Celine Brun-Lie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Celine Brun-Lie under Tour de Ski 2010 i Oberhof

Celine Brun-Lie (fødd 18. mars 1988) er ei norsk langrennsløpar som representerer Idrettslaget Njård.

Brun-Lie har tre gull i junior-NM, og var med på det norske vinnarlaget under junior-VM i 2007. Den 14. desember 2008 fekk ho si første pallplassering i verdscupen, då ho vart nummer to bak Petra Majdic, men før Marit Bjørgen på sprinten i Davos. [1]. Ho tok sitt første NM-gull på sprinten i NM på ski 2009, framføre Maiken Caspersen Falla og Marit Bjørgen.

Referansar[endre | endre wikiteksten]