Brackley Beach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Brackley Beach, tidlegare Brackley Point, er eit lite kanadisk landbrukssamfunn som ligg sentralt på nordkysten av Prince Edward Island, om lag 10 km nord for tettstaden Brackley, som har gitt staden namn.

Brackley Beach grenser til Prince Edward Island nasjonalpark i nord. Her finst det ei rekkje ulike kyst-, våtmarks- og skoghhabitat som hyser mange ulike plantar og dyr.

Brackley Beach-området vart ein popuært feriestad på slutten av 1800-talet, og kyststripa vart ein del av nasjonalparken som vart oppretta i 1937. Aktivitetar inkluderer havfiske, sykling, kano- og kajakkleige, riding, camping. Staden har restaurantar og mjølkebarar i tillegg til den einaste drive-in-kinoen på Prince Edward Island.

Koordinatar: 46°25′52″N 63°12′58″W

Kjelder[endre | endre wikiteksten]