Catharinus Elling
Catharinus Elling (13. september 1858–8. januar 1942) var ein norsk musikkpedagog og folkemusikksamlar og komponist.
Elling var fødd i Oslo, der han òg døydde. Han studerte pianospel og komposisjon i Leipzig 1877–78 og i Berlin 1886–87. Frå 1896–1908 var han lærar ved Oslo musikkonservatorium. Han skreiv blant anna symfoniar, ein fiolinkonsert, kammermusikk og ein opera. Mange musikarar som seinare skulle bli framtredande i norsk musikkliv, til dømes Fartein Valen, byrja å studera under Elling.
Elling gav og ut mange artiklar om norsk folkemusikk, og var ein av dei første som gjekk aktivt inn for å skrive ned folketonar i Noreg. Elling sitt grunnarbeid er verdifullt, sjølv om han ikkje støtt tok omsyn til dei tonale avvika frå det klassiske som fanst i folkemusikken.
Han var bror av ingeniøren Ægidius Elling, som fann opp gassturbinen.
Verk [endre]
(ikkje fullstendig)