Caroline Amalie av Danmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Caroline Amalie av Danmark
Caroline Amalie av Danmark
Dansk dronning: 1839-1848
Etterfylgde Marie Sophie av Noreg og Danmark
Etterfylgjar: Louise av Hessen-Kassel
Fødedato: 28. juni 1796
Fødedstad: Dehns palé i København
Dødsdato: 9. mars 1881 (84 år)
Dødsstad: Amalienborg i København
Gravlagd: Roskilde domkyrkje
Gift med: Kristian Fredrik av Noreg,
konge av Danmark som Christian VIII

Caroline Amalie (Caroline Amalie av Augustenborg) (fødd 28. juni 1796 i København, død 9. mars 1881 i København) var gift med Kristian Fredrik av Noreg i det andre ekteskapet hans. Da han blei konge av Danmark som Christian VIII i 1839 vert ho dronning av Danmark.

Caroline Amalie var dotter av Frederik Christian II av Holstein-Augustenburg og Louise Augusta.[1] Frederik Christian II var leiar av hertugslekta Augustenborg. Louise Augusta var dotter av dronning Caroline Mathilde av Danmark-Noreg og Johann Friedrich Struensee. [1][2]

Kristian Fredrik og Caroline Amalie gifta seg på Augustenborg slott 22. mai 1815.[3] Ekteparet fekk ingen born.

Ho var sterkt knytt til krinsen kring N.F.S. Grundtvig og stifta mellom anna ein asylskole for born i København.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Caroline Amalie (1796 - 1881) frå Dansk Kvindebiografisk Leksikon
  2. Louise Augusta frå De Danske Kongers Kronologiske Samling
  3. Lars Roar Langslet: Christian Frederik, Konge av Norge (1814), konge av Danmark (1839–48). Del II side 12, J.W. Cappelens Forlag 1999 ISBN 82-02-18449-5

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Caroline Amalie av Danmark