Calais

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Calais
Calais pier.jpg
Flagget til Calais
Flagget til Calais
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Nord-Pas-de-Calais
Pas-de-Calais
Geografi
Flatevidd
 - By

33,50 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik
 - Storbyområde

77 333
  2 308/km²
125 584
Koordinatar 50°57′10″N 01°51′32″EKoordinatar: 50°57′10″N 01°51′32″E
Diverse anna
Heimeside: www.mairie-calais.fr
Plassering
Calais dot.png

Calais (nederlandsk Kales) er ein hamneby ved Den engelske kanal i Frankrike med om lag 75 000 innbyggjarar. Storbyområdet hadde i 1999 etter ei folketeljing 125 584 innbyggjarar. Han ligg i departementet Pas-de-Calais, der han er sous-préfecture (underprefektur).

Han er den byen i Frankrike som ligg nærast England, og avstanden over til Dover er berre 34 km. På ein klår dag kan ein sjå dei kvite klippene i Dover. Byen har tidlegare høyrt til engelskmennene, då han vart erobra av Kong Edvard III av England i 1347, etter ei omleiring som hadde vart i heile 11 månadar. Calais var engelsk heilt fram til 1558, då franskmennene erobra byen tilbake.

Byen vart sterkt øydelagt i løpet av den andre verdskrigen, og berre den eldste delen av byen er restaurert. Denne eldste delen av byen ligg på ei kunstig øy omringa av kanalar og hamner. Den moderne delen av byen, St. Pierre, ligg i sør og søraust. Ein større tysk bunker er no krigsmuseum.

Calais er no eit knutepunkt for fleire av kanalferjene, mellom anna Hovercraft-fartøya (luftputebåtar) (slutt 2000) mellom England og Frankrike, i tillegg til å vere i enden av tunnelen under Den engelske kanal, (som franskmennene kallar la Manche (ermet)).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Calais