Charles Francis Richter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Charles Francis Richter

Charles Francis Richter (26. april 190020. april 1985) var ein fysikar frå Hamilton i Ohio i Sambandsstatane (USA).

Ni år gamal flytta Richter med familien til Los Angeles, der faren var sekretær og reparatør i eit firma som laga maskinar. Richter var ein amerikansk seismolog og fysikar. Han er mest kjend for å ha utvikla Richters skala, som vert nytta for å måla styrken på jordskjelv. Utviklinga av skalaen skjedde i nært samarbeid med Beno Gutenberg. Skalaen vart lansert i 1935. Då var Richter forskar ved California Institute of Technology i Pasadena rett nord for Los Angeles i California. Staten California er kjend som eit område med mykje jordskjelv. I starten var Richter- skalaen berre gyldig sør i California. Målemetoden vart etter dette vidareutvikla til å kunne brukast jorda rundt.

Til då hadde styrkegraden til jordskjelv vorte målt i høve til kvarandre på grunnlag av skader. Særleg gjaldt dette graden av skader i bystrok. Richter og Gutenberg lanserte ein skala med absolutte verdiar. Gutenberg fann ut at jordskjelvskalaen burde vera logaritmisk. Trinn fire er ti gonger meir i amplitude enn trinn tre. Amplituden er storleiken på sjokkbølgjene eit jordskjelv lagar. Slike bølgjer gjev utslag på ein seismograf. Den utløyste energien er 31 gongar større for kvart trinn på Richter- skalaen. I eit intervju på sine gamle dagar sa Richter at det berre var ved eit slumpehøve at jordskjelvskalaen var knytt til namnet hans. Han meinte at Gutenberg hadde ei like viktig rolle i utviklinga av skalaen. Då Richter døydde i 1985 var han verdskjend, og gjekk under namnet Dr. Quake, eller Doktor Skjelv.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Lorentzen, Ludvig: Mannen med skalaen, artikkel i Stavanger Aftenblad fredag 31. desember 2004.
  • Zannos, Susan: Charles Richter and the Story of the Richter Scale (Unlocking the Secrets of Science), USA 2003. ISBN 1-58415-175-7

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]