Prince Edward Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Denne artikkelen handlar om øya og provinsen i Canada. For øya i det sørlege Indiahavet, sjå Prince Edwardøyane.
Prince Edward Island
Geografisk plassering

Provins i Canada

Hovudstad Charlottetown
Flatevidd

 - Rangering i Canada

5 660 km²

13.

Folketal (2008 est.)

 - Rangering i Canada
 - Folketettleik

139 089

10.
24,6/km²

Grunnlagd 1. juli 1873
Offisielle språk engelsk
Premierminister
Visekonge
Robert Ghiz
Barbara Oliver Hagerman
Nettstad www.gov.pe.ca
Flagg
Flagg

Prince Edward Island (fransk Île-du-Prince-Édouard; skotsk gælisk Eilean a’ Phrionns eller Eilean Eòin; míkmaq Apekweit eller Epikwetk) er ei øy og ein provins i Canada. Provinsen er den minste i landet, både i folketal og flatevidd. Samstundes er han den provinsen med størst folketettleik.

Innhaldsliste

Etymologi [endre]

Øya vart gift namn etter Prince Edward, Duke of Kent and Strathearn (1767–1820), den fjerde sonen til King George III og far til dronning Victoria

Geografi [endre]

Prince Edward Island ligg i St. Lawrence-bukta nord for Nova Scotia og aust for New Brunswick.

Klima [endre]

Kysten av Prince Edward Island ved Cavendish

Klimaet på Prince Edward Island er variert. I juli og august er den gjennomsnittlege maksimumstemperaturen on dagen 23 °C. Men temperaturen kan bli over 30 °C i desse månadene. PEI har dei varmaste strendene nord for Carolinas. I vintermånadene januar og februar er den gjennomsnittlege maksimumstemperaturen om dagen -3.3 °C. Øya får i gjennomsnitt 855 mm regn årleg og i gjennomsnitt 285 cm snø pr år.

Vintrane er moderat kalde, med vekslande kald arktisk luft og mildare atlantisk luft noko som kan føre til store og hyppige temperatursvingingar. Frå desember til april har øya vanlegvis mange stormar (som kan gi regn eller snø) og blizzards. Vårtemperaturane er typisk kjølige før havisen har smelta, vanlegvis seint i april eller tidleg i mai. Somrane er moderat varme, man sjeldan ukomfortable med maksimum dagtemperaturar berre nokre gonger så høge som 30 °C. Hausten er ei behageleg årstid ettersom det varmare vatnet i St. Lawrence-bukta utsett tidspunktet for når frosten sett inn, sjølv om stormane blir hyppigare enn om sommaren. Det er rikeleg med nedbør året rundt sjølv om den største nedbøren kjem seint om hausten, tidleg vinter og midt på våren.

Næringsliv [endre]

Den viktigaste næringa i provinsen er landbruk. Spesielt er produksjonen av potet stor. Både matpotet og settepotet blir produsert og eksportert til mange land, mellom dei Noreg.

Historie [endre]

Fransk koloni [endre]

I 1534, Jacques Cartier var den første europear til å sjå øya.[2] Som del av den franke kolonien av Acadia, vart øya kalla "Île Saint-Jean".

Språk [endre]

Morsmål på Prince Edward Island (raud: Engelsk, blå: Fransk).
Bakkete landscape er typist for win store del av PEI.

The Folketellinga i 2006 synte at folketalet var 135,851. Av dei 133,570 som oppgav morsmål ('mother tongue') var dei mest vanlege språka:

Rang Sprøk Nummer Prosent
1. Engelsk 125,265 93.8%
2. Fransk 5,345 4.0%
3. Nederlansk 865 0.6%
4. Tysk 275 0.2%
5. Spansk 220 0.2%
6. Kinesisk 190 0.1%
7. Arabisk 150 0.1%
8. Ungarsk 120 0.1%
9. Mi'kmaq 90 0.1%
10. Japansk 80 0.1%
11. Polsk 70 0.1%
12. Koreansk 65

I tillegg var det 105 svar som oppgav både engelsk og eit 'non-official language'; 25 både franks og eit 'non-official language'; 495 både engelsk og fransk; 10 engelsk, fransk og eit 'non-official language'; og omliag 1,640 aom anten ikkje svarte på spørsmålet eller oppgav fleire non-official languages, eller gav eit anna ikkje-tydeleg svar. (Tala som er synt er tala på for dei som hat oppgott eit språk og prosentane for desse.)[3]

Religion [endre]

Tradisjonelt har befolkninga vore likt delt mellom katolikkar og protestantar. I folketellinga i 2001 oppgav 63,240 (47%) at dei høyrde til den romersk katolske kyrkja og 57,805 (43%) oppgav at dei høyrde til ulike protestantiske kyrkjesamfunn. Dette inkluderer United Church of Canada med 26,570 (20%); Presbyterian Church med 7,885 (6%) og Anglican Church of Canada med 6,525 (5%). 8,705 (6.5%) oppgav ingen religion og dette gjorde PEI til mellom dei lågaste provinsane i Canada.[4]

Bakgrunnsstoff [endre]

Referansar [endre]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.