Burj Khalifa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Burj Khalifa
Burj Khalifa 005.JPG
Offisielt namn Burj Khalifa
برج خليفة
Stad Dubai i Dei sameinte arabiske emirata
Arkitekt Skidmore, Owings & Merrill
Påbegynt 2004
Opna 4. januar 2010
Høgd 828 m
Etasjar 160
Pris 8 mrd NOK
Tidlegare namn Burj Dubai

Burj Khalifa (tidlegare kjend som Burj Dubai) er ein skyskrapar i Dubai i Dei sameinte arabiske emirata. Han blei bygd ferdig i 2009 og opna den 4. januar 2010 som verdas høgaste menneskeskapte struktur nokonsinne, med ei høgd på 828 meter.

Bygginga av skyskraparen i 2008.

Bygningen er teikna av arkitektfirmaet Skidmore, Owings & Merrill i Chicago, som har teikna høge bygningar sidan 1936. Skyskraparen er bygd i stål, betong, aluminium og glas. Etter planen skal han innehalde hotell, forretningar, kinoar, kontor og luksushusvere.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Burj Khalifa

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.