Davos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Davos
Øvst: Sertigdalen, Midten venstrre World Economic Forum kongressenter, Midten høgre: Davossjøen, Nedst: Davos
Øvst: Sertigdalen, Midten venstrre World Economic Forum kongressenter, Midten høgre: Davossjøen, Nedst: Davos
Kommunevåpenet til Davos
Kommunevåpenet til Davos


Plassering
Davos is located in
Styresmakter
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton Graubünden
Distrikt Prättigau/Davos
Geografi
Flatevidd
 - kommune

283,99 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

11 166
  39,3 /km²
Koordinatar 46°48′0″N 9°50′0″EKoordinatar: 46°48′0″N 9°50′0″E
Høgd over havet 1560 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 7260 Davos-Dorf
7270 Davos-Platz
Nettstad: www.gemeinde-davos.ch

Davos (tysk) eller Tavau (retoromansk) er ein by i det austlege Sveits, i den fleirspråklege kantonen Graubünden. Kommunen har 11 166 innbyggjarar (2010) og eit areal på 284 km², og er den nest største kommunen i Sveits etter areal. Byen ligg 1 560 meter over havet og er den høgstliggjande byen i Europa.

Byen Davos er langstrakt, då han ligg i eit ganske trongt dalføre, Landwassertal. Byen består i realiteten av to samanvaksne småbyar, Davos-Dorf i sør og Davos-Platz (den eigentlege byen) i nord. Frå begge bydelane går det kabelbane; Parsenn Bahn frå Davos-Dorf og Schatzalp-Bahn frå Davos-Platz.

Davos er særleg kjend som vintersportsstad, men har sidan 1970-åra også vore vertsby for dei årlege møta til Verdas økonomiske forum. I området er det 5 651 hotellsenger, og elles 16 100 senger i husvære eller private rom. Kommunen har årleg til saman 2,1 millionar overnattingar.

I Davos ligg dessutan fleire forskingsinstitutt for medisin og snø- og snørasstudiar.

Davos vart eit populært reisemål då legar vurderte klimaet som framifrå, og rådde pasientar med lungesjukdomar søke opphald. Dei første kurgjestane kom i 1865. Frå 1880-åra vart byen berømt som vintersportsstad, spesielt for turistar frå Storbritannia og Nederland. I dag er han den tredje største turiststaden i Sveits målt i mengda gjestedøger etter storbyane Zürich og Genève.

Davos Eisstadion er ei legendarisk naturisbane, kjent for sin glatte is. Frå 1898 til 1992 vart det sett mange verdsrekordar på bana. Oscar Mathisen sette i 1914 sin legendariske 1500-meterrekord på 2.17,4, på bana, ein rekord som vart ståande til han vart slått på same stadion, 23 år seinare.

Handlinga i Thomas Mann sin kjende roman Trolldomsfjellet er lagt til Davos.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Davos