Bruno Liljefors

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bruno Liljefors
Rävfamilj, 1886
Hare i vinterdrakt, 1908

Bruno Andreas Liljefors (14. mai 186018. desember 1939) var ein svensk målar. Han er mest kjend for sine natur- og dyremotiv, særleg dei med dramatiske situasjonar. Fleire av måleria hans skildrar fuglar. Måten han skildra fuglane på, med innslag av impresjonistiske penselstrøk, vart med tida stildannande for fuglemåleriet.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Liljefors var fødd i Uppsala. Etter å ha gått på kunstakademiet i heimlandet frå 1879, reiste han i 1882 til Düsseldorf for å studere dyremåleri. Gjennom 1880-talet høyrde han til mellom dei såkalla Opponenterna, ei gruppe som var kritiske til utdanninga ved kunstkademiet, og til direktøren, Georg von Rosen. Også venene hans, Carl Larsson og Anders Zorn, var mellom desse opponentane; to målarar som elles påverka Liljefors mykje.

Liljefors skildra, i motsetning til det samtidige «idylliske» dyremåleriet, kvardagen til villdyra, med deira liv, anatomi og tilpassing til landskapet. Mellom kjende verk er måleri som Rävfamilj frå 1886 og Havsörnar frå 1897, samt skulpturen Lek som i 1930 vart reist ved Stockholms Stadion. Han måla også veggmåleria til det kunstige landskapet på Biologiska Museet i Stockholm, innvigd i 1893.[1]

Liljefors budde og arbeidde i Österbybruk frå 1917 til 1932. På Bullerön i Stockholms skjergard fekk han bygt seg ei jakthytte, der han observerte mange av fuglane og dyra i sitt naturlege miljø. Han laga også ein ferksvassdam på øya for å kunne studere rørslemønsteret til sjøfuglane.

Han døydde i Stockholm, der han budde frå 1932, men er gravlagd i fødebyen Uppsala.

Notar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]