CZ 50

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

CZ 50, kjend au som Vz 50 (modell 50), er ein tsjekkisk halvautomatisk pistol.

Etter andre verdskrigen ville styresmaktene i Tsjekkoslovakia ha ein ny pistolkontruksjon frå den store våpenprodusenten Ceska Zbrojovka. Pistolen i kaliber .32 ACP (7,65 mm Browning) som var resultatet av dette ønsket, var konstruert av to brør, Jan og Jaroslav Kratsjovil. Han var ein kopi av den tyske Walther PP.

CZ 50 vart seld kommersielt, men dei fleste vart produserte for det tsjekkoslovakiske politiet.

Serienummera startar på 650001, der dei held fram frå nummera til den eldre modellen CZ 27. Pistolar produserte ved Strakonice-fabrikken sluttar på noko med 740000. Dei produserte ved Uhersky Brod har serienummer med fem tal og ein bokstav fremst. Dei siste to tala i produksjonsåret er stempla på venstre side bak på sleiden, attmed fabrikken sitt stempelmerke, ei løve med bokstaven N. Mange har au merke på at dei er (var) statens sin eigedom, to kryssa sverd.

CZ 70 og CZ 83[endre | endre wikiteksten]

CZ (Vz) 70 er ein variant av CZ 50 med mindre kosmetiske endringar gjorde i 1970.

CZ 70

Han har blant anna ny form på skjeftet, nytt skjeftemønster, serienummer under hylseutkastaropningen og ein større hane med hòl i.

Den moderne CZ 83 er enda ein kompakt blow-back pistol i kaliber 7,65 mm Browning frå CZ-fabrikken. Han har magasin med dobbel rekkje med patronar, og tek da heile 15 skot i kaliber 7,65 mm. Han finst au i kaliber .380 ACP og kaliber 9 mm Makarov. Versjonen i kaliber 9 mm Makarov vart bruka av det tsjekkoslovakiske militæret som CZ 82.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

I hovudsak den engelskspråklege wikipediaen