Boscoreale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Park i Boscoreale

Boscoreale er ein by og ein kommune i provinsen Napoli i regionen Campania i Italia. Kommunen, som ligg på sørskråninga av Vesuv, har vel 28 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 11,3 km². Næringslivet i kommunen omfattar både frukt- og vingardar, samt for produksjon av lavastein.

Staden ligg ein kilometer nord for Pompeii, og vart til liks med denne og Herculaneum og Stabiae dekt av oske under vulkanutbrotet i år 77. Frå slutten av 1800-talet vart det romerske Boscoreale grave fram, der ein gjorde store myntfunn i 1895 og avdekte fleire rikt freskodekorerte villaer som hadde vore i eiga til det høgste romerske aristokratiet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]