Buksnes kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 68°7′1″N 13°33′37″E

Buksnes kyrkje
Buksnes kirke.jpg

Foto: Kirkenorge.no

Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Sør-Hålogaland
Prosti:  Lofoten
Fellesråd:  Vestvågøy
Sokn:  Buksnes
Innvigd:  22. november 1905
Arkitektur
Type:  Langkrykje
Arkitekt:  Karl Norum
Materiale:  Tre
Kyrkjerommet
Plassar:  700
Commons-logo.svg
Buksnes kyrkje på Commons

Buksnes kyrkje ligg på Gravdal i Vestvågøy kommune i Nordland. Ho høyrer til Buksnes sokn i Lofoten prosti.

Kyrkja er ei langkyrkje i dragestil, av tømmer, med 700 plassar. Ho vart vigsla 22. november 1905 . Arkitekt for kyrkja var Karl Norum.

Buksnes kyrkjesokn er nemnt første gong i skriftlege kjelder i 1324. Ei kyrkje blåste ned fire år på rad, siste gongen i 1638/39. Ei ny krosskyrkje av tre stod ferdig i 1641. Denne kyrkja stod fram mot 1802, då ho var så dårleg at ho måtte rivast. Ei ny langkyrkje vart så bygd, delvis av tømmer frå den gamle. Denne kyrkja vart så øydelagd av ein storm i 1882. Endå ei ny kyrkje vart bygd, denne gongen ei krosskyrkje. Denne kyrkja vart vigsla i 1885. Ho vart råka av eit lyn og brann ned 26. januar 1903.

Dagens kyrkje vart lenge skorda opp av seks stag for å motstå stormvêret. Då kyrkja vart vølt på 1960-talet, vart staga fjerna og støypt inn i veggane i sidegangane.

Orgelet som står i Buksnes kyrkje i dag er det tredje orgelet i kyrkja. Orgelet som vart montert då kyrkja vart bygd, vart bytta ut i 1968. Det nye orgelet vart skifta ut i 1997.

Andre kyrkjer i Vestvågøy[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff og kjelder[endre | endre wikiteksten]