Calbuco

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 41°19′48″S 72°37′06″W
Calbuco
vulkan
none  Calbuco frå nord langs veg 225 ved breidda av Llanquihuesjøen. (11. feb. 2010)
Calbuco frå nord langs veg 225 ved breidda av Llanquihuesjøen. (11. feb. 2010)
Land Flag of Chile.svg Chile
Region Los Lagos
Fjellkjede Andes
høgd 2 015 moh
skardhøgd 1 946 m
koordinatar 41°19′48″S 72°37′06″W
Geologi Pleistocen
Vulkantype Stratovulkan
Siste utbrot 1972

Calbuco er ein stratovulkan sør i Chile, som ligg søraust for Llanquihuesjøen og nordvest for Chaposjøen i Los Lagos-regionen. Vulkanen og det kringliggande området ligg i Llanquihue nasjonalreservat. Vulkanen er ein særs eksplosiv andesittvulkan som kollapsa seint i pleistocen og skapte eit ras som nådde innsjøen.

Vulkanaktivitet[endre | endre wikiteksten]

Calbuco har hatt minst ni utbrot sidan 1837 og det siste kom i 1972. Eit av dei største vulkanutbrota i sørlege Chile fann stad her i 1893–1894. Kraftige utbrot sende 30 cm store bomber ut opp til 8 km unna krateret, i lag med store mengder varme laharar. Kraftige eksplosjonar skjedde i april 1917 og ein lavadom oppstod i krateret i lag med varme laharar. Eit anna kort utbrot fann stad i januar 1929 med ein pyroklastisk straum og lavastraumar. Det siste store utbrotet skjedde i 1961 og sende ei oskesøyle 12–15 km opp i lufta og spreidde seg søraustover i lag med to lavastraumar. Det var eit lite, fire timar langt utbrot den 26. august 1972. Kraftige fumaroler vart sett ved hovudkrateret den 12. august 1996.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Calbuco Volcano

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]