Johann Friedrich Struensee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Johann Friedrich Struensee
Struensee - miniature portrait.jpg
Nasjonalitet Tysk
Fødd 5. august 1737, Halle an der Saale i Tyskland
Død 28. april 1772 (34 år), København i Danmark
Yrke Lege og politikar

Johann Friedrich Struensee (fødd 5. august 1737 i Halle an der Saale i Tyskland, død 28. april 1772 i København i Danmark) var ein lege og politikar. Han var livlege for kong Kristian VII av Danmark-Noreg frå 1769 og den eigentlege makthavaren i Danmark-Noreg i åra 1770–1772. På grunn av sinnssjukdomen til den regjerande Kristian VII kunne hoffolk som fekk tillit hos kongen i realiteten ta over regjeringsmakta.

Med sitt stadig meir intime forhold til dronning Caroline Mathilde og utmanøvrering av dei mektigaste i staben til kongen, grev Holck og utanriksminister J.H.E. Bernstorff, vart Struensee den reelle makthavaren i landet. Han gjennomførte ei rad reformer i styringsverket i tråd med ideane i opplysingstida, reformer som gjorde vesentlege inngrep i ei lang rekkje forhold i det danske samfunnet. Etter knappe to år ved makta vart han avsett ved eit kupp den 17. januar 1772 og deretter dømt til døden og avretta.

Oppvekst og ungdom[endre | endre wikiteksten]

Johann Friedrich Struensee var son til presten Adam Struensee i Halle, seinare biskop i Schleswig-Holstein. Faren var pietist av den franckeske skole, ei retning som la vekt på samfunnsnytte og oppfordra medlemmane av trusretninga til å søkje verdsleg kunnskap.

Portrett av Struensee frå 1771 måla av Jens Juel. Portrettet er eit av dei vennlegsinna måleria av Struensee og har difor sjeldan blitt nytta.[1] Struensee har Mathildeordenen rundt halsen. Frå Bomann–Museum i Celle.

Struensee blei skriven inn som medisinstudent ved universitetet i Halle i 1752. Han fortalde seinare at kjende vitskapsmenn som den sveitsiske legen Albrecht von Haller og den franske filosofen Claude Adrien Helvétius var mellom førebileta hans. Struensee var påverka av ideane i opplysingstida, i tillegg til den pietistiske bakgrunnen som han hadde fått frå heimen. Boksamlinga etter Struensee viser at han kjende til dei moralske tankane til Voltaire, Jean-Jacques Rousseau og Ludvig Holberg, den siste kjende Struensee gjennom ei omsetjing til tysk.

I 1757 tok Struensee doktorgraden i medisin med ei avhandling kalla Om skaden ved forkjærte legemsbevegelser. Avhandlinga forklarte korleis ein hindrar skader ved å unngå feil rørsler, og peikar fram mot tankane hans om oppseding. Då han var ved makta i Danmark nytta han desse ideane mellom anna på den seinare kronprins Fredrik VI.

Same året, 1757, fekk far hans ei prestestilling i Altona, ein by i det danske riket. Struensee blei med familien til Altona, der han i 1758 blei han tilsett som bydoktor. Løna var som for andre lågare offentlege embete på 70 riksdalar, noko som var for lite til at ein borgar kunne leve sømeleg av ho. Saman med ein studiekamerat frå Halle, David Panning, begynte han difor å gi ut tidsskriftet Zum Nutzen und Vergnügen – «Til nytte og glede» – i 1763. Tidsskriftet var meint både til folkeopplysing og underhaldning. I ein artikkel blei det i eit satirisk teologisk språk gjort narr av legar som selde kvakksalvarmedisin for eiga vinning. Styresmaktene fann dette forderveleg for unge folk og eit hån av religionen, så tidsskriftet blei forbode og boktrykkaren fekk ei bot. Artikkelen var sannsynlegvis ikkje skriven av Struensee sjølv, men som redaktør var han ansvarleg for innhaldet i bladet.[2] Året etter gav Struensee ut eit nytt tidsskrift – Til Fremme av Vitenskapene, Kunsterne, Smaken og Sædene – som blei akseptert, ettersom det ikkje inneheldt satirisk stoff.

Embetet som lege gjorde at Struensee fekk innpass hos adelsfolk i området, mellom anna grev Schack Carl Rantzau. Det var gjennom kontaktane til greven at Struensee blei utnemnd til reiselege for den kongelege utlandsreisa som stod for døra.

Kristian VII si utanlandsreise[endre | endre wikiteksten]

Den 6. mai 1768 la Kristian VII ut på ei utanlandsreise. Struensee blei utnemnt til reiselege med ei årleg løn på 500 riksdalar, ettersom livlegen Hans Piper då var 65 år gamal og neppe var i stand til å gjennomføre med på ei stor utanlandsreise.[3] Med på turen var òg Bernstorff, som ville halde personleg oppsyn med kongen.

Reisa gjekk sørover gjennom Tyskland, nordover att til Nederland, derfrå til England. Deretter bar det sørover gjennom Frankrike, og til slutt nordover gjennom Tyskland mot Danmark. I samband med eit kongeleg arrangement i Paris møtte han samtidas leiande franske opplysningsfilosofar; til dømes Jean le Rond d'Alembert, Claude Adrien Helvétius, Denis Diderot og Paul Henri Thiry d'Holbach.[4]

Sinnssjukdomen til kongen byrja på denne tida å endra seg frå det omgjengeleg aktive til tungsinn. Dette gledde Bernstorff, sidan kongen då ikkje gjorde så mange av dei «opptrinna» han hadde frykta, til gjengjeld vart Struensee nærare knytt til kongen under reisa. Den 6. januar 1769 kom kongen heim til København. Med i kongens følgje, var Struensee som var blitt utnemnt til livlege, med ei løn på 1 000 riksdalar årleg.

Vegen til politikken[endre | endre wikiteksten]

Hirschholm slott slik det såg ut i 1739 av Johan Jacob Bruun. Hirschholm slott som låg i det nåverande Hørsholm. Under «Hirschholm-sommaren» i 1771 var slottet husvære for hoffet og dronning Caroline Mathilde fødde Struensees dotter Louise Augusta her. Det var og her oppsedinga av kronprins Fredrik fann stad. Etter at Caroline Mathilde vert landsforvist og Struensee avretta i 1772 vart slottet ikkje lenger nytta av dei kongelege og det forfall til 1810 da Fredrik VI bestemte seg for å rive det.[5]
Dronning Caroline Mathilde med Mathildeordenen i sløyfe på brystet. Ordenen vert skipa av Caroline Mathilde 29. januar 1771 på fødselsdagen til ektefellen kong Kristian VII. Måleri av Jens Juel frå 1771

Struensee knytta tettare band til kongen, Etter heimkomsten til hoffet fekk han overtalt kongen til å vise dronninga respekt. Slik vann han også gunst hos dronninga, og posisjonen hans ved hoffet vart ytterlegare forsterka.

Kongen sin favoritt var stadig grev Frederik Vilhelm Conrad Holck, drikkekameraten hans frå åra i førevegen. I mai 1769 vart Struensee utnemnt til etatsråd og rykte dermed opp i rangordninga. Kanskje var det rett etter utnemninga at Struensee og dronninga innleia eit kjærleiksforhold.[6] I byrjinga av 1770 vart Struensee utnemnt til kabinettsekretær for dronning Caroline Mathilde og til lærar for (seinare) Kristian VII.

Sommaren 1770 reiste hoffet til Holstein. Struensee lukkast då å få utmanøvrert grev Holck, ved å introdusere Enevold Brandt for hoffet att. Brandt hadde tidlegare vore assessor ved hoffet. I 1768 hadde han skrive eit brev til kongen om den dårlege innverknaden grev Holck hadde på han, noko som førte til at Brandt same året fekk avskjed i unåde. Han hadde vorte ven med Struensee, og denne såg i Brandt ein mogleg avløysar som favoritt hos kongen. Ved hjelp av innverknaden til dronninga sørgde dei for at Holck fekk avskjed og at Brandt vart innsett i staden. Dermed lukkast det for Struensee å etterlikne Bernstorff i bruken av ein «løgesminister», ein som kunne ta på seg rolla med å fylle dei behov kongen hadde for å skeie ut.

Men det var òg naudsynt for Struensee å kvitte seg med Bernstorff. Posisjonen som utanriksminister, det vil seie president for det tyske kanselli, var den mektigaste stillinga innanfor den danske regjeringa. Det var då også Bernstorff som formulerte hovudlinjene i den danske politikken i perioden, så om Struensee skulle oppnå posisjonen som kongen sin fortrulege, måtte Bernstorff bort.

I desember 1770 overtalte Struensee kongen til å oppløyse gehejmekonseillet og innføre eit kabinettstyre med han sjølv i rolla som kongen sin einaste minister. Posisjonen til utanriksminister Bernstorff var svekt, sidan han same sommaren hadde sendt to orlogsskip på straffeaksjon mot algeriske piratar som hadde tatt danske og andre europeiske handelsskip i Middelhavet, eit tokt som enda i ein katastrofe.

Med den øvste makt[endre | endre wikiteksten]

Side 2 og 3 av den "Kongelige Act" frå desember 1770 kor Struensee avskaffa Gehejmekonseillet og dermed blei den reelle statsleiar i Danmark.

Struensee måtte finne ein måte å innordne si eiga uformelle makt i høve den eksisterande administrasjonen. I fremste rekke for den gamle styreforma stod Gehejmekonsilet, eit organ dominert av tyske adelsmenn. Trass i at det opphavleg skulle vere ei rådgivande forsamling, var det her den eigentlege makta låg i dei periodane kongen ikkje var i stand til å styre.

Struensee sette inn i konsilet personar han meinte å kunne styre sjølv, mellom anna greven Rantzau som hadde hjelpt Struensee mot makta. Men han innsåg snart at Gehejmekonsilet ikkje gjekk ihop med den effektivisering og forenkling av kongemakta som han prøvde å oppnå. Difor sette han konsilet til sides den 8. desember 1770, og utnemnde seg sjølv til «maître de requêtes» («sjef for ansøkningene»), og innan nyttår hadde han heilt oppheva institusjonen. Han oppretta i staden ein såkalla «konference» som bestod av leiarane for dei ulike delane av statsadministrasjonen. Trass i at denne berre var rådgivande, vart den snøgt oppheva. Moglegvis fordi det likna for mykje på det gamle og fordi Struensee ynskte å distansere seg frå det førre adelsveldet.[7]

Reformer i administrasjonen[endre | endre wikiteksten]

Carl August Struensee von Carlsbach (17351804) var professor i matematikk, prøyssisk finansminister og bror til Johann Friedrich Struensee

Struensee hadde oppgåva med personleg å overlevere søknader til kongen. Og Struensee trong berre å gje ordre til kongen om å underskrive papiret, så lydde kongen. Dermed fekk Struensee uinnskrenka makt med omsyn til tilsetjingar ved hoffet. Såleis kunne han utnemne seg sjølv til kva stilling som helst innanfor regjeringa, og det kom til å mange utskiftingar i hoffstaben og regjeringa, helst slik at adelege vart skifta ut med borgarlege personar som vart tilsett etter forteneste.

Den 22. desember 1770 sette Struensee den danske diplomaten i Napoli Adolph Sigfried von der Osten til utanriksminister, og samstundes skilde han dette embetet frå tilknytinga til presidentskapet i det tyske kanselli. Struensee overlet likkevel administrasjonen av utanrikspolitikken til andre, og han sørgde difor for at utanrikssaker skulle gå gjennom han før dei vart førelagt for kongen. I tilegg til dette, var Osten og Struensee usamde om grunnleggjande idéar i utanrikspolitikken, noko som vekte ytterlegare motvilje i Osten overfor Struensee.

På vårparten i 1771 sette Struensee inn broren Carl August Struensee som leiar av finanskollegiet. Oppgåva hans var å sentralisere finansadministrasjonen og dessutan skilje kassa til kongen frå statstkassa. Finansane skulle vere under streng kontroll. Carl August Struensee viste seg som ein dugeleg økonom og administrator.[8]

Sommaren 1771 utnemnde Struensee seg sjølv til geheimekabinettsminister og kunne gje ut kabinettsvedtak på eiga hand. Kongen gleid lengre inn i sinnssjukdomen, og Struensee si makt vart i røynda uavgrensa. Struensee gjennomførte då ei rad reformer i styringsverket. Tilsetting i offentlege stillingar vart gjort avhengig berre av kvalifikasjonar. Byråkratiet i staten vart forenkla, og godseigarane si makt vart avgrensa. Skule- og helsevesenet skulle forbetrast. Bruk av tortur i rettsstellet vart forbode. Forordningane kom i stri straum, nær 2000 i den tida han hadde makta. Heilt i tråd med ideane i opplysingstida vart sensuren avskaffa og trykkefridom innførd. Trykkefridomen vart raskt nytta til å gje ut skrifter som omtala Struensee sitt tilhøve til den unge dronninga.

Dei mange reformene møtte motstand og skaffa Struensee mange fiendar. Høvet vart nytta til å utnemne seg sjølv og venen Enevold Brandt til lensgrevar. Den 7. juli 1771 fekk Caroline Mathilde ei dotter, prinsesse Louise Augusta. Ho vart "lyst i kuld og køn", ved at kongen erklærte seg som faren. Den ålmenne meininga var at Struensee i røynda var faren.

Diktatoren[endre | endre wikiteksten]

Struensee byrja arbeide for å fjerne gamle privilegium som stod i motsetnad til hans eige syn, basert på opplysningstankane. Han greip inn i alle krikar og krokar av den alminnelege borgar sin kvardag, først og fremst overfor dei offentleg tilsette, men forordningane hans kom til å få konsekvensar for alle samfunnslag.

Trass i at Struensee viste stor innsikt i administrasjonsmekanikken i staten, mangla han sans for realitetane i idéane sine. Då fleire av inngrepa førde til negative konsekvensar for mange menneske, breidde det seg ei stemning av uvilje mot han. På fødselsstiftelsen i København, ein allereie då gammal institusjon, beordra han at det skulle monterast ei luke med ei kasse. Her vart ugifte nybakte mødre oppfordra til å leggje spedborna sine i staden for å gå til ytterlegheiter, som td. å drepe barnet. Dette forarga borgarskapen i København, som meinte at dette var ei oppfordring til utukt. Under heile Struenseeperioden utgav historikaren Jacob Langebek lange anonyme smededikt mot Struensee. Om kassene skreiv han med indignasjon:

«en kasse, som til udyd lægger vægt,/forsvager mennesket og mindsker dennes slægt»

Det til trass for at Frederik IV allereie ved grunnlegginga av Vajsenhuset i København i 1720 hadde beordra eit liknande opplegg der.

Struensee ved makta[endre | endre wikiteksten]

Struensee gjennomførde raskt ei rekkje reformer: Offentlege tilsettingar skulle einast skje etter kvalifikasjonar (4. september 1770), byråkratiet i staten vart forenkla (31. januar 1771), og godseigarane sin innverknad vart redusert (19. november 1770). Skule- og fattigvesenet skulle forbetrast (22. mars 1771 & 9. mai 1771).

Han avskaffa dødsdom for tjuveri (8. mars 1771) og forbaud bruk av tortur for å få mistenkte til å tilstå (16. november 1771). Han avskaffa bøter for graviditet utanfor ekteskapet og fjerna samstundes den juridiske distinksjonen mellom «ekteskapeleg avla» og born utanom ekteskap (6. mai 1771).

For å forbetre finansane til staten innførde han ei rekkje sparetiltak. Han stoppa bygginga av den kostbare Frederikskirken (23. oktober 1770), innførde rasjonaliseringar i tollvesenet (23. juli 1771) og oppretta eit tallotteri kor overskotet skulle tilfalle statskassa (24. desember 1770). Den store mengda av offentleg tilsette som mista arbeidet sitt på grunn av desse sparetiltaka førde til at Struensee fekk enda fleire fiendar.

Handelspolitisk var Struensee tilhengar av ein liberalistisk tankegang, til skilnad frå den herskande merkantilistiske. Han fjerna monopol og oppheva importforboda. Det hadde tidlegare vore oppgåva til politiet å leite etter smuglargods, men med dei nye forordningane vart dette arbeidet overflødig. Løyvet til politiet til husransakingar for å handheve desse forboda vart difor òg fråteke dei (27. juli 1771).

Struensee har òg vorte tillagt ansvaret for å ha avskaffa ei rekkje hevdvunne heilagdagar ved Festdagsreduksjonen av 1770. Denne avgjerda var teken før han tok over makta. Det var ei sak som kyrkja hadde godkjent, og som berre hadde lege og venta på kongeleg sanksjon. Sidan det var Struensee som godkjende avskaffinga, vart han tillagt heile ansvaret.[9]

Han planla òg store reformer på Københavns Universitet. Den norske biskopen Johan Ernst Gunnerus vart kalla til København for å utarbeide planar for dei. Gunnerus målbar resultata sine den 16. desember 1771, men Struensee var ikkje heilt tilfreds og gjekk i gang med å revidere forslaga.[10] Han rekte likevel ikkje å få gjennomført Universitetsreforma før han vart styrta. Struensee var tydelegvis misnøgd med det teologiske overherredømmet til fakultet i konsistoriet, og at planen ville ha endra på dette. Då den jødiske legen Simon Salomon Polac i 1771 hadde søkt om å få disputere for den medisinske doktorgraden ved Universitetet, vart søknaden avslått på grunn av religionen hans. Den 2. mai 1771 skreiv Struensee til Universitetet og framheva at ein frå no av ikkje skulle ta omsyn til religionen ved søknad om doktorgraden. Religionen og fagkunnskapen skulle vere to skilde storleikar.[11] Desse skritta forsterka misnøya i presteskapen. Blant anna vart prestane Jørgen Hee og Balthasar Münter same år idømd bøter fordi dei i sine preiker ikkje berre hadde kritisert Struensees styre, men i realiteten òg hadde oppfordra til opprør mot det.[12]

Forordningane rann ut i ein jamn straum. Ein av dei var avsetjinga av magistraten i København med den grunngjevinga at byen vart for dårleg styrt. Struensee framsette nestan 2 000 forordningar i sin maktperiode. Dei mange reformene møtte motstand og skaffa Struensee mange fiendar. Under Struensees styre vart det i 1771 skrive ut ei forordning om at alle hus i større danske byar skulle forsynast med gatenummer.

Trykkefridom[endre | endre wikiteksten]

Allereie før Bernstorff vart avsett kom den første av Struensees mange kabinettordrar. Han oppheva all sensur og innførde full trykkefridom den 4. september 1770. Kabinettordren syner at Struensee følgde opplysningstidas tankar ned til minste detalj. Ingen annan stat i Europa hadde innført ein slik uinnskrenka trykkefridom. Sjølv dei landa som hadde ei relativt fri presse, som England, Nederland og Sverige, hadde atterhald i lovgivinga kva gjaldt anonymitet og ærekrenkingar. Følgjene av dette vart då òg snart openbare for Struensee; pamflettane, i hovudsak mot Struensee og særleg om tilhøva hans til dronninga, kom ut i store mengder.

Allereie han 7. oktober 1771 gav Struensee ut eit reskript som innskrenka den absolutte skrivefridommen. No skulle anten forfattaren eller boktrykkarens namn stå på tittelbladet til skriftet, men det demma ikkje opp for straumen av kritiske skrift.

Tilhøvet til stavnsbandet[endre | endre wikiteksten]

Struensee hadde tenkt å endre tilhøva for bøndene, særleg for å avskaffe stavnsbandet. Han hadde sendt spurnaden ut til ein «Generallandvæsenskommission» under leiing av Georg Christian Oeder, som 1. august 1771 la fram sine synspunkt. Den var likevel i det store og heile negativ og kunne ikkje slutte seg til forslaget. Kommisjonen meinte at bonden ikkje ville vere i stand til å ta ansvar for seg sjølv etter så lang tids trældom, og den formulerte det slik: «En fugl, som fra begyndelsen har været spærret inde i et bur, bliver forvirret og forvilder sig, når døren pludselig åbner sig for den, og det ville ligeledes være til største skade for staten at forholde sig på den måde til bønderne.»[13]

I staden foreslo ein å avskaffe ordninga gradvis og over fleire generasjonar. Struensee rakk aldri å ta noko ei avgjerd i denne saka. Han har sannsynlegvis ynskt ei hurtigare avskaffing, men han fekk aldri utarbeidd ein endeleg plan før han vart avsett. I april 1771 kom ein hoveriforordning som fastsette kor mykje hoveri (ei yting i form av arbeidsdagar) godseigarane kunne krevje av bøndene sine.

Oppsedinga av kronprins Fredrik[endre | endre wikiteksten]

Oppsedinga av kronprinsen gjekk føre seg etter ei særprega og bokstaveleg tolking av Rousseaus pedagogiske verk Émile, i tillegg til teoriane frå Struensees legestudium. Kronprinsen skulle ikkje ha ein lærer som innprenta han lærdom; han skulle i staden lære å klare seg sjølv. Det skjedde ved at han berre fekk ein hund og to jamnaldrande bondegutar som selskap. Han budde vekk frå dei vaksne og då han hadde vist at han var redd for trapper, vart maten hans servert på toppen av ei lita trapp som stod midt i rommet. I byrjinga fekk han springe fritt rundt i hagen i Hirscholm, men ein dag vart han funnen i dammen, der han hadde falle uti. Det vart difor bygd ei innhegning som han skulle opphalde seg i når han var ute.

Den 2. mai 1770 vaksinerte Struensee den unge prinsen mot koppar, truleg den første vaksinasjonen i Danmark. Og sjølv om prinsen låg sjuk ein periode på grunn av han, virka han etter planen.[14][15]

Struensee var òg tilhengar av mange kalde bad, og sjølv på vinterstid skulle kronprinsen utsetjast for dei. Dessutan gjekk han utan skor og strømper, noko som medførde at han fekk frostknutar i beina om vinteren, etter det fekk han tildelt ullstrømper. Følgja av denne oppsedinga var at sjølv i fireårsalderen hadde kronprinsen vanskeleg for å snakke.

Mytteri og planar om opprør[endre | endre wikiteksten]

Matrostoget[endre | endre wikiteksten]

10. september 1771 samla ein stor flokk våpenlause matrosar ved Hirschholm. Dei hadde hatt problem med å få utbetalt løn, og av den grunn hadde dei valt å troppe opp hos kongen for å be om hjelpa hans. At ein så stor mengde folk plutseleg dukka opp, hadde tilsynelatande skremt både Struensee og dronning Caroline Mathilde frå sans og samling. Dronninga hadde beordra kammerjentene til å pakke og tenkte openbart på å flykte til Sverige. Men matrosane fekk forklart ærendet sitt til vakta og gjekk deretter fredeleg heim.

Julaftanfeiden[endre | endre wikiteksten]

Ein annan liknande oppstand gjekk føre seg jula 1771 i samband med oppløysinga av fotgarden. Struensee hadde tidlegare, som eit ledd i storstilte militære reformer, oppløyst hestegarden, og no var turen kome til fotfolket. Garden var berre éit korps av mange i København, men denne fotgarden bestod, til skilnad frå nestan alle dei andre, utelukkande av nasjonalt verva troppar, først og fremst nordmenn. I ei tid kor mange danskar næret uvennskap mot tyskarane som bokstaveleg talt hadde overteke styringa av riket, var oppløysinga av denne «nasjonale» garden eit slag for mykje.

Struensee hadde sett på ordren om oppløysinga av garden som endå eit ledd i dei storstilte planane. Dei følgde Claude Louis de Saint-Germains tidlegare planar som allereie var freista to gonger før og forkasta. Saint-Germain, som var tilhengjar av det opplyste einevelde etter mønster av Fredrik II av Preussen, såg dei to gardane, hestegarden og fotgarden, som utan militær tyding og berre ein pryd til ære for kongehuset.

Gardane samla seg i protest og gjekk mot Frederiksberg slott, der Struensee og hoffet heldt til, for å appellere til kongen om å stanse oppløysinga av korpset. Struensee møtte demonstrantane med forhandling, og det lukkast han å dempe gemytta. Men då dette likevel enda med oppløysinga av garden og innrullering av offiserane i andre korps, fekk Struensee ei sterk gruppe motstandarar innanfor hæren, som no brukte all kraft på å vende andre offiserar mot Struensee.

Kupplanlegging[endre | endre wikiteksten]

Struensee hadde lenge hatt to andre framståande motstandarar, nemleg enkjedronning Juliane Marie og sonen hennar arveprins Fredrik. Enkjedronninga hadde vektige grunnar for fiendskapet: I tillegg til bitterheita ved å sjå autoriteten til kongehuset i hendene på ein borgarleg fødd person, var det nærliggande at det var arveprinsen, som uoffisielt skulle ha vorte tildelt den eigenlege makta i riket. Den teologiske professoren Ove Høegh-Guldberg, som i 1764 hadde vore lærar til arveprinsen og seinare hadde vorte utnemnt til kabinettsekretær hos han, hjelpte enkjedronninga med å førebu eit kupp.

Opprørsplanane mot Struensee hadde gjæra lenge, men takka vere dei mange offiserane som plutseleg var vorte erklærde fiendar av Struensee, hadde kuppmakarane no fått høvet til å setje makt bak planane sine.

Det vart generalmajor Hans Henrik von Eickstedt og oberst Georg Ludvig von Køller-Banner, dei øvstbefalande for slottet sitt vaktkorps, som kom til å stå for den eigenlege maktbruken.

Misnøya hos innbyggjarane[endre | endre wikiteksten]

Struensee skaffa seg mange fiendar ved at embetsfolk vart fjerna frå posten sin eller forflytta. Kor ille det reint faktisk stod til med sjukdomen til kongen var sannsynlegvis ikkje ålment kjent utanfor hoffet. Det syntest difor å vere openlyst frekt at ein vanleg borgar, og det til og med ein lege utan noka form for politisk bakgrunn, hadde kunna oppnå så utvida fullmakter som Struensee hadde.

Samtidige skrifter syner at det intime tilhøvet mellom Struensee og dronning Caroline Mathilde var ålment kjent, noko som forsterka den alminnelege oppfatninga om at Struensee på einkvan måte heldt kongen som gissel, sidan han fann seg i eit slikt openlyst sidesprang. Det var denne oppfatninga kuppmakarane utnytta då dei den 11. januar spreidde ryktet om at Struensee ville gjennomføre eit verkeleg statskupp. Struensee ville, sa ryktet, få kongen til å abdisere, og deretter setje inn seg sjølv som herskar med Caroline Mathilde som dronninga si.[16]

Arrestasjonen av Struensee[endre | endre wikiteksten]

Arrestasjonen av Struensee. Mannen med ryggen til er von Køller-Banner. samstundes tresnitt

Rykta var ugrunna, men dei gav kuppmakarane påskot til å handle. Allereie 15. januar vart oberst Køller-Banner kalla inn til enkjedronninga for å motta ordrar om å utføre kuppet. Struensee og dronninga var på maskeball ved hoffet og ante ikkje uråd. 2. grenaderkompani av det falsterske regiment hadde fått levert ut skarpe patronar og stod marsjert opp ved slottet. Enkjedronninga hadde forfatta arrestordrar på Struensee og alle nøkkelpersonar i styret hans. Desse vart levert ut til Eickstedt og Köller, som gav dei vidare til sine underordna som skulle utføre dei. Det var ikkje lovleg grunnlag for desse ordrane ettersom dei ikkje var underskrive av kongen, men kuppmakarane hadde ingen skruplar med omsyn til å utføre dei.

Natta mellom den 16. og 17. januar 1772 gjekk enkjedronninga, arveprinsen og Guldberg til rommet til kongen og sikra seg han, samstundes som Köller gjekk til Struensees kammer med ei gruppe soldatar og arresterte han. Likeeins trong soldatar inn hos Brandt, dronninga og fleire andre av Struensees høgtståande embetsmenn, og dei vart alle ført bort.

Rettssak og avretting[endre | endre wikiteksten]

Rettssaka[endre | endre wikiteksten]

Struensee i cella på Kastellet i København. Frå ei samtidig skildring. På dei første linjene står det: «Forrige Kongelig Danske Geheime Kabinets Minister Greve Johan Frider. Struensee forestillet og afbildet i hans DYBE FORNEDRELSE da han som Stats Fange blev indbragt i Citadellet Fridrichshavn d. 17. Ian. 1772.»

Struensee og Brandt vart arrestert og sett i fengselsceller på Kastellet. Dronninga vart køyrt til Kronborg slott i Helsingør og sett i husarrest. Då nyhendet om at Struensee fall spreidde seg i byen, valde nokre å starte opptøyar i København for å feire det. Det gjekk ut over bordella, men òg Gabels Kaffehus, som ifølgje folkeviddet skulle ha fungert som ein luksusbordell, men i realiteten snarare var oppretta av Struensee for på å starte ei dansk utgåve av den engelske «Lloyds of London», ein fornem klubb for handelsmenn til fremje av handelen.[17]

Det var viktig for dei nye makthavarane å skaffe ei legitim grunngjeving for å ha arrestert dronninga, som var syster av den britiske kongen, George III. Dette kunne berre skje dersom tilhøvet mellom Struensee og dronninga kom fram i ljoset.

Det vart gjort avhøyr av Struensee om dette den 21. februar. Men han svarte avvisande, til og med ofte smilande, på spørsmåla. Dette skjedde inntil spørsmål nr. 239, som handla om i kva grad han hadde hatt seksuell omgang med dronninga. Her skifta tonen hans plutseleg, og det er nedskrive at han vert «klynkande», medan protokollen skriv at han tilstår. Assar Amdisen målber ein mistanke om at det kan ha vore nytta tortur. Dette vert styrkt ytterlegare av handskrifta til Struensee på tilståinga, som gjekk føre seg den 25. februar. Skrifta er ujamn og liknar handskrifta hans i ein periode i 1770 etter at han hadde brote handa etter eit fall frå hesten.[18]

Problemet for klagarane var at den danske Kongelova ikkje tok høgd for ein situasjon der den eineveldige kongen var sinnssjuk og ute av stand til å regjere. Stoda med ein faktisk makthavar og ein viljelaus konge var tilfelle allereie før Struensee kom til hoffet, berre med andre i maktposisjon. Struensee vart difor tiltalt for forholdet til dronninga, medan Brandt vart skulda for å ha bite kongen i fingeren under handgemeng for å dempe han under eit av dei mange hysteriske anfalla hans. Rettssakene mot dei to var berre ein formalitet. Til forsvarar for både Struensee og dronning Caroline Mathilde vart oppnemnt den 28-årige advokaten Peter Uldall.

Struensee og Brandt vart dømt etter Kristian den femtes danske lov, 6. bog, 4. kapitel, 1. artikkel som lyder:

«Hvo som laster Kongen eller Dronningen til Beskæmmelse, eller deres og ders Børn Liv eftertragter, have forbrudt Ære, Liv og Gods, den høire Haand af hannem levende afhugges, Kroppen parteres og lægges paa Steile og Hiul, og Hovedet med Haanden sættes paa en Stage[...] Er Misdæderen af Adel, eller høiere Stand, da skal hans Vaaben af Bødelen sønderbrydes, og alle hans Livsarvinger miste deres Stand og Stamme.»

Münters skrift[endre | endre wikiteksten]

Under fengslinga vart prestane Balthasar Münter og Jørgen Hee frå Inkvisisjonsdomstolen gitt ordre til å vitje fangane for å få dei til å skrifte og vedkjenne seg syndene sine. Desse to prestane var dei same som i 1771 hadde vore dømt til bøter for å ha preika mot Struensees styre. Spesielt Struensee var kjend som tilhengar av deismen og ein hardnakka kritikar av kyrkja. Likevel gav Münter eit bel seinare ut skriftet Forrige Greve og Kongelige Danske Geheime-Cabinetsminister J.F. Struensees Omvendelshistorie som fortel korleis Struensee angrande omvende seg til kristendomen og beklaga alle handlingane sine. Hee gav ut historia til Brandt i skriftet Paalidelig Underretning om den henrettede Enevold Brandts Forhold og Tænkemåde i hans Fængsel (1772). Spesielt Münters skrift vart svært populært i heile Europa og vart nytta av motstandarane av opplysingstankene som prov på at heile grunnlaget deira var falskt. Historikaren Assar Amdisen hevdar likevel at skriftet for det meste er ei overdriving, om ikkje eit falsum.[19] At Struensee angrar stemmer ikkje overeins med protokollane av avhøyret frå denne perioden.

Avrettinga[endre | endre wikiteksten]

Handfarga kistebrev som syner grevane Struensee og Brandt stilt ut på «hiul og Steyler» etter avretting og kvartering som straff for majestetsfornærming og usurpasjon i følgje Kongelova i Danmark. Frå samlinga til Det Kongelige Bibliotek.
Struensee og Brandt vart avretta på Østerfælled 28. april 1772. Stikk frå tida.

Kristian VII skreiv under dødsdommen som vart målbore for han, og han vart utført ved halshogging om morgonen den 28. april på Østerfælled – nåtidas Fælledpark. I kvar sin karet vart Struensee og Brandt køyrt ut dit i jarn og lenkjer. Først vart Brandt ført fram, han vart avkledd lenkjene og deretter alt tøyet sitt, med ca 30 000 frammøtte som tilskodarar – København hadde den gongen om lag 70 000 innbyggjarar. Den høgre handa hans vart hoggen av. Han ropte: «Jesu blod roper på min sjel!» før hovudet òg vart hogge av. Så var det Struensee sin tur. Enkjedronning Juliane Marie hadde tatt opphald på Frederiksberg slott – derifrå kunne ho sjå folkemengda. Kongen visste ikkje om avrettinga. [20]

Etter at Struensee hadde fått høgre handa hogd av, bomma bøddelen, Gotschalk Mühlhausen, slik at Struensee freista å reise seg og måtte haldast nede med makt. Mühlhausen viste deretter det avhogde hovudet fram til ei uvanleg taus folkemengd.[21]

Det var tydeleg at dei nye makthavarane hadde trong til å statuere eit døme, men ved å inkludere den gamaldagse parteringa verka straffa valdsam, sjølv for samtida. Jacob Gude (1754–1810), som sjølv såg avrettinga, skriv i sine erindringar:[22]

«Under Henrettelserne stod jeg tæt ved, hvor Holmens Magt [matroserne] var opstillet. Et ungt Menneske af disse sagde, da Struensees Hoved var afhugget: "Nu er det nok! Det andet (han mente Parteringen) kunde de gerne lade være." Hvor menneskeligen tænker ikke ofte den ringeste Almue!"»

Dei parterte lika vart deretter lagt på hjul og steile på Vesterfælled. Her hang dei i nokre år framover, til berre knoklane var att. Ingen veit kor dei vart gravlagd etterpå, men ein eller annan hadde klatra opp i ein stige og trekt ut ei framtann av munnen på Struensee. Ved ei utgraving på Enghavevej i 1895 fann ein to skjelett med dei lause krania plassert mellom beina. Då det eine hovudet mangla ei framtann, trudde ein at det kunne vere Struensee og Brandt. Dei vart gravlagde i Sankt Petri kyrkje.[23]

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Asser Amdisen, s. 32-33
  2. Asser Amdisen side 27
  3. Jens Glebe-Møller side 18
  4. Jens Glebe-Møller side 20
  5. Københavns hvornår skete det 1810
  6. Om begyndelsen til kærlighedsaffæren - Svend Cedergreen Bech side 172
  7. Svend Cedergreen Bech side 230
  8. Svend Cedergreen Bech side 238
  9. Svend Cedergreen Bech side 243
  10. Jens Glebe-Møller side 42
  11. Jens Glebe-Møller side 43
  12. Jens Glebe-Møller side 44
  13. Johnny Thiedecke, For folket – Oplysning, magt og vanvid i Struensee-tidens Danmark, Pantheon, 2004, side 86.
  14. Kopparvaksinen: Metoden blir skildra av Struensee i artikkelen Tankane til ein lege om folkesetnaden i landet i bladet Til nytte og fornøyelse. Han nytta inokulasjon, ein metode som hadde kome frå Tyrkia i 1721. Ved inokulasjon førde ein små bitar av eit koppesår inn i blodomløpet til ein frisk person. Inntil Edward Jenner oppfann kopparvaksinen i 1796 var dette den einaste måten å avgrense kopparepidemier på.
  15. Asser Amdisen side 25
  16. Ole Feldbæk: Gyldendal og Politikens Danmarkshistorie – bind 9, 2003, s. 227 ff
  17. Asser Amdisen side 141
  18. Asser Amdisen side 147-149
  19. Asser Amdisen, s. 154-157
  20. Peder Bundgaard: København – du har alt (s.100), forlaget Borgen, København 1996, ISBN 87-21-00499-4
  21. Asser Amdisen side 157
  22. Julius Clausen og P. Fr. Rist (utgivere), En kjøbenhavnsk Embedsmand Jacob Gudes Optegnelser 1754-1810, bind XXVII i serien Memoirer og Breve, Gyldendal, 1918, side 59
  23. Asser Amdisen side 160

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Svend Cedergreen Bech (1972). Struensee og hans tid. Politikens forlag. ISBN 87-567-1581-1.
  • Asser Amdisen (2002). Til nytte og fornøjelse: Johann Friedrich Struensee. Akademisk Forlag. ISBN 87-500-3730-7.
  • Jens Glebe-Møller (2007). Struensees vej til skafottet - fornuft og åbenbaring i Oplysningstiden. Museum Tusculanums forlag. ISBN 978-87-635-0513-0

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Johann Friedrich Struensee
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.