Brusdalsvatnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brusdalsvatnet
Stad Ålesund, Skodje (Møre og Romsdal)
Koordinatar 62°28′33″N 06°27′23″EKoordinatar: 62°28′33″N 06°27′23″E
Overflateareal 7,48 km²
Kystlengd1 22,92 km
Høgd over havet 26 moh.
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Brusdalsvatnet er ein innsjø som ligg på Uksenøya i kommunane Ålesund og Skodje i Møre og Romsdal. Brusdalsvatnet ligg om lag midt på Uksenøya og er langt og smalt, knapt 10 km langt og om lag 1,3 km breitt på det breiaste.

Brusdalsvatnet er drikkevatnet til Ålesund kommune.

I 2009 vart det funne oppsiktsvekkande høge verdiar av miljøgifta bromerte flammehemmarar (HBCDD) i botnslam i vatnet. Etter det Ålesund kommune og NIVA opplyser, skal ikkje dette ha betydning for vasskvaliteten på drikkevatnet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.