Vindturbin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vindturbinar på møller i La Mancha i Spania.
Moderne vndturbin i eit vindkraftverk.

Vindturbin er ei straumingsmaskin som omset dynamisk energi i vind til mekanisk energi, som vert nytta til å driva maskinar som til dømes møller og pumper, eller til å generera elektrisk energi i vindkraftverk.

Moderne vindturbinar er plasserte på høge fundament, der ein girkasse leverer den mekaniske effekten vidare til for eksempel ein elektrisk generator, eller ei anna maskina. Men moderne vindturbinar driv så godt som alltid ein generator, etter som det er enklare og billigare å strekkja elektriske kablar enn mekaniske akslingar.

Vindkraftverk har dei seinare åra fått noko utbreiing, av di dei er miljøvenlege og gjev relativt billig energi. Særleg i Danmark gjer ein noko bruk av vindkraftverk[treng kjelde]. Det vert òg diskutert ei større utbygging av vindkraftverk i Noreg [treng kjelde].

Ulempa med vindturbinar er at dei berre er effektive der det blæs mykje heile året. Det er difor avgrensa kor dei kan plasserast. Dessutan har det vist seg å vere eit problem at nokre vindparkar er plasserte i hekkeområde til havørn og drep fuglar som flyg på vengene[1].

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  1. Vil finne løsning på havørn-kollisjoner, Nordvestnytt, 19/5 2006

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]