Dei sameinte arabiske emirata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
لإمارات العربيّة المتّحدة
Al-Imārāt al-‘Arabīyah al-Muttahidah

(norsk: Dei sameinte arabiske emirata, emiratarabisk)

Det emiratarabiske flagget
Flagg
Nasjonalsong «Isji biladi»
Geografisk plassering av Dei sameinte arabiske emirata
Offisielle språk Arabisk
Hovudstad Abu Dhabi
Styresett
Føderal republikk
Khalifa bin Zayed Al-Nahyan
Mohammed bin Rashid Al Maktoum
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
83 600 km² (114.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Folketeljing (2010)
 – Tettleik
 
5 314 317 (114.)
6 888 888
63,6 /km² (150.)
Sjølvstende
frå Storbritannia
1. desember 1971
Nasjonaldag 2. desember
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
199 800 mill. USD (51.)
40 200 USD (15.)
Valuta Emiratarabisk dirham (AED)
Tidssone UTC +4
Telefonkode +971
Toppnivådomene .ae


Kart over Dei sameinte arabiske emirata.
Politisk kart over Dei sameinte arabiske emirata.

Dei sameinte arabiske emirata er eit land på den arabiske halvøya sett saman av sju emirat: Abu Dhabi, Ajman, Dubai, Fujairah, Ras al-Khaimah, Sharjah og Umm al-Qaiwain. Landet har tent mykje på oljeressursane sine, men er òg i ferd med å etablera seg som eit land for luksusturisme. Samanlikna med dei andre landa i området blir emirata sett på som ope, moderat og fredeleg. Emirata grensar til Oman, Qatar og Saudi-Arabia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frå 1800-talet vart emirata kalla the Trucial States, avtaleestatane, etter ein avtale mellom britane og nokre arabiske sjeikar som gav det britiske imperiet kontrollen over forsvaret og utanrikspolitikken til området. I 1971 gjekk seks av dei saman som staten Dei sameinte arabiske emirata. Ras al-Khaimah vart med i 1972.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Leiarane frå kvart av dei sju emirata sit i Det høgste rådet, som vel president og visepresident for landet kvart femte år. Dei vel òg eit ministerråd. I tillegg har landet eit nasjonalt råd med til saman 40 medlem frå alle emirata som går igjennom føreslåtte lovar. Alle emirata bortsett frå Dubai og Ras al-Khaimah er med i det føderale rettsystemet. Dei har både islamske og sekulære rettsinstansar på alle nivå.

Sjeik Zayed bin Sultan Al Nahyan var president for Emirata frå dei vart danna til han døydde i 2004. Neste dag vart sonen hans, sjeik Khalifa bin Zayed Al Nahayan, vald til president.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Ein tredjedel av Emirata sitt brutto nasjonalprodukt kjem frå olje- og gassproduksjon. Sidan 1973 har dei gått frå å vera ein fattig ørkenregion til ein moderne stat med ein høg levestandard. Det vesle landet har vore sjenerøst med oljeressursane sine og ope mot omverda, og vert på grunn av dette gjerne kalla Midtaustens Singapore.

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Emirata har om lag 4 millionar innbyggjarar. Rundt halvparten av desse er gjestearbeidarar frå det indiske subkontinentet. Av dei innfødde har mange persiske røter.

Folkeveksten er låg samanlikna med nabolanda. Rundt 80 % kan lesa og skriva. Religionen til innbyggjarane er nesten utan unntak islam.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Emirata har kystline mot Omanbukta og Persiabukta mellom Oman og Saudi-Arabia. Sjølve innlandet er eit karrig slettelandskap som etterkvart går over til rullande sanddyner og ørken med fjell i aust.

Emirata ligg strategisk til sør for Hormuzsundet, og er eit viktig gjennomgangsland for verdas råolje. Den internasjonale flyplassen i Dubai er òg blitt ein viktig stoppestad for reisande mellom Europa og Asia.

Grensene med Saudi-Arabia vart trekte opp i 1974 og -77, men er aldri blitt offentleggjorde. Det er derfor berre styresmaktene i desse to landa som veit nøyaktig kor dei går.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Det meste av landet er flatt med store ørkenområde. Den årlege nedbørsmengda er svært låg, kring 75-125 mm, og mesteparten kjem mellom november og mars. Temperaturen er svært høg mellom mai og september, i august er middeltemperaturen 33 °C, og det er varmt eller mildt resten av året. Temperaturen er høgare om vinteren enn i Kuwait, kring 18 °C, og indre område av Saudi-Arabia. Langs kysten har ein i tillegg svært høg luftfukt, og om sommaren er det svært trykkande.