Falklandsøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Falklandsøyane (Falkland Islands)
Islas Malvinas
øygruppe
flagg
Symbol
Motto: «Desire the right»
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Hovudstad Stanley
Areal 12 173 km²
Folketal 3 140 (2008)
Tidssone -4
Falkland Islands topographic map-nb.svg
Wikimedia Commons: Falkland Islands

Falklandsøyane (engelsk Falkland Islands, spansk Islas Malvinas) er ei øygruppe som er styrd som eit britisk oversjøisk område. Hovudstaden er Stanley med 1750 innbyggjarar.

Ein guvernør styrer øyane på vegne av styresmaktene i Storbritannia. I tillegg til Falklandsøyane, styrer guvernøren òg over øygruppa Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane. Argentina gjer òg krav på området, og innlemmar dei i provinsen Tierra del Fuego, Antártida e Islas del Atlántico Sur.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Falklandsøyane ligg i sør i Atlanterhavet, 483 km utanfor austkysten av Argentina. Dei to hovudøyane er Vest-Falkland og Aust-Falkland. Hovudstaden, Stanley eller Port Stanley, ligg på Aust-Falkland. I tillegg kjem nær 200 mindre øyar. Øyane har ei samla flatevidd på 12 173 km² og 2 967 innbyggjarar (juli 2003).

Det høgaste fjellet i øygruppa er Mount Adam (698 moh.) på Vest-Falkland.

Christchurch Cathedral i Stanley

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1982 invaderte Argentina øyane, noko som utløyste Falklandskrigen. Storbritannia sende ein flåtestyrke og gjenerobra øyane etter harde kampar.

Etter at Storbritania har teke til å interessera seg for å leita etter olje i farvatna rundt øyane, har Falklandsøyane igjen ført til protestar frå Argentina.[1]

Verdt å sjå[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Steffansen, A., Falklandsøyene - et åpent sår for Argentina, NRK.no, 12/2-21012.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.