Bothwell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bothwell

Bothwell Castle
Bothwell Castle
Plassering
Bothwell is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of Scotland.svg Skottland
Region South Lanarkshire
Tradisjonelt grevskap Lanarkshire
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

6 379
Koordinatar 55°48′″N 4°4′″WKoordinatar: 55°48′″N 4°4′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer G71
Telefon-retningsnummer 0 1698
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bothwell

Bothwell er ein liten by i regionen South Lanarkshire i Skottland. Han har kring 6500 innbyggjarar og ligg på nordsida av Clyde, rett aust-sør-austom Glasgow. Byen er hovudsakleg eit bustadområde.

Koret i den gamle gotiske kyrkja frå 1398 (restaurert på slutten av 1800-talet) er frå den gamle soknekyrkja.

Poeten Joanna Baillie (1762-1851) vart født her og det finst eit minnesmerke etter henne.

Rojalistane under James Scott, 1. hertug av Monmouth, og dei radikale presbyterianske opprørarane møttest i slaget ved Bothwell Bridge, der opprørarane tapte 500 menn og fekk bortimot 1000 teke til fange. Tilstøytande til brua, på den nordaustlege sida står festninga som høyrde til James Hamilton av Bothwellhaugh (1566-1580), attentatmannen på regenten James Stuart, 1. jarl av Moray, og rett ved ei romersk bru som spenner over South Coulder.

Ruinane av Bothwell Castle vart opphavleg ått av Andrew de Moray som fall i slaget ved Stirling Bridge i 1297, og eigarskapen gjekk via ekteskap til huset Douglas. Jarldømet vart i 1487 gjeve til Patrick Hepburn, 1. jarl av Bothwell, 3. lord Hailes, 1. jarl av Bothwell, men vart abdisert i 1491 til fordel for Archibald Douglas, 5. jarl av Angus, kjent som «Bell-the-cat» (heng-bjølle-på-katten). Eit nærliggande herskapshus vart bygd av Archibald Douglas, 1. jarl av Forfar (1653-1712) og var kjent som «Det nye Bothwell Castle», men fekk skadar av søkkande grunn og vart riven i 1926.

I 2005 har Bothwell to skular, Bothwell Prmary School og St. Bride’s School, omfram ein bowlingklubb og ein pleieheim. Det finst fleire små butikkar og forretningar langs gata Main Street.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]