Kristian Fredrik av Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kristian Fredrik
Christian VIII
Christian Frederik J. L. Lund.jpg
Konge av Danmark
Konge av Noreg
Regjeringstid 18391848
18141814
Fødd 18. september 1786
Christiansborg
Død 20. januar 1848 (61 år)
Amalienborg
Gravlagd Roskilde domkyrkje
Føregjengar Fredrik VI av Danmark-Noreg
Etterfølgjar I Danmark: Fredrik VII
I Noreg: Karl II
Gift med Charlotte Frederikke (1806)
Caroline Amalie
av Augustenborg
(1815)
Dynasti Huset Oldenburg
Motto Gud og fædrelandet
Born Fredrik VII
Kristian Fredriks salving i Frederiksborg slottskyrkje 28. juni 1840, den siste salvinga i Danmark. Kongen er i fullt ornat med hermelinkappe og einevoldkrona på hovudet, han held septeret i høgre hand. Caroline Amalie er og i salvingsdrakt og med dronningkrona på hovudet. Kongen sit på ein tronstol av narkvaltann. Foran dei står to av Fredrik IIIs sølvløver. Måleri av Joseph-Désiré Court frå 1841. Tilhøyrer Statens Museum for Kunst

Kristian Fredrik (18. september 178620. januar 1848) var norsk og dansk konge av den oldenborgske slekta. Som Christian Fredrik var han norsk konge frå 17. mai til han formelt sa frå seg trona 10. oktober 1814. [1][2]

Seinare overtok han som kronprins av Danmark den danske trona i 1839 som Christian VIII og var konge til han døydde i 1848. Kristian Fredrik var siste eineveldige konge av Danmark.

Fredrik VI ikkje etterlét seg søner, var Kristian Fredrik i høve Kongeloven næraste arving til trona. Kristian Fredrik var i namnet halvsyskenbarn av Fredrik VI.[2]

Familie[endre | endre wikiteksten]

Offisielt vart Kristian Fredrik fødd som son av arveprins Fredrik, halvbror til den sinnssjuke Kristian VII, men innom familien var det kjend at den biologiske faren var hoffsjef Frederik von Blücher,[2] som òg var far til Kristian Fredriks tre søsken.[3]

I 1806 gifta han seg med kusina Charlotte Frederikke. I april 1807 fødde ho sonen Christian Frederik som døydde kort tid etter fødselen, og i 1808 blei dei foreldre til den seinare Frederik VII.

Da det vart kjend at prinsessa hadde eit forhold med sin franske songlærar, Édouard du Puy, fekk kong Fredrik VI ekteskapet oppløyst. Charlotte Frederikke blei forvist til Horsens og fekk forbod mot å se sonen att, og du Puy blei forvist til Sverige - han fekk to timar på seg til å reise frå Danmark og heimen sin i Vingårdstræde 15, der prinsessa hadde vitja han.[4] Prinsen gifta seg att i 1815 med Caroline Amalie, barnebarn av dronning Caroline Mathilde og Struensee. [5]

Kristian VIII fekk 10 barn utanfor ekteskap.[6]

Som norsk konge[endre | endre wikiteksten]

I mai 1813 sende Fredrik VI prins Kristian Fredrik til Noreg som stattholdar, med von om å styrkja den norske truskapen mot krona. Truskapskjensla hadde lidd under Danmark si skjebnesvangre allianse med Napoleon. Ved Kielfreden den 14. januar 1814 måtte kongen avstå Noreg til kongen av Sverige. Sverige skulle få Noreg mot å verta med i krigen mot Napoleon.

Kristian Fredrik valde å setja seg i brodden for ei norsk sjølvstenderørsle, og 17. mai 1814 underskreiv han ei norsk grunnlov og vart vald til norsk konge. Men etter ein kort krig med Sverige måtte han slutte fred ved Mossekonvensjonen av 14. august. Han måtte gå med på å abdisera (gå av) og gje makta over til Stortinget, mot at Noreg fekk halda på Grunnlova. Stortinget valde kongen av Sverige til ny norsk konge i ein laus personalunion 4. november 1814, etter å ha vedteke dei endringane i Grunnlova som unionen gjorde naudsynte.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Norske regentar

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kong Christian Frederik frå Kongehuset.no
  2. 2,0 2,1 2,2 Christian Frederik frå Norsk biografisk leksikon
  3. Dehn-Nielsen s. 12
  4. Smidt og Winge: s. 183
  5. Caroline Amalie (1796 - 1881) frå Dansk Kvindebiografisk Leksikon
  6. Johan de Mylius: Tidstavlen år for år Syddansk Universitet

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Henning Dehn-Nielsen: Christian 8. Konge af Danmark, Konge af Norge, Sesam forlag 1999 ISBN 87-11-13191-8
  • Smidt og Winge: Hen over torv og gade, forlaget Gyldendal, ISBN 87-00-25216-6
  • Lars Roar Langslet: Christian Frederik : konge av Norge (1814), konge av Danmark (1839-48), 2 bind, Cappelen forlag 1998-1999
  • Lars Roar Langslet: Våre konger - En vei gjennom norgeshistorien, Oslo, J.W. Cappelens Forlag A/S, ISBN 82-02-22076-9

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]