Kongedømet Italia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Regno d'Italia
Kongedømet Italia
18611946
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Nasjonalsong
«Marcia Reale d'Ordinanza»
«Den kongelege marsjen»¹
Plasseringa til Italia
Kongedømet Italia og landområda deira på det mektigaste i 1940
Hovudstad Torino (1861-1864)
Firenze (1864–71)
Roma (frå 1871)
Språk Italiensk
Religion Romersk-katolsk
Styreform Konstitusjonelt monarki
Konge
 - 1861–1878 Viktor Emmanuel II
 - 1878–1900 Umberto I
 - 1900–1946 Viktor Emmanuel III
 - 1946 Umberto II
Statsminister
 - 1861 Grev di Cavour (første)
 - 1922–43 Benito Mussolini
 - 1945–46 Alcide De Gasperi (siste)
Historie
 - Oppretta 17. mars 1861
 - Marsjen mot Roma 22. oktober 1922
 - Stålpakta 22. mai 1939
 - Oppheva 2. juni 1946
Areal
 - 1936 310 120 km²
Innbyggjarar
 - 1861 est. 26 328 000 
 - 1911 est. 36 921 000 
 - 1936 est. 42 399 000 
     Folketettleik 136,7 /km²
Valuta Italienske lire
Føregjengar
Etterfølgjarar
Flag of Italy (1861-1946) crowned.svg Kongedømet Sardinia
Flag of the Kingdom of the Two Sicilies 1860.gif Begge Siciliar
Flag of Austria.svg Kongedømet Lombardia-Venetia
Flag of the Papal States (1808-1870).svg Kyrkjestaten
Flag of the Free State of Fiume.svg Fristaten Fiume
Flag of Austria-Hungary (1869-1918).svg Austerrike-Ungarn
Flag of Austria.svg Tysk-Austerrike
Flag of the Kingdom of Yugoslavia.svg Drava Banovina
Vatikanstaten Flag of the Vatican City.svg
Den italienske sosialrepublikken Flag of Italy.svg
Sosialistrepublikken Slovenia Flag of SR Slovenia.svg
Territorio libero di Trieste Free Territory Trieste Flag.svg
Italia Flag of Italy.svg
1: Uoffisiell nasjonalsong «Giovinezza» («Ungdomen») 1922–43

Kongedømet Italia (italiensk Regno d'Italia) var ein stat grunnlagd i 1861 med samlinga av Italia med hjelp av Kongedømet Sardinia. Det eksisterte fram til 1946 då italienarane stemde for ein republikansk konstitusjon. Kongedømet var den første italienske staten som inkluderte heile Den italienske halvøya sidan fallet til Romarriket.

I perioden under regimet til det nasjonale fascistpartiet under diktatoren Benito Mussolini frå 1922 til 1943 vart kongedømet av nasjonalistane og fascistane ofte kalla «Det italienske riket» (italiensk Impero Italiano) eller «Det nye Romarriket» (italiensk Nuovo Impero Romano, latin Novum Imperium Romanum), men desse vart ikkje nytta offisielt. Namnet som historikarar ofte nyttar om Kongedømet Italia under styret til Mussolini og fascistane er Fascist-Italia. Under fascismen var Kongedømet alliert med Nazi-Tyskland under den andre verdskrigen fram til 1943. Dei siste to åra av krigen byta Kongedømet Italia til dei allierte si side etter å ha jaga bort Mussolini som statsminister og nedlagt forbod mot Fascistpartiet. Restane av fasciststaten kjempa mot dei allierte som ein marionettstat under Nazi-Tyskland kalla «Den italienske sosialrepublikken», framleis styrt av Mussolini og fanatiske fascistar i Nord-Italia. Kort tid etter krigen førte borgarleg misnøye til at det i 1946 vart halde ei folkeavstemming om Italia framleis skulle vere eit monarki eller verte ein republikk. Italienarane valde bort monarkiet og danna Den italienske republikken, som i dag utgjer Italia.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.