Livorno

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Livorno
Veduta di Livorno.JPG
Byvåpenet til Livorno
Byvåpenet til Livorno


Plassering
Livorno is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Toscana
Livorno
Borgarmeister Alessandro Cosimi
Geografi
Flatevidd
 - By

104 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

155 986
  1424/km²
Koordinatar 43°33′″N 10°19′″EKoordinatar: 43°33′″N 10°19′″E
Høgd over havet 3 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 57100
Telefon-retningsnummer 0586
Nettstad: www.comune.livorno.it

Livorno er ein hamneby i Italia ved Liguriahavet. Han er hovudstad i provinsen Livorno i regionen Toscana og har om lag 155 000 innbyggjarar. Livorno er den tredje største hamnebyen på vestkysten av Italia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Livorno vart definert som ein «idealby» under den italienske renessansen. Byen har framleis mange kanalar omgjeve av kraftige bymurar og ei hamn med tårn og festningar som fører til sentrum av byen. Store delar av byen var teikna av arkitekten Bernardo Buontalenti på slutten av 1500-talet og Livorno gjennomgjekk ein periode med stor byplanlegging på slutten av 1600-talet.

Kanal i Livorno

Seint i 1580-åra erklærte Ferdinando I de Medici Livorno ein «porto Franco» som innebar at varer som vart handla her var skattefrie. Lovene Leggi Livornine, som byen vart styrt etter mellom 1590 og 1603, gav handelsmennene mange privlegiar, religionsfridom og amnesti for enkelte straffar. På grunn av desse lovene vart Livorno ein verdsby og ein av dei viktgaste i heile Middelhavet. Mange utlendingar flytta til Livorno, som jødar, armenarar. grekarar, nederlendarar og engelskmenn.

Under napoleonskrigane var det forbode å handle med England og Livorno fekk store økonomiske tap på grunn av dette. I 1868, etter at Livorno vart ein del av Kongedømet Italia, mista han no statusen som Porto Franco og byen vart mindre viktig.

Viktige personar frå Livorno[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Livorno

Kjelder[endre | endre wikiteksten]