Carlo Azeglio Ciampi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Carlo Azeglio Ciampi

Carlo Azeglio Ciampi (fødd 9. desember 1920) er ein italiensk politikar som var presidenten i Italia frå 13. mai 1999 til 15. mai 2006.

I 1941 tok han ein akademisk grad i litteratur frå Scuola Normale de Pisa, eit av dei mest prestisjetunge universiteta i Italia. Han studerte så jus ved Universitá de Pisa, og tok graden sin i 1946. Same år byrja han å jobbe for Banca d'Italia, den italienske sentralbanken.

I 1960 vart han tilsett sentraladministrasjonen i Banca d'Italia. Han vart generalsekretær i banken i 1973, visegeneraldirektør i 1976 og generaldirektør i 1978. I oktober 1979 vart han guvernør for banken, og president for Ufficio Italiano Cambi. Desse stillingane hadde han til 1993.

Frå april 1993 til mai 1994 var han statsminister i Italia, og leia ei teknisk koalisjonsregjering. Frå 1996 til 1999 var han finansminister i landet, og hadde blant anna ansvaret for innføring av euro som ny valuta.

Ciampi vart i 2001 tildelt storkrossen av St. Olavs Orden.