William Shakespeare

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Chandos-portrettet, opphav og autentisitet ukjend

William Shakespeare (23. april 156423. april 1616)[1] var ein engelsk diktar og skodespelforfattar, og har det største ryet av alle engelskspråklege forfattarar.

Shakespeare er ikkje berre stor når det gjeld poetisk og dramatisk form, evna hans til å fange og formidle dei djupaste sidene av den menneskelege naturen blir av mange sedd som eineståande. Som ein ovstor figur i verdslitteraturen har han framleis innverknad i alle verdsdelar. Han er omsett til alle viktige mål, og skodespela hans blir spela heile tida, verda rundt. Han er mellom dei få som har skrive både tragediar og komediar godt.

Shakespeare skreiv verka sine mellom 1588 og 1616. Han fekk gjort svært mykje når ein tenkjer på at han berre vart 52 år gammal. Innverknaden hans i den engelskspråklege verda visest mellom anna i den vide bruken av sitat frå skodespela hans og i talet på åndsverk basert på Shakespeare-uttrykk.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

«Det er med underlege kjenslur eg no til slutt freistar gje' eit rit av William Shakespeare, av livet hans, av mannen sjølv. I månad etter månad hev eg levt i diktverdi hans, og eg tykte han meg so kjend. Og no veit eg mest ingenting å fortelje um han. Soga hev so lite å melde um han, og det som er, er jamnast lite ansande, og altfor ofte lite sætande òg.»

Henrik Rytter
«William Shakespeare og verki hans» i fyrste bandet av Rytter si omsetjing av Shakespear-skodespel; William Shakespeare: Skodespel frå 1932, s. 11

Shakespeare vart fødd i Stratford-upon-Avon i april 1564 som son av handelsmannen John Shakespeare og Mary Arden. Som son av ein framståande byborgar med offentlege verv, fekk William Shakespeare truleg gå på Stratford Grammar School, som kan ha gjeve god utdanning i latinsk grammatikk og litteratur. Ein er ikkje sikker på dette, for kvaliteten på desse skulane var ujamn på den tida.

Shakespeare gifta seg med Anne Hathaway, som var åtte år eldre enn han, i 1582. Anne skal ha vore gravid da. Dei fekk tre barn, Susanna, Hamnet og Judith. Hamnet døydde berre elleve år gammal.

Lite er kjent om Shakespeare før han så dukkar opp i det litterære miljøet i London. Han vart etter kvart skodespelar, forfattar og til slutt del-eigar av eit teaterkompani kalla Lord Chamberlain's Men etter sponsoren. Etter James 1. vart konge i 1603, vart kompaniet adoptert av han som King's Men. Kompaniet heldt til i Globe Theatre i London.

Ymse dokument viser at Shakespeare vart rik nok medan han oppheldt seg i London til at han kunne kjøpe både ein eigedom i London og det neststørste huset i Stratford.

I 1609 vart sonettane hans gjevne ut. Kjærleiksdikta var adresserte til to personar, dei første og fleste til ein lys mannleg ungdom av høg byrd, resten til ei mørk dame av lågare byrd.

Shakespeare trekte seg tilbake i 1611. Han døydde i 1616. Han var gift med Anne Hathaway til han døydde, og er gravlagd i Holy Trinity Church i Stratford-upon-Avon.

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

William Shakespeare er kjent både for dei 37 skodespela og for dei 154 sonettane sine. I si eiga tid var han kanskje aller best kjent for sonettane, sjølv om det er skodespela som i ettertida har gjort han verdskjent.

Dei dramatiske verka til Shakespeare kan delast inn i fire periodar. Frå 1589 til om lag 1594 skreiv han historiske skodespel med stoff frå engelsk historie. I denne perioden skreiv Shakespeare både komiske og tragiske stykke som var prega av den meistarlege stilen og komposisjonen hans. Richard III og Henry VI er døme på skodespel frå denne perioden. I tida frå 1594 til om lag 1599 fortsette han å skriva historiske stykke, som til dømes Richard II og Henry IV. Dei fleste av dei komiske skodespela, som Ein midtsommarnattsdraum, Kjøpmannen i Venezia og Som du vil, stammar også frå denne perioden. Her viser han meir mogne og følsomme sider.

I den tredje perioden, frå 1599 til om lag 1608, skreiv han sine store tragiske stykke, som Hamlet, Othello, Kong Lear og Macbeth. Han skreiv også nokre mørke og bitre komediar som Når enden er god, er allting godt i denne perioden. I den siste perioden, frå 1608 til 1613, skreiv Shakespeare eventyrspela sine, slik som Stormen. Både det siste skodespelet hans, Henry VIII og The Two Noble Kinsmen, meiner ein no er heilt eller delvis skrive saman med John Fletcher i 1613.[2][3]

I alle skodespela kan ein finna Shakespeares forskjellige livssyn og moralske verdiar som ærlegdom, truskap, mot, tillit og miskunn. Shakespeare brukt mange eldre kjelder som Saxo Grammaticus' Gesta Danorum, engelske og italienske noveller samt andre skodespel i sine skodespel.

Ry[endre | endre wikiteksten]

Ryet til Shakespeare har berre vakse sidan han levde. Ikkje før frå førstninga på 1700-talet har Shakepeare hatt ei klår leiing som skodespelforfattar på den engelske scena, men i litteraturkritikken har han hatt førsteplassen heilt frå starten. I førstninga på 1800-talet auka romantiske kritikarar som Samuel Taylor Coleridge ryet til Shakespeare enda meir, mesta til den reine dyrkinga av han som profet og geni. Men andre har hevda at Shakespeare ikkje kunne ha skrive alt som er gjeve ut i hans namn.

Skodespela og kategoriseringa av dei[endre | endre wikiteksten]

Skodespela til Shakespeare kom først ut på prent som ein serie av «folios» og «quartos», og dei blir framleis mykje studerte og framførte. Det utgjer ein etablert del av den vestlege litterære «kanon».

Skodespela er tradisjonelt inndelte i tragediar, komediar og historier, men somme meiner i dag at nokre av dei heller burde nemnast «problemstykke» fordi dei - kanskje med vilje - bryt med dei konvensjonelle kategoriane. I tillegg blir dei seinare komediane vanlegvis òg kalla «romansar». I lista nedanfor tyder ei stjerne «romanse», to stjerner «problemstykke».

Komediar[endre | endre wikiteksten]

  • The Tempest *
  • The Two Gentlemen of Verona
  • The Merry Wives of Windsor
  • Measure for Measure **
  • The Comedy of Errors
  • Much Ado About Nothing
  • Love's Labour's Lost
  • A Midsummer Night's Dream
  • The Merchant of Venice **
  • As You Like It
  • Taming of the Shrew
  • All's Well That Ends Well
  • Twelfth Night or What You Will
  • The Winter's Tale *
  • Pericles, Prince of Tyre * (ikkje inkludert i den første «folio»)
  • The Two Noble Kinsmen * (likeins)

Historiske stykke[endre | endre wikiteksten]

  • King John
  • Richard II
  • Henry IV, part 1
  • Henry IV, part 2
  • Henry V
  • Henry VI, part 1
  • Henry VI, part 2 v
  • Henry VI, part 3
  • Richard III
  • Henry VIII

Tragediar[endre | endre wikiteksten]

  • Troilus and Cressida **
  • Coriolanus
  • Titus Andronicus
  • Romeo and Juliet
  • Timon of Athens
  • Julius Caesar
  • Macbeth
  • Hamlet
  • King Lear
  • Othello
  • Antony and Cleopatra
  • Cymbeline * (normalt klassifisert som komedie i dag)

Dikt[endre | endre wikiteksten]

Shakespeare er først og fremst kjend for ei rekke kjærleikssonettar. Han skreiv òg nokre lengre dikt: Venus and Adonis, The Rape of Lucrece, The Passionate Pilgrim, The Phoenix and the Turtle og A Lover's Complaint.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Shakespeare blei døypt den 26. april. Ettersom ein vanlegvis døypte ungar kort tid etter fødselen, er han tradisjonelt blitt gjeven fødselsdagen 23. april, som òg var dagen han døydde på. I den gregorianske kalenderen var datoen han døydde på den 3. mai.
  2. Spedding, James. "Who Wrote Henry VIII?" Gentleman's Magazine, 178 / new series 34, August 1850, pp. 115-23.
  3. Erdman, David V., and Ephraim G. Fogel, eds. Evidence for Authorship: Essays on Problems of Attribution. Ithaca, N.Y., Cornell University Press, 1966; p. 457. For ei oppsummering av forsking inntil dåtida sjå: ss. 457-78.