Maiken Caspersen Falla
Maiken Caspersen Falla (fødd 13. august 1990) er ein norsk langrennsløpar som representerer Gjerdrum Idrettslag. Falla har to NM-medaljar i sprint og har kome blant dei seks beste i verdscupen to gongar.
Falla debuterte i verdscupen den 29. november 2008 på sprinten i Kuusamo. Ho vart nummer 22, men ein månad seinare tok ho ei overraskande tredjeplass på sprinten i Düsseldorf, bak Petra Majdič og Natalja Matvejeva. Falla og makkeren Celine Brun-Lie gjekk dagen etter inn til ein andreplass på sprintstafetten. Falla gjekk ankeretappen, og vart berre slått med to tidelar av Matvejeva.
Falla, som da representerte Lørenskog Skiklubb, tok sin første NM-medalje på sprinten i NM på ski 2009, en sølvmedalje bak Celine Brun-Lie. Falla tok bronse i klassisk sprint året etter.
I 2009–10-sesongen opna ho med ein 6. plass i verdscuprennet i klassisk sprint i Kuusamo, den andre finaleplass hennar i verdscupen. Saman med Brun-Lie vart det tredjeplass i sprintstafetten i Düsseldorf i desember.