Burlesk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plakat for ei amerikansk burlesk-framsyning frå 1898.

Burlesk er eit ord som kan visa til noko komisk laussluppe og kan brukast om ulike kulturuttrykk, særleg opptredenar, som kan vera grovkorna komedie, song eller annan opptreden.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Sjølve ordet burlesk kjem via det franske burlesque og italienske burlesco frå det italienske ordet burla som tyder 'spøk'. I dag blir ordet mest brukt som adjektivnorsk med tydingane 'grovt komisk', 'grotesk', 'laussluppe' eller 'fantastisk'.

Dramatikaren F.C. Burnand tullar med Shakespeare. Vitseteikning frå Punch.

Ordet burlesque tyder eigentleg opp-ned, og sjangeren handlar ofte om å snu sosiale normer på hovudet. Nemninga blei først teken i bruk i Frankrike på 1600-talet, om groteske imitasjonar av noko som var opphøgd eller patetisk. Frå tidleg på 1700-talet blei burlesk brukt i Europa for å skildra musikalske verk som hadde både seriøse og komiske element, slik at dei fekk ein grotesk effekt.

Teater[endre | endre wikiteksten]

Tidlege teaterburlesk blei sett opp på ein vulgær og latterleggjerande måte kunne vera ein musikalsk og dramatisk parodi på ein seriøs eller romantisk opera eller eit klassisk teatersterykke, som blei sett opp på ein vulgær og latterleggjerande måte. På andre halvdelen av 1800-talet var burlesk blitt til ein populær revysjanger i Storbritannia og USA.

Engelsk burleskteater blei først framført på særskilde teater, som «Olympic» og «Gaiety» i London. Det retta seg mot middelklassen og gjorde gjerne narr av opera og andre kunstnariske verk som dei kjende. Bruken av humoristiske dobbelttydingar og kvinner i mannsroller gav stilen eit vågalt omdøme og stor popularitet. Etterkvart spreidde burleske opptredenar seg til varietéframsyningar ned politisk og sosial satire meir retta mot underklassen. Stilen heldt seg populær fram til 1900-talet og er blitt brukt i humorprogram på fjernsynet. Ein del spesialiserte utøvarar driv også framleis med framsyningar av det som blir kalla «classical burlesque».

Burleskdansar ved Folies Bergère.

I USA blei burlesk ein motsats til den familievennlege vaudevilleforma på 1800-talet. Prangande og utfordrande klede, avkleding, fokus på kvinnekroppen og seksuell spøk var også her viktige ingrediensar. Burleskframføringar kunne innehalda dans, song, gjøgling, miming og stripping. Til forskjell frå den engelske tradisjonen blei stripping nært knytt til burleskforma, og lokale reglar om kva som var lov å visa fram førte til utviklinga av framføringar som skulle vera pirrande utan å kunne fellast av sensur. På 1930-talet var strippinga blitt det viktigaste. Sosial motstand mot denne forma for burlesk førte til at ho forsvann.

Burlesk er også blitt knytt til revyframsyningar i Paris, til dømes ved Moulin Rouge og Folies Bergère.

På 1990-talet blei teaterforma gjenoppliva som «nyburlesk». Stilen tek mellom anna opp i seg kabaretstil, flotte kostyme, stripping og grov humor. Framføringane er ofte inspirerte av ein eller fleire tidlegare burleskartistar. Vancouver International Burlesque Festival og Miss Exotic World Pageant er årlege førestillingar der fleire nyburleske artistar opptrer.

Burleskartistar[endre | endre wikiteksten]

Sophie Tucker og Mae West er blitt dei best kjende utøvarane av amerikansk burlesk, medan noko av tradisjonen blei vidareført av Bette Midler. Elles var Sally Rand, Tempest Storm, Gypsy Rose Lee og Lili St. Cyr kjende utøvarar som har inspirert utøvarar av nyburlesk.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

«Burlesk» er òg blitt brukt om latterlege eller avslørande karikaturar og imitasjonar innan litteratur. Tidlege satiriske verk med burleske element var engelske Chaucer og spanske Cervantes. I nyare tid kan William Makepeace Thackeray nemnast.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Burlesk