Brunflo
Brunflo er ein tettstad i Östersunds kommun i Jämtlands län i landskapet Jämtland i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 3 916 innbyggjarar.[1] Brunflo ligg cirka 16 kilometer søraust for Östersund, i den indre delen av Brunfloviken i Storsjön, og er den nest største tettstaden i Jämtland.
Brunflo var tidlegare ein stasjonsby med tidstypisk Busetnad. Staden har utsikt over Storsjöbygden, med åkrar, skog og sjø. Ein kan reise til Brunflo med lokaltog eller buss frå Östersund. Det går òg fjernbusser frå Sundsvall, Mora og Stockholm. Hovudvegene E45 og E14 passerer gjennom staden.
Brunflo kyrkje og kastal (forvansking av kastell) ligg like utanfor sentrum. Kastalen er eit av dei merkelegaste byggverka i nordre Sverige frå mellomalderen, spesifikt 1100-talet. Under dei mange krigane på 1600-talet blei kastalen brukt som forsvarsverk. Dette var i 1644, då det raste kamper rundt kyrkja og lagmannsgarden, som låg 500 m nord for kyrkja. Lagmannsgarden i Jämtland Hagnastadha er frå folkevandringstida, og blei i mellomalderen sete for alle lagmenn i Jämtland fram til 1645, då Jämtland blei eit svensk landskap.
Den lokale industrien har i lang tid vore dominert av bryting av den lokale ordovisiske kalksteinen. Gusta Stenmuseum skildrer Brunflos tradisjon med bryting av kalkstein.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Brunflo» frå Wikipedia på bokmål, den 30. juni 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Statistik från SCB: Tätorter; arealer, befolkning 2005
Bakgrunnsstoff [endre]
- Brunflo.nu
- Brunflo hembygdsförening
- Gusta Stenmuseum
- Brunflo kastal i Fotevikens Museums database
- Östersunds kommune
Koordinatar: frå nb