å koma hit på 1500-talet. I løpet av 1600-talet vart området underlagt det russiske imperiet. Byen Irkutsk vart grunnlagd som fort i 1661 og fekk bystatus i 1686. I 1764 vart provinsen Irkutsk oppretta. Han omfatta då alt russisk område mellom elva Jenisej og Stillehavet. Frå 1803 heldt generalguvernøren over Sibir til i Irkutsk.

Under den russiske revolusjonen vart Sovjet-styret oppretta i byen Irkutsk i desember 1917, men sommaren 1918 vart området erobra av kontrarevolusjonære styrkar (kvitegardistar). I januar 1920 gjenerobra den raude arméen byen Irkutsk. I 1937 vart Irkutsk oblast oppretta, med Ust-Ordynsk-burjat-mongolske nasjonale distrikt som ein del av provinsen. Då Sovjetunionen vart oppløyst i 1991 vart Irkutsk oblast eit føderasjonssubjekt. 16. april 2006 vart det heldt folkerøysting om å slå Ust-Orda Burjatia saman med Irkutsk oblast. Dette fekk fleirtal og frå 1. januar 2008 har Ust-Orda Burjatia vore ein del av Irkutsk oblast.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Irkutsk oblast
  1. 1,0 1,1 1,2 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010