Drina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Drina
Drina nær Bajina Bašta i Serbia
Drina nær Bajina Bašta i Serbia
Utspring Bosnia-Hercegovina, mellom fjellsidene i fjella Maglić og Pivska planina
Munning Sava, på den serbisk-bosniske grensa mellom Crna Bara og Bosanska Rača
Land i nedslagsfelt Bosnia-Hercegovina, Serbia, Montenegro
Lengd 346 km
Middelvassføring frå 125 m³/s ved munningen av Ćehotina til 370 m³/s ved munningen i Drina.
Nedslagsfelt 19 570 km²

Drina (kyrillisk: Дрина) er ei elv på Balkan, og ei av dei høgre sideelevene til Sava. Med ei lengd på 346 km dannar ho mellom anna grensa mellom Bosnia-Hercegovina og Serbia. Namnet kjem frå det latinske namnet på elva, Drinus.

Lengd og skipsfart[endre | endre wikiteksten]

Drina har sitt utspring i Dei dinariske Alpane der elvene Tara og Piva renn i hop. Begge desse har sitt utspring i Montenegro og renn i hop på grensa mellom regionane Bosnia og Hercegovina, ved landsbyen Šćepan Polje. Drina renn hovudsakleg nordover (206 km dannar grensa mellom Bosnia-Hercegovina og Serbia) før ho munnar ut i elva Sava nær landsbyen Crna Bara nordvest i Serbia. Målt frå kjelda til Tara er Drina 487 km lang.

Det er ikkje mogeleg med skipsfart på elva, men i lag med Tara er elva populær for kajakkpadling og rafting.

Elveleie[endre | endre wikiteksten]

Kart som viser elva Drina innanfor nedslagsfeltet til Sava.

Drina har sitt utspring mellom fjella Maglić og Pivska planina, og mellom landsbyane Šćepan Polje (i Montenegro) og Hum (i Bosnia-Hercegovina). I starten renn elva vestover, men snur gradvis nordaustover, rundt fjellet Maluša. Frå her har Drina grave ut fleire gjel og tronge dalar, den lengste er Suhi Dol-Biserovina på 45 km mellom fjella Jahorina i nord og Kovač i sør. Her ligg mellom anna den mindre byen Goražde. Drina held fram nordaustover mellom fjella Vučevica og Devetak og går inn i eit nytt gjel der elva er på sitt smalaste (berre 12 meter brei) og djupaste (12 meter djup). Her får ho mellom anna elva Lim frå høgre. I denne dalen er det bygd ein kunstig innsjø, Višegrad, danna for å nyttast av vasskraftverket med same namn. Ved landsbyen Višegrad mottar Drina sideelva Rzav frå høgre og snur nordvestover ved fjellet Suva Gora og inn i Klotijevac-dalen, som er 38 kilometer lang og opp til 1 kilometer djup mellom fjella Bokšanica (i vest) og Zvijezda (i aust). Ved landsbyen Slap møter Drina elva Žepa og snur brått mot høgre og vestover. Her dannar ho grensa mellom Bosnia-Hercegovina og Serbia.

Drina renn vidare mellom fjella Zvijezda og Sušica og inn i den kunstige innsjøen Perućac på nordsida av fjellet Tara ved byen Bajina Bašta. Frå her renn elva nordaustover forbi fjella Bukovica, Majevica og Gučevo og gjennom Podrinje-regionen til byen Loznica. Elva renn så ut på dei sørlege områda av Den pannoniske sletta, og delar seg opp i fleire armar og dannar det største flodområdet i det tidlegare Jugoslavia. Til slutt munnar elva ut i Sava.

Drina er ei rask elv med kald og grønaktig vatn på grunn av kalksteinen som utgjer store delar av området ho renn gjennom. I snitt er ho 3 til 5 meter djup, men på det djupaste opp til 12 meter. Ho er mellom 50-60 meter brei, men varierer frå 12 meter i dei trongaste dalane til opp mot 200 meter ved Bajina Bašta og Ljubovija. Nedslagsfeltet er 19 570 kvadratkilometer og dekkjer Bosnia-Herzegovina, Serbia, Montenegro, og Albania. Drina er ein del av tilsigsområdet til Svartehavet.

Før elva vart regulert av fleire vasskraftverk, brukte Drina å skape flaum i dalane ho rann gjennom. Den mest alvorlege av desse skjedde i 1896, då byen Ljubovija var øydelagd.

Drina i serbisk kultur[endre | endre wikiteksten]

Sidan Drina er svært buktande, særleg den lågare delen av ho, vert ho stundom kalla kriva Drina («bøygd Drina»). Dette har vorte ein del av eit uttrykk i det serbiske språlet brukt om nokon som vil løyse ein vanskeleg situasjon. Då kan ein sei at personen ynskjer å «rette opp den bøygde Drina».

Under Den første verdskrigen, frå 8. september til 16. september 1914, var Drina ei slagmark for eit blodig slag mellom den serbiske og austerriks-ungarske hæren, Slaget om Cer. For å heidre dette slage komponerte den serbiske komponisten Stanislav Binički (1872-1942) March on the Drina, og i 1964 kom det ein film med same namn av regissør Žika Mitrović. Filmen vart ein periode bannlyst av den kommunistiske regjeringa, sidan den viste dei blodige kampane på ein lite heltmodig måte, og fordi marsjen (som òg var bannlyst på den tida) var ein del av filmmusikken. Det slovenske bandet Laibach gjorde ein versjon av songen kalla Mars on the River Drina på albumet deira NATO frå 1994 under Jugoslavia-krigane.

Størst kulturell innverknad har likevel elva hatt på romanen «Na Drini ćuprija» (Brua over Drina) av Ivo Andrić som vann nobelprisen i litteratur. Boka handlar om bygginga av ei bru nær Višegrad av ottomanarane på 1500-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]