Carl David af Wirsén

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Carl David af Wirsén med signatur

Carl David af Wirsén (fødd 9. desember 1842 i Vallentuna, død 12. juni 1912) var ein svensk poet, litteraturkritikar og fast sekretær i Svenska akademien frå 1884.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Carl David vart fødd på Bällsta gard i Vallentunai Uppland som son av sjefen for Livregementets dragonkår Karl Ture af Wirsén og Eleonore von Schulzenheim. Han gjekk på Stockholms gymnasium og byrja å studere i 1860 i Uppsala der han i 1862 avla kansliexamen og i 1866 fekk tittelen filosofie kandidatexamen, før han same år vart forfremma til filosofie doktor. Under eit besøk til Paris skreiv han Studiar rörande reformerna inom den franska vitterheten under sextonde och nittonde seklen (1868), eit skrift som skaffa han ei stilling som dosent i litteraturhistorie ved Uppsala universitet. I 1870 vart han lektor i svensk og latin ved Uppsala högre allmänna läroverk. Same år utgav han, saman med Hans Forssell, Svensk tidskrift.

Faren hans åtte Rockhammars bruk i Lindesbergs kommun frå 1848, og han arva bruket saman med systrene sine då faren døydde , men drifta vart overteken av svograne, og ein av dei tok til slutt over heile bruket. I Rockhammar er det ein minnestein for slekta, og ein veg som ber namnet «Wirséns väg».

I 1876 busette han seg i Göteborg, der han forelas og hadde ansvar for biblioteka til museet og kunstsamlingar. I 1879 vart han valt inn på stol 8 i Svenska akademien etter Carl Wilhelm Böttiger, og flytta året etter til Stockholm der han vart litteraturansvarleg i Post- och Inrikes Tidningar og frå 1886 òg i avisa Landet vårt. I november 1884 vart han valt til den faste sekretæren til akademiet. I denne stillinga inngjekk det arbeid med å «fastsetje stavinga» og dessutan med ordboka til akademiet. Det førstenemnde arbeidet resulterte i Svenska akademiens ordlista (SAOL), der den moderne stavemåten vann gehør, noko Wirsén ikkje likte. Saman med Theodor Wisén og Esaias Tegnér d.y. freista han å forseinke utgjevinga. I desember 1883 vart af Wirsén utpeikt som medlem av salmebokkommiteen som fekk i oppgåve å «med varsamhet utarbeta ét nytt förslag till psalmbok». Resultatet vart salmeboka frå 1889.

Som versdikter publiserte af Wirsén under signaturen Kuno, først i studentkalenderen Isblomman (1861) og i Namnlösa sällskapets første publikasjonen Sånger och berättelser af nio signaturar (1863). Deretter drygde det til sorgfesten i Uppsala i 1872 etter kong Karl XV døydde, då han skreiv Sång till minne af konung Carl XV. Etter fleire romantiske dikt i månadstidsskriftet Nu gav han ut den første samlinga si, Diktar, i 1876. Han vart følgt av fleire andre diksamlingar (sjå bibliografien). Hans kristne livssyn kom ofte til uttrykk i arbeida hans, til dømes i fleire salmar og andelege dikt. Ei av salmane hans er teke med i Salmar 1997.

Hans konservative legning og rikeleg produksjon og publisering av litteraturkritikk, gjorde at han vart velkjend, men òg mykje motsagt, i blant i harde ordelag, av sine meiningsmotstandarar som representerte nyare idéar (nya tida) med stavingsreform og ein friare språkleg stil. Etter oppfatninga hans hadde "diktningen till uppgift att uppdaga det absoluta, osinnliga innehåll, som ligg till grund för sinnevärldens företeelser. Kalla til skalden är et ljusets prästämbete, han skal i dikten uppenbara en högre värld av renhet och frid ..."

Som kritikar hadde af Wirsén mange utdanna menneske sine øyre, men inkje større samband med den unge litteraturen, og han har vorte berykta for sine mange negative uttalingar om August Strindberg, Vernar von Heidenstam, Selma Lagerlöf, Henrik Ibsen og mange andre. Den sentrale stillinga hans som fast sekretær i Svenska Akademien - den institusjonen som frå 1901 delte ut Nobelprisen i litteratur - hadde òg stor innverknad på vala til dei første åra av prisvinnarar; til dømes Selma Lagerlöf som af Wirsén lengje lukkast å utmanøvrere frå å få prisen.[1]

Han vart innvalt som medlem av Kungliga Vetenskapsakademien i 1905.

Carl David af Wirsén ligg gravlagd på Uppsala gamla kyrkogård.

Bibliografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

Poesi[endre | endre wikiteksten]

  • Dikter, første samling (1876)
  • Nya dikter, andre samling (1880)
  • Sånger och bilder (1884)
  • Vintergrönt (1890)
  • Toner och sägner (1893)
  • Under furor och cypresser (1896), med dikt som Spinoza, Septemberdag vid Bellmans byst
  • Visor, romanser och ballader (1899).

Litteraturhistoriske levnedsskildringar[endre | endre wikiteksten]

(Utgjeve samla i 1900)

Salmar[endre | endre wikiteksten]

  • «En vänlig grönskas rika dräkt»
  • «Det går ett tyst och tåligt lamm»
  • «Det är så tyst, han kämpat ut»
  • «Gud är mitt ibland oss|Herren är tillstädesx
  • «I livets bok, o Fader, skriv»
  • «Jag nu den säkra grunden vunnit»
  • «Nu dagen är till ända»

Salmebøker[endre | endre wikiteksten]

  • Andliga Sånger (1898), samlingsverk.
  • Från Betlehem till Golgata (1882), åndlige sanger
  • Vid juletid (1887), salmer
  • I livets vår (1888)
  • Kristna högtids- och helgdagar (1889), sanger og salmer

Diverse[endre | endre wikiteksten]

  • Studier rörande reformerna inom den franska vitterheten under sextonde och nittonde seklen (1868)
  • Utgav og skreiv ei biografisk innleiing til E. Björcks "Valda dikter" (1869)
  • Innledning til D. Klockhoffs "Efterlemnade skrifter" (1871).
  • Prolog vid sällskapsspektaklet till förmån för skandinavisk-etnografiska samlingen (1879)
  • Vid tvåhundraårsfesten till Calderons minne (1881)
  • Sång över Esaias Tegnér (1882)
  • Rafael (1883)
  • Sång vid Svenska akademiens hundraårsfest (1886)
  • Claes Livijn, ett självständigt bidrag till forskningen över Nya skolan.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Böök, Fredrik, Essayer och kritiker (1911-12)
  • Böök, Fredrik, Sveriges moderna litteratur (1921)
  • Estlander, K.G. : C.D. af Wirsén och idealismen, Finsk tidskrift (1886)
  • LIndgren, Astrid, Ständige stenhuggaren Carl David af Wirsén, i Författarnas litteraturhistoria, Bok 2, Stockholm 1978.
  • Heidenstam, Verner von, Inträdestal i Svenska akademien den 20 december 1912
  • Michanek, Germund, Svenska Akademien i skämtbilder, Stockholm 1986.
  • Vetterlund, Fredrik, C.D. af Wirsén Några minnesord, i Ord och bild (1912)
  • Vetterlund, Fredrik, Skissblad om poeter (1914)
  • Vetterlund, Fredrik, Romantik, Helsingfors, (1920)
  • Vetterlund, Fredrik, Ragnhild och Olof i Festskrift tillegnad V. Söderhjelm (1919)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Carl David af Wirsén» frå Wikipedia på bokmål, den 28. juli 2011.
  • Carlquist, G. red., Svensk uppslagsbok, utg. 1 (1929-37) bd 29, sp 1049, Malmö
  • Wirsén, 3. Karl (Carl) David af i Nordisk familjebok (2:a upplagan, 1921)
  • Carl David af Wirsén i Karl Warburg, Svensk litteraturhistoria i sammandrag (6:e upplagan, 1904)
  • Seklet då allt hände av Eric Öhrn och Göran Karlsson

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]