Sør-Georgia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 54°19′S 36°39′W
Sør-Georgia
South Georgia
øy
none  Kart over Sør-Georgia
Kart over Sør-Georgia
Land Flag of South Georgia and the South Sandwich Islands.svg Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane
Øygruppe Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane
Største busetnad Grytviken
stad Søratlanteren, 1390 km søraust for Falklandsøyane
 - koordinatar 54°19′S 36°39′W
Høgaste punkt Mount Paget
 - høgd 2 934 moh
Areal 3 756 km²
Folketal Ingen fastbuande, To personar bur i Grytviken og styrer museet, Ni personar er tilknytte BAS-stasjonen, Mannskapet på stasjonane aukar til 18 om sommaren,
Øyar 10 øyar og ei rekkje mindre øyar og holmar
Større øyar Sør-Georgia, Albatrossøya, Annenkovøya, Birdøya, Cooperøya, Pickersgilløyane, Prionholmen, Saddleøya, Trinityøya, Willisøyane
King-Edward-Point-Location.JPG

Sør-Georgia (engelsk: South Georgia) er ei øy i Søratlanteren som høyrer til det britiske oversjøiske territoriet Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane. Argentina gjer krav på Sør-Georgia og resten av dei britiske territoria i Søratlanteren. Sør-Georgia har ei flatevidd på 3 756 km² og er 170 km lang og 30 km brei. Det høgaste punktet på øya er Mount Paget på 2 934 moh. I alt elleve fjelltoppar er høgare enn 2 000 moh. 75 % av øya er dekt av snø og is. Det er meir enn 150 isbrear på øya, og Nordenskiöldbreen er den største. Øya har ingen fastbuande, men har forskingspersonell som er tilknytte museumsdrifta og forskingsstasjonane på Birdøya og King Edward Point.

Øya er ein av dei viktigaste hekke- og yngleplassane i Antarktis. Mellom anna ynglar 2,5 millionar pelsselar og 300 000 sørleg elefantselar på øya, og 2,7 millionar par gulltoppingvinar og 400 000 par kongepingvinar hekkar der. Norske kvalfangarar introduserte reinsdyr på øya, og Sør-Georgia er med det den einaste staden i verda der ein kan sjå villrein saman med pingvinar.

Sør-Georgia vart oppdaga av Antoine de la Roché i april 1675; fartyet hans var kome ut av kurs på ein segltur frå Lima i Peru til England. Øya vart på ny sett av spanjolen Gregorio Jerez i 1756. James Cook kom til Sør-Georgia 14. januar 1776 og var den fyrste som gjekk i land på øya.

Den norske kvalfangaren Carl Anton Larsen skipa Grytviken som den fyrste landstasjonen for moderne kvalfangst i Antarktis 16. november 1904. Fleire kvalfangststasjonar vart skipa i dei påfylgjande åra og verksemdene var dominerte av nordmenn. I desember 1965 drog dei siste kvalfangarane øya.

3. april 1982 gjekk argentinske styrkar til åtak på øya og ho vart etter kort tid overgjeven. Den argentinske okkupasjonen vart avslutta 25. april same året.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sør-Georgia ligg sør for den antarktiske konvergensen på mellom 53,58º og 54,53º sørleg breiddegrad og 35,57º og 38,01º vestleg lengdegrad. Den sørlege breiddegraden til Sør-Georgia tilsvarar den nordlege breiddegraden til Kiel, og det er like langt frå Sør-Georgia til Sørpolen som frå Hamburg til Nordpolen. Det er 1 390 km til Falklandsøyane, som ligg i nord-nordvest, 2 150 km til Kapp Horn og 4 800 km til Kapp det gode håp.

Sør-Georgia har med dei små omkringliggjande øyane ei flatevidd på 3 756 km², som er tilnærma like stort som Alta kommune og som utgjer 96 % av arealet til Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane (3 903 km²). Sjølve øya Sør-Georgia har ei flatevidd på 3 528 km². Øya er 170 km lang og frå 2 til 40 km brei. Øya har to fjellkjeder, Allardyce Range og Salvesen Range. Det høgaste fjellet er Mount Paget på 2 934 moh, som vart nådd for fyrste gong i 1964. I alt elleve fjelltoppar er høgare enn 2 000 meter. Fjellkjedene og den bratte sørkysten skjermar nordkysten for vind og lågtrykk som kjem frå Drakesundet i vest og Antarktis i sør.[1] Nokre av øyane og holmane kring Sør-Georgia er Albatrossøya, Annenkovøya, Birdøya, Cooperøya, Pickersgilløyane, Welcome Islands og Willisøyane. I tillegg vert dei avsidesliggjande berga Shag Rocks (med Black Rock) og Clerke Rocks rekna som ein del av øygruppa. Store delar av kyststripa til øya er vanskeleg å kome i land på. Havdjupna rundt Sør-Georiga er på opptil 4 000 meter.[1]

Satellittbilete av Sør-Georgia.

Om sumaren er 75 % av øya er dekt av snø og is,[1] og i sørvest ligg snøen permanent på 200 meter, i nordaust på 400 meter. Om vinteren er heile øya snødekt. Det er i alt meir enn 150 isbrear på øya, og Nordenskjöldbreen er den største av dei. Seks landstasjonar og éi oppankringshamn vart skipa på øya i kvalfangartida, alle på nordaustkysten av øya.

Landstasjonane[endre | endre wikiteksten]

Godthul[endre | endre wikiteksten]

Godthul vart skipa i 1908 av Bryde & Dahls Hvalfangerselskap A/S. Godthul var den einaste staden på Sør-Georgia der ein berre fanga til flytande kokeri. Men det vart bygd ei kai, eit par skur og eit vassverk. Godthul fekk namn etter ei bukt på øya Veierland i Vestfold. Drifta i Godthul vart avvikla i 1929.[2]

Grytviken[endre | endre wikiteksten]

Grytviken med kvalbåtane «Dias» og «Albatross» halvt nedsøkkte ved kaia.
Foto: Hannes Grobe
Den gamle styrarbustaden i Grytviken vert i dag brukt som museumsbygning.

Grytviken var den fyrste landstasjonen for moderne kvalfangst i Antarktis. Carl Anton Larsen ankra opp i Cumberland Bay 16. november 1904 og byrja å reise ein landstasjon for kvalfangst. Kapital var skaffa til vegar i Argentina via selskapet Compañía Argentina de Pesca. Julekvelden same år starta produksjonen. Den formelle lisensen for kvalfangstdrift vart tildelt 1. januar 1906. Grytviken var i over 50 år ein base for industriell kvalfangst. Compañía Argentina de Pesca dreiv Grytviken fram til 1960, då staden vart seld til Albion Star South Georgia. Kvalfangsten vart stadig meir effektiv, med den fylgja at førekomsten av kval gjekk kraftig attende. Albion Star la ned verksemda si i Grytviken i 1962 og leigde ut staden til japanske Kokusai Gyogyo Kabushike frå 1963 til 1965. Grytviken vart fråflytt den 4. desember 1965, etter å ha vore i ubroten drift sidan 1904, med unnatak av sesongen 1962–1963[3]. I 1979 vart Grytviken seld til det skotske selskapet Chr. Salvesen & Co. I 1992 vart staden overdregen til britiske styresmakter.

Styrarbustaden i Grytviken vart i 1992 omgjord til eit kvalfangstmuseum, men vart seinare utvida til å dekkje fleire område, slik som oppdaginga av øya, naturhistorie, Falklandskrigen og Ernest Schakleton. Det meste av Grytviken vart i 2003 jamna med jorda. Flenseplanet vart høvla vekk. Den samanrasa kinoen, biblioteket, vaskeriet og brakkene, medrekna det eldste bygget på øya, Russebrakka, vart rivne. 15 informasjonsskilt er sette opp for å forklåre kva ein ser og kva som ein gong var. Fleire av bygga på dei ulike landstasjonane er avsperra grunna helsefarlege nivå av asbest. Det ligg i dag ein forskingsstasjon som er driven av British Antarctic Survey éin km frå Grytviken på King Edward Point (norsk: Sauodden).

Husvik[endre | endre wikiteksten]

Husvik vart skipa 24. desember 1907 av A/S Tønsbergs Hvalfangeri. Verksemda i Husvik vart nedlagd i 1931. I dei 24 åra det var drift i Husvik, vart 16 200 kvalar fanga og 900 000 fat kvalolje og 380 000 sekker guano produserte.[3]

I 1945 vart fangsten til Husvik teken opp att, og med skipinga av eit stort kjøtfryseanlegg i 1957, starta den fyrste norske kjøtproduksjonen i Antarktis. Kjøtproduksjonen vart kortvarig og i 1960 tok Albion Star over staden. Stasjonen vart delvis demontert og kjøtfryseanlegget flytt til Grytviken.[3] I 1979 vart Husvik selt til det skotske selskapet Chr. Salvesen & Co. I 1992 vart det overdrege til britiske styresmakter.

Husvik har namnet sitt etter Husvik i Slagen i Vestfold, der den fyrste styraren, Søren Berntsen, kom frå.

Leith Harbour[endre | endre wikiteksten]

Leith Harbour. Bilete frå 15. november 2007.

Leith Harbour vart skipa av Christian Salvesen & Co 13. september 1909. Leith Harbour var, saman med Grytviken, den einaste landstasjonen som overlevde den store depresjonen som starta i 1929 og varte gjennom 1930-åra.[3] Kvalfangstverksemda i Leith Harbour var i drift fram til 1965, med unnatak av åra 1932–1933, 1940–1941 og 1942–1945.[4] Selskapet bak Leith Harbour kjøpte etter kvart opp alle dei andre verka på øya.[3]

Christian Salvesen & Co åtte Leith Harbour fram til overdraginga til den britiske staten i 1992.

Ocean Harbour[endre | endre wikiteksten]

I New Fortuna Bay vart Ocean Harbour skipa av Hvalfangstselskapet Ocean A/S fra Larvik etter initiativ frå Lauritz E. Larsen, som var den fem år eldre broren til Carl Anton Larsen. Han hadde arbeidd som understyrar i Grytviken, og fekk lisens for å skipe ein landstasjon i New Fortuna Bay frå 1. oktober 1909.[3] Lisensen var gyldig frå 10. oktober 1909 til 1920, då stasjonen vart slått saman med Strømnes.[5] Ocean Harbour vart overdregen til britiske styresmakter i 1924.

Prince Olav Harbour[endre | endre wikiteksten]

Prince Olav Harbour vart etablert av det sørafrikanske selskapet Southern Whaling & Sealing Co i 1911. Prince Olav Harbour ligg i ei bukt ved innsiglinga til Possession Bay, og var den nordlegaste landstasjonen på øya. Området der Prince Olav Harbour ligg, vart i 1907 vurdert av Tønsbergs Hvalfangeri, men dei valde i staden å skipe ein stasjon i Strømnesfjorden, sidan staden var for vêrhard. Fram til 1919 var Prince Olav Harbour hamn for flytande kokeri, og fyrst i 1919 var landstasjonen ferdigbygd. Same året vart staden seld til Unilever. Unilever selde staden vidare til Christian Salvesen & Co i 1934. Kvalfangsstasjonen var i drift fram til 1931 og han vart overdregen til britiske styresmakter i 1935. Men Christian Salvesen & Co fekk flytt hus og utstyr til Leith og Strømnes.[6]

Nordmannen Einar Abrahamsen var einaste styrar i Prince Olav Harbour frå oppstarten i 1920 til nedlegginga i 1934.

Strømnes[endre | endre wikiteksten]

Strømnesfjorden

Strømnes vart skipa av Sandefjords Hvalfangerselskab i 1906 i Strømnesfjorden. I dei fyrste åra var det berre flytande kokeri på grunn av manglande leigerettar for landfast verksemd. I 1908 starta bygginga av anlegg på land, og Strømnes var ferdig utbygd i 1914–1915.[3]

Det var til Strømnes Ernest Shackleton og mannskapet hans på fem tok seg fram til i mai 1916, 16 månader etter at polarskipet «Endurance» hadde gått ned. Dei hadde sigla frå Elefantøya, som ligg 1 300 km lenger sør, i ein seks meter lang livbåt. Dei kom fram til King Haakon Bay på den andre sida av Sør-Georgia 8. mai. 36 timar seinare nådde dei Strømnes. Dagen etter drog dei tilbake til Elefantøya for å redde resten av mannskapet.[2]

Kvalfangstverksemda i Strømnes stogga i 1931, og stasjonen vart etter det brukt som reperasjonsbase for kvalfangstbåtane fram til 1961.[2]

Biologi[endre | endre wikiteksten]

Sør-Georgia har store hekkande fuglepopulasjonar, og mange av desse utgjer ein stor del av verdspopulasjonen. I tillegg finst det fuglar som er endemiske for øya, som sørgeorgiapiplerka og sørgeorgiaspissand. På øya veks det om lag 50 ulike frøplanter, noko som er langt frå den rikdommen arktisk flora kan vise til. I havet rundt øya finst det 20 blekksprutartar og 120 fiskeartar.

Fuglar[endre | endre wikiteksten]

Ein vandrealbatross på Sør-Georgia. Hekkepopulasjonen er på 4 000 par.
Foto: Mila Zinkova
Ein sørkjempepetrell fortærer eit selkadaver på Sør-Georgia.
Foto: Mila Zinkova

På Sør-Georgia er det 30 millionar fuglar som hekkar, fordelt på 31 artar, der 27 av dei er sjøfuglar. Det er observert 81 fugleartar.

Sør-Georgia har om lag halvparten av verdspopulasjonen av gulltoppingvin, gråhovudalbatross, nordkjempepetrell, kvithakepetrell og antarktiskvalfugl, der antarktiskvalfugl-populasjonen på Sør-Georgia er 22 millionar. Det meste av verdspopulasjonen av sørgeorgiaskarv (Phalacrocorax georgianus) lever her. Sørgeorgiapiplerka er endemisk for øya og finst berre i rottefrie område. Populasjonen er på 3 000-4 000. Sørgeorgiaspissand er ein underart av spisshaleand, og er også endemisk for øya. Populasjonen er på berre 1 000.[7]

Hekkepopulasjonen til den største sjøfuglen i verda, vandrealbatrossen, er på 4 000 par og utgjer 15 % av verdspopulasjonen. Gråhodealbatrossens hekkebestand på øya er 80 000 par og utgjer 46 % av verdspopulasjonen. I tillegg hekkar gråalbatross (5 000–8 000 par) og svartbrynalbatross (100 000 par) på øya.[7]

Snøpetrellen held til i fjella på Sør-Georgia på over 1 000 meters høgd. Nord- og sørkjempepetrellane held til rundt dei store sel- og pingvinkoloniane og livnærer seg på daude dyr. Kjempepetrellane tel høvesvis 3 000 og 5 000 par.

Dei ti største populasjonane av hekkefuglar på øya er:

Norsk namn Vitskapleg namn Tal par
Antarktiskvalfugl Pachyptila desolata 22 000 000
Smalnebbdukkpetrell Pelecanoides urinatrix 3 000 000
Gulltoppingvin Eudyptes chrysolophus 2 700 000
Kvithakepetrell Procellaria aequinoctialis 2 000 000
Wilsonstormsvale Oceanites oceanicus 600 000
Kongepingvin Aptenodytes patagonicus 400 000
Bøylepingvin Pygoscelis papua 105 000
Svartbrynalbatross Thalassarche melanophris 100 000
Gråhovudalbatross Thalassarche chrysostoma 80 000
Blåpetrell Halobaena caerulea 70 000

Pingvinar[endre | endre wikiteksten]

Kongepingvinkolonien på Salisbury Plain på nordsida av øya.
400 000 kongepingvinpar hekkar på Sør-Georgia, og i oktober kvart år kjem halvparten av dei 600 000 sørlege sjøelefantane i verda til øya for å yngle. Mal:Mini

På Sør-Georgia hekkar det 400 000 kongepingvinpar, og øya er den viktigaste hekkeplassen for arten i verda. Den største kolonien er på 39 000 par og kolonien på Salisbury Plain er på 27 000 par. Kongepingvinpopulasjonen har auka med 5 % kvart einaste år dei siste 80 åra.[7]

På Birdøya og i bukta Elsehul hekkar 2,7 millionar gulltoppingvinar. Gulltoppingvinpopulasjonen er redusert med 50 % dei siste 25 åra.[7]

Sør på øya hekkar 105 000 par bøylepingvinar og 6 000 par ringpingvinar.

Selar[endre | endre wikiteksten]

I oktober kvart år kjem halvparten av dei 600 000 sørlege sjøelefantane i verda til øya for å yngle. Sjøelefanten kan verte opptil 6 meter lang og vege 4 000 kg. Sjøelefanten vart utsett for omfattande jakt på grunn av oljen i feittet, og omkring 1870 var det nesten ikkje sjøelefant igjen på øya.[8]

Den antarktiske pelsselen (Arctocephalus gazella) var nær ved å verte utrydda på byrjinga av 1900-talet på grunn av for sterk utnytting, og populasjonen på øya var nede i 100 individ. På 1960-talet auka populasjonen med 16 % i året, og i 1976 hadde han auka til 100 000. Populasjonen er framleis i vekst, og har no passert 2,5 millionar. 95 % av verdspopulasjonen held til på øya. Den største tettleiken av antarktisk pelssel er på Birdøya, der det er ein sel for kvar sjette kvadratmeter, alt i alt 65 000.[9]

Introduserte pattedyr[endre | endre wikiteksten]

Sør-Georgia hadde opphavleg ikkje landbaserte pattedyr, men både i sel- og kvalfangstperioden prøvde ein å introdusere dyr. Nokre dyr vart introduserte som husdyr, medan andre vart sette ut i naturen. Mellom dyra som vart introduserte var hestar, reinsdyr, storfe, sauer, geit, griser, fjørfe, gjæser, kattar, hundar, rev og til og med ein ape. Berre reinsdyra har overlevd, og i tillegg er brunrotte og husmus utilsikta introduserte som ei fylgje av skip som har gått i land på øya.[10]

Dei fyrste ti reinsdyra vart sette ut av Lauritz Larsen på oppdrag frå Carl Anton Larsen. Hovudmålet var å ha naturleg tilgang til kjøt. Dei fyrste ti reinsdyra var tamrein som var kjøpt frå ein bonde i Valdres i 1911 og sette ut ved Ocean Harbour på Barffhalvøya. I 1912 vart det sett ut fem reinsdyr i Leith Harbour, og desse auka etter kort tid til 20, men alle vart tekne av eit snøras på byrjinga av 1920-talet. I 1925 vart det henta sju reinsdyr frå Hardangervidda til Husvik. På det meste var det 3 000 reinsdyr på øya. I dag utgjer reinsdyrstammen 2 300 dyr, der 500 av dei er ved Strømnesfjorden og 1 800 er i området rundt Grytviken og Cumberland Bay. Dei to reinsdyrstammane er åtskilde av fjell. Reinsdyr et vanlegvis mose og lav, men det er det lite av på Sør-Georgia, slik at kosthaldet er lagt om til gras. Reinsdyra i Cumberland Bay er vesentleg mindre enn reinsdyra på Hardangervidda, noko som kan tyde på at det er for mange dyr. Reinsdyra i Strømnesfjorden er større enn dei i Cumberland Bay.[11]

Flagget til Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane har eit reinsdyr over våpenskjoldet som eit minne om dyra norske kvalfangarar innførde til Sør-Georgia, og som framleis lever der.

Sør-Georgia er den einaste staden i verda ein kan sjå villrein saman med pingvinar. I den seinare tida har sørgeorgiske reinsdyrkalvar vorte henta til Falklandsøyane for reindrift.[10]

Husmus finst i Shallop Cove i Queen Maud Bay på den nordvestlege sida av øya. Husmusa har utvikla eit tjukt feittlag, noko som tyder på at ho tilpassar seg det kalde klimaet.[10]

Brunrotta vart utilsikta introdusert på slutten av 1700-talet, etter at skip la til ved øya. Rotter finst i dag på store delar av øya, sterkast konsentrert på dei nedlagde kvalfangsstasjonane. Det er ingen rovdyr på Sør-Georgia utover sørhavsjo (Stercorarius antarcticus), slik at tilveksten av rotter er avgrensa av mattilgangen. Fuglereir på bakken er eit lett bytte for rottene, og mange av fuglane har difor forsvunne frå rotteområda og flytt til rottefrie område.[10]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimadiagram for Sør-Georgia.

Dagtemperaturen ved sjøen kjem vanlegvis ikkje over 2 °C om vinteren (august) og 10 °C om sumaren (januar). Minimumstemperaturen om vinteren er normalt -4 °C og kjem sjeldan under -10 °C. Lågaste målte temperatur er -19,4 °C i Grytviken.[12]. Årleg nedbør er om lag 1 500 mm, og det meste kjem i form av sludd eller snø. Om sumaren er 75 % av øya er dekt av snø og is,[1] og i sørvest ligg snøen permanent på 200 meter, i nordaust på 400 meter. Om vinteren er heile øya snødekt. Det er i alt meir enn 150 isbrear på øya, og av dei er Nordenskiöldbreen den største.

Ved fønvind kjem vinden opp vestsida av fjella og ned på austsida, der vinden vert varmare og turrare. Dette kan føre til temperaturar opp til 20 °C om sumaren. Den varmaste målte temperaturen er på 28,8 °C i Grytviken.

Farvatnet rundt Sør-Georgia er kaldt året rundt på grunn av havstraumar frå Antarktis. Farvatna er som regel fri for pakkis om vinteren, men tynn is kan samle seg i verna bukter. Isfjell er det mange av.

Sjøtemperaturen søkk til 0 °C i slutten av august og stig til 4 °C i byrjinga av april.

Klimadata for Grytviken/King Edward Point. Sør-Georgia. 1901–1950 (solskinstimar 1931–1960)
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Varmerekord °C 24.5 26.5 28.8 19.1 17.5 14.0 13.6 13.2 17.0 20.0 22.5 21.5 28,8
Normal maks. temp. °C 8.4 9.1 8.4 5.6 2.9 0.9 1.2 1.5 3.5 5.4 6.5 7.5 5,1
Normal min. temp. °C 1.4 1.7 1.0 -0.8 -3.1 -4.6 -4.7 -4.9 -3.3 -1.8 -0.5 0.4 -1,6
Kulderekord °C −4.1 −3.7 −6.3 −9.8 −11.4 −14.6 -15.2 -19.2 −18.4 −11.0 −6.4 −5.4 −19,2
Nedbør (mm) 92.0 114.0 136.0 139.0 137.0 135.0 149.0 149.0 92.0 80.0 93.0 88.0 1 394,0
Normale månadlege solskinstimar 152 160 127 66 34 12 22 74 123 171 174 167 1 282
Kjelde nr. 1: Globalbioclimatics/S.Rivas-Martínez[13]
Kjelde nr. 2: DMI/Danish Meteorologi Institute - page 242[14]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sør-Georgia vert oppdaga[endre | endre wikiteksten]

James Cook sitt kart over Sør-Georgia frå 1777. Nordspissen av øya er nede til høgre.

Det ein trur var den fyrste oppdaginga av Sør-Georgia, var i 1675 av londonkjøpmannen Antoine de la Roché. Øya vart på nytt sett av spanjolen Gregorio Jerez på handelsskipet «León» som kom frå Saint-Malo 28. eller 29. juni 1756.[15]

James Cook kom fram til Annenkovøya utanfor Sør-Georgia 14. januar 1775, og tre dagar seniare ankra han opp utanfor ei bukt som fekk namnet Possession Bay. Cook og mannskapet hans gjekk i land, kartla øya og tok henne i eige på vegner av Storbritannia. Øya fekk namnet Isle of Georgia etter den dåverande kongen i Storbritannia, Georg III.

James Cook trudde fyrst han hadde oppdaga det antarktiske kontinentet, men etter å ha runda sørspissen av øya kjende dei att Annenkovøya. Det vart klårt at dei hadde kome til ei øy, og sørspissen av øya fekk namnet Cape Disappointment.

Ville klippar heva seg med dei høge toppane sine til dei forsvann i skyene, og dalane låg dekte av evig snø. Ikkje eit tre eller ei buske var å sjå, nei, ikkje eingong stor nok til å lage ein tannpirkar. Eg landa på tre ulike stader, heisa flagget og tok landet i eige i namnet til Hans Majestet under avfyring av ei geværsalve.
Frå dagboka til James Cook[16]

Sel- og kvalfangst[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste selfangaren som skal ha kome til Sør-Georgia, var engelskmannen Thomas Delano, som reiste ut frå London i 1786.[17] I perioden som fylgde var selfangsten dominert av amerikanarar frå austkysten av Nord-Amerika. Utover på 1800-talet var det fleire oppgangs- og nedgangstider på øya. Overskatting av selpopulasjonen førde til nedgangstider, og når førekomsten tok seg opp, kom selfangarane attende. I 1881 vart den fyrste fangstavgrensinga i Antarktis innførd av dei britiske styresmaktene på Falklandsøyene då dei sette avgrensingar for selfangsten på øya.[17] Selpopulasjonen var sterkt truga, og i 1886 rapporterte fangstskuta «Express» at dei berre hadde sett éin sel på heile øya. Ein tysk ekspedisjon i 1928 rapporterte om det same.[17] I dag er selpopulasjonen på over tre millionar individ.

Den tyske vitskapsmannen Georg Forster var med på jordomsiglinga til Cook og spådde i 1775 at viss Nordishavet ein gong vart tomt for kval, kunne kvalfangarane fange så mange dei ynskte i Sørishavet. Meldinga om særs store mengder kval førde i fyrste omgang ikkje til særleg interesse for kvalfangst. Fyrst i 1890-åra vart dei fyrste kvalfangstekspedisjonane til Antarktis utrusta, med mellom andre Robert Kinnes frå Dundee i Skottland, Christen Christensen frå Sandefjord med to «Jason»-ekspedisjonar og Svend Foyn frå Tønsberg med «Antarctic». Dei to «Jason»-ekspedisjonane i 1892–1893 og 1893–1894 hadde Carl Anton Larsen som kaptein.[18]

Skiping av landstasjonar[endre | endre wikiteksten]

Bilete av Solveig Jacobsen (med hunden sin) framfor ein kval på flenseplanet i Grytviken. Solveig Jacobsen var den fyrste som vart fødd sør for den antarktiske konvergensen.
Foto: Magistrat Edward Binnie i 1916

Etter heimkomsten etter den andre «Jason»-ekspedisjonen kontakta Carl Anton Larsen engelske styresmakter med tanke på å setje opp ein landstasjon på øya. Etter ti år klarte han å realisere planane.[19] Med hjelp frå det argentinske kvalfangstselskapet Compañia Argetina de Pesca skipa Carl Anton Larsen den fyrste landstasjonen i Antaktis i Grytviken i 1904. Med seg hadde han 60 vestfoldingar. I laupet av tre månader vart 165 tonn kvalolje produsert, og i det fyrste driftsåret fanga den einaste skuta til selskapet 183 kvalar. I 1908 omfatta Grytviken 17 bygg og 160 arbeidarar. Seinare vart landstasjonane Strømnes (1906), Husvik (1907), Leith Harbour (1909), Ocean Harbour (1909) og Prince Olav Harbour (1911) skipa, samt oppankringshamna Godthul (1908). Kvalfangstverksemda på Sør-Georgia var hovudsakleg driven med norsk arbeidskraft og med norsk, britisk, sørafrikansk og argentinsk kapital.

I 1925/1926-sesongen vart det av dei fem landstasjonane (Ocean Harbour vart nedlagd i 1920), eitt fabrikkskip og 23 hvalfangstskuter fanga og foredla 1 855 blåkvalar, 5 709 finnkvalar, 236 knølkvalar, 13 seikvalar og 12 spermkvalar. Den totale fangsten på 7 825 kvalar var ein rekordsesong i talet på kvalar, og 404 457 fat med olje vart produserte. Året etter tok det same talet på skip 3 689 blåkvalar, 1 144 finnkvalar, ingen knølkvalar, 365 seikvalar og 17 spermkvalar. I tal var fangsten lågare året før, men oljeproduksjonen nådde ein ny rekord med 417 292 fat olje.[20] Av den totale kvalfangsten i Antarktis stod landstasjonane for 10 %.[20]

Grytviken var lengst i drift, frå 1904 til 1965. Godthul var i drift frå 1908 til 1917 og igjen frå 1922 til 1929. Ocean Harbour var i drift frå 1909 til 1920. Leith Harbour starta opp i 1909, stengde for eitt år i 1933 og under den andre verdskrigen og avvikla drifta i 1964. I Husvik var det drift frå 1907 til 1931 og frå 1945 til 1960, med unnatak av 1957/1958-sesongen. Strømnes vart skipa utan landfast verksemd i 1906, og to år seinare starta bygginga av landstasjonen. Kvalfangstverksemda i Strømnes stogga i 1931 og staden fungerte som reparasjonshamn fram til 1961. Prince Olav Harbour var i drift frå 1907 til 1934, og der var landstasjonen fyrst ferdigbygd i 1919.

Ernest Shackleton[endre | endre wikiteksten]

«Endurance» vert skrudd ned i Weddellhavet.
Livbåten «James Caird» vart sjøsett 24. april 1916 med kurs for Sør-Georgia 1 300 km vekke.
Livbåten «James Caird» nærmar seg Sør-Georgia. Teikning frå boka South av Ernest Shackleton frå 1919.

Ernest Shackleton ville at England igjen skulle verte polarnasjonen i verda etter at Robert Scott tapte kapplaupet til Sørpolen mot Roald Amundsen. Endurance-ekspedisjonen hans skulle krysse heile det antarktiske kontinentet på nesten 3 000 km frå Weddellhavet til Rosshavet. På veg ned til Weddellhavet nådde «Endurance» Grytviken 5. november 1914. Dei vart verande i fire veker, og fekk tilsendt materiale, brensel og hundar frå Hudson’s Bay Company. Dei drog frå Grytviken 5. desember.[21]

Når eg kjem tilbake til England, skal eg opprette eit selskap for kvalfangst på Sør-Georgia. Med ei investering på 50 000 pund, kan ein garantert tene 50–100 000 pund netto per år. Dette er ei gullgruve som berre få menneske kjenner til.

Ernest Shackleton etter sitt besøk på øya i 1914[22]

Men fartyet vart skrudd ned av isen. Delar av ekspedisjonen klarte gjennom ein segltur på 1 300 km, i ein liten båt på 22 fot, frå Elefantøya å nå Sør-Georgia. Ei stor fjellkjede deler øya, og kvalfangsstasjonane låg på nordkysten. Høge bylgjer og undervassrev gjorde at dei ikkje kunne gå i land, og det var for risikabelt å prøve å runde øya. Om natta bles det opp til storm og orkan neste morgon med ti meter høge bylgjer. Nok ei natt heldt dei seg i livbåten. Ut på ettermiddagen neste dag, 10. mai 1916, kl. 17.00, gjekk dei i land i King Haakon Bay etter å ha vore på ein 17 dagar lang segltur frå Elefantøya. Åtte dagar etter at dei hadde gått i land starta Ernest Shackleton, Tom Crean og Frank Worsley kryssinga av øya, noko ingen hadde gjort før dei. Dei tre andre vart igjen på stranda.[23] Soveposane vart lagde igjen for å spare vekt, og i mangel av ryggsekk vart proviant og utstyr putta i lommene. Isbroddar vart laga ved å skru skruene frå livbåten inn i støvlane. Etter å gått i eit døger sette dei seg ned for å kvile, og dei hadde utsikt over Fortuna Bay. Dei visste ikkje kvar dei var, men meinte å dra kjensel på nokre av fjella lenger aust etter gjestinga på øya i november 1914. Dei høyrde ein svak revelje i det fjerne og konstaterte at han kom frå ein kvalfangststasjon. Nokre timar og eit fjellpass seinare såg dei ned på den norske kvalfangststasjonen Strømnes. Fjellturen tok 36 timar i det som i ettertid viste seg å vere den einaste finvêrsperioden på fleire veker. I Strømnes kom dei i kontakt med stasjonsstyraren, og ein båt vart so send rundt øya for å hente dei tre som hadde vorte att. Tre dagar seinare sigla Shackleton av garde for å hente mannskapet på Elefantøya.

Ernest Shackleton vitja Sør-Georgia i alt tre gonger og alle gjestingane var eit resultat av at den opphavlege planen hans hadde slege feil. Den fyrste gongen la han om kursen frå Falklandsøyane til Sør-Georgia for å unngå tyske krigsskip. Den andre gjestinga var i 1916 med livbåten «James Caird» etter skipbrotet med «Endurance». Tredje gong var med skipet «Quest» i 1922 som var i dårleg stand med ein dødssjuk Ernest Shackleton om bord.[24]

Økonomiske nedgangstider[endre | endre wikiteksten]

Kvalskyttar Petter Sørlle fekk i 1922 patent på ein opphalingsslipp i akterenden på flytande kvalkokerieri der ein kunne trekkje kvalen direkte frå sjøen og inn på dekket for vidare handsaming. Opphalingsslippen vart fyrst brukt i Antarktis på «Lancing» i sesongen 1925/1926. Oppfinninga auka fangstresultata til det mangedobbelte og var ein viktig føresetnad for ekspansjonen av pelagisk kvalfangst etter 1927, som då vart sjølvstendig frå britiske konsesjonar, lisensar og eksportavgift.[25] Dei fleste landstasjonane vart i dei påfylgjande åra stengde: Godthul i 1929, Prince Olav Harbour, Husvik og Strømnes i 1931. Berre Grytviken og Leith Harbour overlevde.

Den andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Kvalen vart ei ettertrakta vare under den andre verdskrigen, både på grunn av oljen og at delar av kvalen kunne bli brukt til å lage eksplosiv. Dei fleste av dei britiske og norske fabrikkskipa og kvalfangstskutene vart øydelagde av tyske krigsskip som opererte i antarktiske farvatn. Mange av dei attverande kvalfangstfartya vart rekvirerte til å tenestegjere – mellom anna som minesveiparar – under alliert kommando. Under krigen var det berre verksemd i Grytviken og Leith Harbour, i Grytviken heile krigstida, men i Leith Harbour berre i sesongane 1940/1941 og 1942/1943.[26]

Dei britiske magistratane (W. Barlas og A.I. Fleuret) var til stades for å leie forsvaret av øya under heile krigen. Den britiske marinen utrusta handelsfartyet «Queen of Bermuda» til å patruljere havområda kring Sør-Georgia og Antarktis. To feltbatteri vart bygde ved innsiglinga til Cumberland Bay (Grytviken) og Strømnesfjorden (Leith Harbour). Mannskapet på feltbatteria var friviljuge norske kvalfangarar.

HMS «Ajax» og HMS «Exeter», som var involverte i kamphandlingar ved Río de la Plata mot det tyske lommeslagskipet «Admiral Graf Spee», hadde gjesta Sør-Georgia før utbrotet av den andre verdskrigen, og då tok dei dei fyrste flybileta av øya med Westland Walrus. Flybilteta vart tekne for å kartleggje øya og å studere isbreane på øya. Etter kamphandlingane ved Río de la Plata fekk HMS «Exeter» store skadar og vart reparert på Sør-Georgia. Dei skadde soldatane vart sende til sjukehus.[26]

Etterkrigstida[endre | endre wikiteksten]

Etter den andre verdskrigen vart kvalfangsten teken opp att grunna trongen etter oljeprodukt i etterkrigs-Europa. Fangsten av kval overgjekk det som var berekraftig og 2. desember 1946 vart Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) skipa. Men heller ikkje IWC klarte å avgrense kvalfangsten.

I 1963 vart dei to siste attverande landstasjonane, Grytviken og Leith Harbour overtekne av japanske verksemder. I 1965 opphøyrde all kvalfangst frå Sør-Georgia. Frå 1904 til 1965 vart 175 000 kvalar slakta og kokte på Sør-Georgia, mot 1,5 millionar for heile Antarktis (1904–1978).[27]

Kvalfangarane var fyrst og fremst på Sør-Georgia for å arbeide og tene pengar. Fleire av landstasjonane hadde bibliotek, kino og fotballbane. Grytviken hadde i tillegg kyrkje og hoppbakke.[28]

Argentisk okkupasjon[endre | endre wikiteksten]

Restar etter eit argentinsk helikopter som vart skote ned på Sør-Georgia under Falklandskrigen.
Foto: Mila Zinkova

Opptakta til Falklandskrigen var ei hending i Leith Harbour 19. mars 1982. Christian Salvesen Ltd hadde gjeve den argentinske skraphandlaren Constantino Davidoff i oppdrag å rydde opp skrapmetall frå Husvik, Strømnes og Leith Harbour for 115 000 britiske pund. Til oppdraget hadde Davidoff med seg 41 arbeidarar som vart frakta til Leith Harbour av det argentinske marineskipet ARA «Bahía Buen Suceso». Skipet rapporterte ikkje at det var kome fram til den britiske garnisonen i Grytviken. Argentinske soldatar vart sette i land og det argentinske flagget heisa. So starta Davidoff og mennene hans oppdraget med oppryddinga.[26]

2. april invaderte argentinske styrkar Falklandsøyane, og dagen etter sigla ARA «Bahía Buen Suceso» og ARA «Guerrico» til Grytviken og sette i land 200 soldatar. Britane sin styrke i Grytviken var på 22 soldatar. Det argentinske åtaket varte i to timar og vart avslutta då britane overgav seg. Alle britiske soldatar og vitskapsmenn vart so tekne som krigsfangar.[29]

Britane sette i gang «Operasjon Paraquet» under leiing av major Guy Sheridan. Ein stor britisk marinestyrke vart samla på Ascension, og derifrå sigla dei saman til Sør-Georgia. HMS «Antrim», RFA «Tidespring» og HMS «Endurance» nådde øya 20. april. Marinesoldatar frå Special Boat Squadron vart sette i land for oppklåringsoppdrag dagen etter. Neste dag krasja to britiske helikopter på Fortunabreen under vêrtilhøve med dårleg sikt og sterk vind.[26]

23. april fekk britane inn ein ubåt på sonaren og vidare operasjonar vart innstilte, og RFA «Tidespring» vart sendt lenger til havs for å unngå samanstøytar. 24. april omgrupperte dei britiske styrkane seg med mål om å gå til åtak på ubåten. Tidleg om morgonen 25. april vart den argentinske ubåten ARA «Santa Fe» sett av eit helikopter frå HMS «Antrim» som gjekk til åtak på ubåten med ei synkemine. Vidare åtak vart utførde av eit helikopter frå HMS «Brilliant» som avfyrde ein torpedo og HMS «Endurance» og HMS «Plymouth» som avfyrde fleire sjømålsmissil, der éit av dei trefte. Ubåten fekk store skadar og sigla inn til bryggja på King Edward Point, der han vart forlaten.

Ein militærstyrke på 75 mann vart samla saman på HMS «Antrim» og flogen inn til Hestesletten utanfor King Edward Point med eldstøtte frå HMS «Antrim» og HMS «Plymouth». Den argentinske garnisonen overgav seg utan kamp og 137 soldatar vart tekne til fange på ettermiddagen 25. april. Den vesle argentinske garnisonen i Leith Harbour overgav seg til HMS «Plymouth» og HMS «Endurance» neste dag.[26]

Etter Falklandskrigen vart pengeløyvingane til British Antartic Survey auka med 60 %.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Fiskeriverksemd[endre | endre wikiteksten]

Etter problem med tjuvfiske avgjorde styresmaktene for øygruppa i 1993 at ein skulle utvide den økonomiske sona til 200 nautiske mil. I samband med utvidinga av den økonomiske sona vart det innført ein verne- og forvaltingsplan for å styre tilgangen til fiskeressursane i området. Alle farty som ynskjer å fiske i den økonomiske sona må ha lisens frå Det britiske fiskeridirektoratet. Talet på tildelte lisensar og fangstkvote vert fastsett kvart år av Kommisjonen for vern av marine levande ressursar i Antarktis (CCAMLR). Hovudartane som det er tillate å fiske er patagonisk tannfisk, antarktisk isfisk, krill og krabber.[30]

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Eit cruiseskip med turistar utanfor Grytviken.
Foto: Hannes Grobe

Dei fleste turistane som gjestar Sør-Georgia kjem med cruiseskip, men nokre kjem òg med eigne båtar. Det er ingen ordinær offentleg transport til øya. I alt er det 30 cruiseskip med 2 000 passasjerar som gjestar Sør-Georgia kvart år[1]. Dei mest vitja stadene er Grytviken, Strømnes og Salisbury Plain.

Det er ikkje naudsynt med visum for å gjeste øya, men alle – uavhengig av nasjonalitet – må søkje om løyve til å stige i land 60 dagar før. Ilandstigingsavgifta er på £100 pr person.[30].

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Styresmaktene sine samla inntekter for Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane var i 2006 på 4,4 millionar britiske pund, og utgiftene var på 4,5 millionar britiske pund. Dei viktigaste inntektskjeldene var sal av fiskekort, hamneavgifter frå skip og gjester, sal av frimerke og minnemyntar. Dei største utgiftspostane var knytte til fiskeriverksemda, som administrasjon, forsking og vern, samt verneprosjekt, produksjon av frimerke og støtte til museet i Grytviken.[30]

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Religion[endre | endre wikiteksten]

Grytviken kyrkje
Grava til Ernest Shackleton i Grytviken

Bygginga av Grytviken kyrkje vart starta 24. november 1913 og finansiert av Carl Anton Larsen. Kyrkja var ferdigfabrikert av Strømmen Trævarefabrik og vart innvigd 1. juledag same år. Det var hyppige utskiftingar av prestane, mykje på grunn av einsemd og at øya låg så avsides til. Jobben gjekk ofte til teologistudentar.

Carl Anton Larsen kosta i dei fyrste åra òg drifta av kyrkja. So var det ein periode utan fast prest, fram til kvalfangstføretaka starta eit spleiselag i 1925. I ein lang periode var kyrkja utan fast prest, og i 1928 tok Den norske Sjømannsmisjonen over drifta. Tre år seinare kom kvalfangstnæringa i ei økonomisk krise, og heile prestegjerninga på øya vart avvikla. Kyrkja var sporadisk i bruk av kvalfangarar fram til 1960-åra. På 1950-talet vart det skipa ei diakonteneste, og langfredag 1960 vart den siste offisielle norske gudstenesta halden i Grytviken kyrkje.

Etter nedlegging av kvalfangstverksemda og fråflytting byrja kyrkja å forfalle. Frå 1983 har britiske ingeniørtroppar stasjonerte på øya gjort naudsynte reparasjonar av kyrkja for å hindre totalt forfall. På 1990-talet vart kyrkja pussa opp med midlar frå Øyas Venner og Tunsberg bispedømme. Dåverande fungerande biskop i Tunsberg bispedømme Magne Storeli vigsla kyrkja på nytt 16. januar 1999.

Det var opphavleg sju gravlundar på Sør-Georgia med til saman 200 graver. 80 % av dei gravlagde er nordmenn og 80 % av nordmennene kom frå Vestfold. Den yngste var 14 år og den eldste 72 år. Alle dei gravlagde var menn.[28] Dei fem gravlundane som framleis er der ligg i Grytviken, Husvik, Leith Harbour, Strømnes og Prince Olav Harbour.

Grytviken gravlund ligg 1 km frå kvalfangststasjonen og omfattar 64 graver, der 10 av dei er umerkte. Jord frå Noreg vart brukt på gravene, og planter som tunrapp og løvetann vart dimed innførde frå Noreg og veks i dag kring gravlunden. Gravlunden i Husvik ligg 2 km frå stasjonen, og har 34 graver. I Leith Harbour er det fleire gravlundar, der den fyrste av dei vart dekt av eit jordskred i 1917. Den nest eldste ligg inne i busetnaden og har eit fåtal graver. Den siste gravlunden har 57 graver. Gravlundane i Strømnes og Prince Olav Harbour ligg eit par hundre meter frå stasjonane og har høvesvis 13 og seks graver. I Ocean Harbour er det 7–8 umerkte graver, og i Godthul er det to graver som ikkje lenger er synlege. Alle gravlundane er orienterte etter nordisk tradisjon, slik at gravene ligg vende aust–vest. Mange av gravstøttene på øya er av naturstein frå Noreg, som oftast larvikitt.[31]

Forsking[endre | endre wikiteksten]

Den britiske forskingsorganisasjonen British Antarctic Survey driv to forskingsstasjonar på Sør-Georgia, King Edward Point rett utanfor Grytviken og på Birdøya utanfor nordspissen av øya.[32]

Forskingsstasjonen på Birdøya forskar på sjøfuglar og sel innanfor område som utvikling av populasjonar, mattilgang og øksling. Innsamla data vert leverte til Kommisjonen for vern av marine levande ressursar i Antarktis, som utarbeider retningsliner for utnytting av ressursane i Antarktis. Forskingsstasjonen på Birdøya samarbeider med fleire universitet. University of Texas har sendt vitskapleg personell ned til øya for å forske på fysiologien til dyra, og University of Birmingham har utført forskingsoppdrag på øya etter støtte frå Antarctic Funding Initiative. Den britiske siglaren Ellen MacArthur har gjesta øya i samband med engasjementet sitt i BirdLife International sin kampanje for vern av albatrossen.[33] Den fyrste forskningsstasjonen i Jordan Cove på Birdøya vart oppførd 24. november 1958 av styresmaktene på Falklandsøyane. I desember 1962 bygde United States Antarctic Research Program to hytter som seinare vart tekne over av British Antarctic Survey, der den eine hytta vart kjend som Lönnberg House etter den svenske biologen Einar Lönnberg. I oktober 1981 vart det bygd ein ny forskingsstasjon som kunne romme åtte mann. Denne stasjonen vart også utvida i perioden 1995–1997. Ein ny forskingsstasjon stod klar i juni 2005, og den gamle stasjonen vart riven. Forskningsstasjonen ved øya har vore i periodisk drift mellom 1957 og 1982, og heile året sidan 22. september 1982.[34]

22. mars 2001 opna kommissæren for Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane fiskeriforskingsstasjonen i King Edward Point. Forskingsstasjonen vart opna på same tid som den britiske garnisonen på staden vart lagd ned. Sist gong det vart drive biologisk forsking i King Edward Point, var før utbrotet av Falklandskrigen. Forskarane arbeider på oppdrag frå dei lokale styresmaktene for å hjelpe til i forvaltinga av dei store fiskeressursane rundt øya. Forskingsstasjonen omfattar av to separate bygg, James Cook Laboratory og Everson House. Forskingsstasjonen har heile året eit personell på tre vitskapsmenn og seks personar i hjelpeapparatet, medrekna lege og basesjef. Personellet ved forskningsstasjonen aukar i sumarmånadene.[35]

Postvesen[endre | endre wikiteksten]

Frimerke frå Falklandsøyane utgjeve i 1933 med motiv frå Sør-Georgia.

Det fyrste postkontoret på Sør-Georgia opna i Grytviken 22. desember 1909, fem år etter skipinga av landstasjonen. Fram til 1944 vart frimerke frå Falklandsøyane nytta, men med eige stempel.[36]

Fordi øya er avsidesliggjande vart dei mest vanlege frimerkevalørane ved fleire høve utselde, mellom anna då den tyske antarktisekspedisjonen under leiing av Wilhelm Filchner vitja øya i oktober 1911. For å løyse problemet fekk postmeisteren produsert eit frankeringsstempel som var i bruk til det kom nye forsytingar med frimerke. Det har òg vorte produsert provisoriske frimerke ved å dele frimerke med høgare valør i to eller overstemple med ein ny valør. Brev med slike frankeringar er ettertrakta samleobjekt.

Dei fyrste sørgeorgiske frimerka var ein serie på åtte merke som fyrst vart utgjevne på Falklandsøyane i 1938 og i 1944 overtrykte Dependency of South Georgia. [37]

Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane har ein eigen frimerkekomite som har tilhaldsstad på Falklandsøyane. Komiteen er ansvarleg for utforming og har som mål å ha få årlege utgjevingar. Normalt er det to årlege utgjevingar og i regelen er det motiv med lokal tilknyting.[37]

Det einaste postkontoret ligg ved administrasjonssenteret på King Edward Point.

Tidslinje[endre | endre wikiteksten]

1675 – Antoine de la Roché oppdaga Sør-Georgia etter å ha kome ut av kurs då han skulle sigle frå Lima i Peru til England.
1756 – Spanjolen Gregorio Jerez såg Sør-Georgia.
1776 – James Cook kom til Sør-Georgia 14. januar og var den fyrste som gjekk i land på øya.
1904 – Den norske kvalfangaren Carl Anton Larsen skipa Grytviken som den fyrste landstasjonen for moderne kvalfangst i Antarktis 16. november.
1906 – Strømnes vart skipa av Sandefjords Hvalfangerselskab.
1907 – Husvik vart skipa 24. desember av Tønsbergs Hvalfangeri.
1908 – Godthul vart skipa av Bryde & Dahls Hvalfangerselskap.
1909 – Leith Harbour vart skipa av Christian Salvesen & Co 13. september.
1909 – Ocean Harbour vart skipa av Hvalfangstselskapet Ocean A/S fra Larvik 1. oktober.
1911 – Prince Olav Harbour vart skipa av det sørafrikanske selskapet Southern Whaling & Sealing Co.
1911 – 11 tamrein frå Valdres vart sette ut i Ocean Harbour.
1914 – Ernest Shackleton vitja Grytviken på veg til Antarktis.
1916 – Ernest Shackleton kom til øya etter å ha sigla 130 km i ein 6 meter lang livbåt frå Elefantøya i Antarktis.
1929 – Drifta i Godthul vart avvikla.
1931 – Prince Olav Harbour vart avvikla og kvalfangstverksemda i Strømnes vart lagd ned.
1958 – Den fyrste forskingsstasjonen på Birdøya vart oppførd 24. november.
1960 – Husvik vart delvis demontert, og viktig utstyr vart flytt til Grytviken.
1965 – Leith Harbour vart lagd ned.
1965 – I desember drog dei siste kvalfangarane frå øya då Grytviken vart forlaten 4. desember.
1982 – Argentinske styrkar gjekk til åtak på Sør-Georgia 3. april og overgjeve same dag.
1982 – Britane tok Sør-Georgia tilbake 25. april.
1992 – South Georgia Whaling Museum vart skipa.
2003 – Mange av dei falleferdige og samanrasa bygga i Grytviken vart jamna med jorda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Nettstader[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «The Island» hjå Government of South Georgia and the South Sandwich Islands.
  2. 2,0 2,1 2,2 Schandy 2001, s. 32.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 «Landsstasjonene» hjå Hvalfangstmuseet.
  4. Pettersen 1999, s. 251.
  5. Pettersen 1999, s. 98.
  6. Pettersen 1999, s. 252.
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 «Terrestrial Wildlife» hjå South Georgia Heritage Trust.
  8. Schandy 2001, s. 70.
  9. «Bird Island Research Station» hjå British Antarctic Survey.
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 «Threats» hjå South Georgia Heritage Trust.
  11. Syd Georgia - kongenes øy av Tom Schandy (Tønsberg, 2001), s. 74.
  12. «Extreme temperatures around the world» hjå Maximiliano Herrera's Human Rights Site.
  13. «Temp/Rai 1901-1950». Globalbioclimatics. Apr2012. http://www.globalbioclimatics.org/station/ar-georg.htm. Henta 24 April 2012. 
  14. «Sunshine 1931-1960». DMI.DK. Apr2012. http://www.dmi.dk/dmi/tr01-17.pdf. Henta 24 April 2012. 
  15. «[http://www.cema.edu.ar/ceieg/arg-rree/7/7-104.htm Historia de las Relaciones Exteriores de la Argentina – Georgias del Sur» hjå Universidad del CEMA.
  16. «Ville klipper hevet seg med sine høye topper til de forsvant i skyene, og dalene lå dekket av evig sne. Ikke et tre eller en busk var å se, nei, ikke engang stor nok til å lage en tannpirker. Jeg landet på tre forskjellige steder, heiste flagget og tok landet i besittelse i Hans Majestets navn under avfyring av en geværsalve.» – «Syd Georgia oppdages» hjå Hvalfangsmuseet.
  17. 17,0 17,1 17,2 Aasheim og Nevra 2007, s. 58.
  18. «Fangst og næringsvirksomhet» av Jan Erik Ringstad hjå Hvalfangsmuseet.
  19. Aasheim og Nevra 2007, s. 68.
  20. 20,0 20,1 Rubin 2000, s. 275.
  21. Aasheim og Nevra 2007, s. 106–109.
  22. «Når jeg kommer tilbake til England, skal jeg opprette et selskap for hvalfangst på Sør-Georgia. Med en investering på 50 000 pund, kan man garantert tjene 50–100 000 pund netto pr. år. Dette er en gullgruve som bare få mennesker kjenner til.» – Aasheim og Nevra 2007, s. 71.
  23. Aasheim og Nevra 2007, s. 123.
  24. Aasheim og Nevra 2007, s. 108.
  25. «Petter Sørlle» på Polarhistorie.no.
  26. 26,0 26,1 26,2 26,3 26,4 «War and Conflict» hjå South Georgia Heritage Trust.
  27. Aasheim og Nevra 2007, s. 73.
  28. 28,0 28,1 Aasheim og Nevra 2007, s. 64.
  29. Antarctica av Jeff Rubin (Australia: Lonely Planet, 2000), s. 278.
  30. 30,0 30,1 30,2 «Country Profile, South Georgia and South Sandwich Islands» hjå Foreign & Commonwealth Office.
  31. «Kirkegårder i verdig stand – Gravsteder på Syd Georgia» av Helge Klingberg hjå Hvalfangsmuseet.
  32. «Research Stations in Antarctica» hjå British Antarctic Survey.
  33. «Bird Island Research Station» hjå British Antarctic Survey.
  34. «Bird Island Research Station – History» hjå British Antarctic Survey.
  35. «King Edward Point Research Station» hjå British Antarctic Survey.
  36. «Stamps – First Post Office» hjå Government of South Georgia and South Sandwich Islands.
  37. 37,0 37,1 «Stamps of South Georgia and South Sandwich Islands» hjå Falkland Islands Philatelic Bureau.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sør-Georgia

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Nettstader[endre | endre wikiteksten]