Can You Feel the Love Tonight

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Can You Feel the Love Tonight
Singel av Elton John
frå albumet The Lion King
Utgjeve 12. mai 1994
Innspelt 1993
Sjanger Pop
Lengd 3:59
Selskap Walt Disney
Låtskrivar(ar) Elton John (musikk), Tim Rice (tekst)
Produsent Chris Thomas
Elton John-kronologi
«Ain't Nothing Like the Real Thing»
(1994)
Can You Feel the Love Tonight «Circle of Life»
(1994)

«Can You Feel the Love Tonight» er ein song av Elton John frå Disney-filmen The Lion King frå 1994, med tekst av Tim Rice.

Songen vart ein hitt og nådde 14. plass i Storbritannia og 4. plass i USA. I Frankrike gjekk songen heilt til topps.

I filmen vart songen framført av Kristle Edwards, Joseph Williams, Sally Dworsky, Nathan Lane og Ernie Sabella, medan Elton John sjølv spelar songen under rulleteksten. I 1994 vann songen Oscarprisen og Golden Globe for beste song. Elton John vann òg Grammyprisen for beste mannlege popvokal med songen.

I 2003 vart ein ny miks av songen gjeven ut på spesialutgåva av filmmusikkalbumet, igjen sungen av Elton John.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt inn songen er Patricia Paay, Dannii Minogue, Hank Marvin, John Barrowman, S Club, Sara Paxton, Joe McElderry, Elliott Yamin, Nina, Helene Fischer, Toše Proeski og Brian Wilson.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1994) Plassering
Australia 9
Austerrike 4
Frankrike 1
Tyskland 14
Irland 9
New Zealand 7
Sverige 2
Storbritannia 14
USA - Billboard Hot 100 4
USA - Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 1
Liste (1995) Plassering
Nederland 14
Noreg 4
Sveits 10

Kjelder[endre | endre wikiteksten]