Carnegie Range

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carnegie Range
fjellkjede
Land  Antarktis
Stad Ross Dependency
 - koordinatar 82°11′S 161°10′E / 82.183°S 161.167°E / -82.183; 161.167
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Carnegie Range
82°11′00″S 161°10′01″E / 82.1833°S 161.167°E / -82.1833; 161.167
Carnegie Range is located in Antarktis
Carnegie Range (Antarktis)

Carnegie Range er ei fjellkjede i Ross Dependency. Ho er 18 nautiske mil lang, og går frå nord til sør mellom Errantbreen og Holyoake Range i vest og Algiebreen og Nash Range i aust. Fjellkjeda stig til over 1400 moh og er isdekt utanom fjelltoppar og ryggar i nord og Russell Bluff i sørenden. Ho vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter Andrew Carnegie, ein amerikansk industrileiar frå Skottland som grunnla mange institusjonar for utdanning og forsking i USA, Storbritannia og andre engelsktalande land.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Carnegie Range». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 20. oktober 2012. 

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Carnegie Range» (innhald frå Geographic Names Information System).