Campobasso

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Campobasso
Klokketårnet i S. Bartolomeo-kyrkja i gamlebyen i Campobasso.
Klokketårnet i S. Bartolomeo-kyrkja i gamlebyen i Campobasso.
Plassering
Campobasso is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Molise
Campobasso
Borgarmeister Giuseppe Di Fabio
Geografi
Flatevidd
 - By

55 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

51 633
  852/km²
Koordinatar 41°34′″N 14°40′″EKoordinatar: 41°34′″N 14°40′″E
Høgd over havet 700 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 86100
Telefon-retningsnummer 0874
Nettstad: www.comune.campobasso.it

Campobasso (campobassisk dialekt Kambuàš) er ein by i Italia. Han er hovudstad i både provinsen Campobasso og i regionen Molise og har om lag 50 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Biferno og er omgjeve av fjella Sannio og Matese.

Campobasso har vore kjend for produksjonen av knivar (og sakser) sidan 1300-talet. Han er òg kjend for produksjon av pærer og osten scamorza.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein er ikkje sikker på korleis Campobasso vart grunnlagd, men han vart grunnlagd før 700-talet som ein festing for langobardane på ein bratt ås der det står ei borg. Det opphavlege namnet var Campus vassorum som tyder at byen opphavleg var setet for ein vasall under Hertugdømet Spoleto.

Etter normannarane erobra Sør-Italia mista Campobasso statusen som ein strategisk stad og vart i staden eit senter for handel og administrasjon.

Frå 1330 til 1745 vart byen styrt av Monforte-Gambatesa-familien, som bygde borga og fekk løyve til å prege eigne myntar. Seinare vart han styrt av familiane Di Capua, Gonzaga, Vitagliano, Carafa og Romano.

I 1763 forlet innbyggjarane gamlebyen og slo seg ned lenger nede i dalen. Den noverande byen vart utvia i 1814 av kongen av Napoli Joachim Murat, ogg ligg på Campo Basso («Den nedre sletta»).

I oktober og november 1943 var Campobasso åstad for kampar mellom dei allierte og tyskarane. Fleire bygningar og fabrikkar vart øydelagd og 38 sivile mista livet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Campobasso

Kjelder[endre | endre wikiteksten]