Carmarthen Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Carmarthen Bay (walisisk Bae Caerfyrddin) er ei bukt på sørkysten av Wales. Her finst strender, som Pendine Sands og Cefn Sidan, og delar av området ligg innanfor Pembrokeshire Coast nasjonalpark.

River Loughor munnar ut i bukta ved Loughor-estuaret og elvane Tywi, Taff og Gwendraeth munnar ut i bukta via Three Rivers-esuaret. Caldey Island ligg i bukta nær Tenby.

Av byar og landsbyar langs bukta finn ein (frå aust til vest) Pembrey, Kidwelly, Ferryside, Llansteffan, Laugharne, Pendine, Amroth, Wiseman's Bridge, Saundersfoot og Tenby.

Eit område av kysten av Carmarthen Bay nær Burry Port vart i 1980-åra nytta til å teste vindturbinar. Den første turbinen vart sett opp i området i november 1982. Fem turbinar med forskjellig utforming vart testa mellom 1982 og 1989. Seint i 1990-åra vart vindturbinane fjerna og området vart innlemma i Millennium kystpark[1].

Koordinatar: 51°40′N 4°30′W

Kjelder[endre | endre wikiteksten]