Charlie Chaplin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Charlie Chaplin — rollebilete frå filmen Landstrykaren (1915)

Sir Charles (Charlie) Spencer Chaplin (16. april 188925. desember 1977) var ein britisk skodespelar, filmregissør og komponist.

Chaplin vart fødd i London. Foreldra var fattige varietéartistar. Dei flytte frå kvarandre rett etter at Charlie vart fødd, og Charlie og broren Sydney voks opp hjå mora, Hannah Harriette Hill. I 1896 vart ho arbeidslaus og kunne ikkje forsyta borna, som fyrst vart sende til eit fattighus og deretter til ein barneheim.

Chaplin fylgde same lei som foreldra, og byrja som varietéartist då han var fem år. Han arbeidde som klovn i ei komediegruppe som vitja Canada og Sambandsstatane i 1910-13, og vart der oppdaga av ein amerikansk filmprodusent. Filmkarriera hans byrja med ein serie korte stumfilmar i 1914. Han vart ein av dei fyrste Hollywood-stjernene, og var mellom dei fåe skodespelarane som greidde overgangen frå stum- til ljodfilm1930-talet.

Chaplin ville ikkje ha amerikansk statsborgarskap. Under McCarthy-perioden fekk han store vanskar med dei amerikanske styresmaktene og vart nekta innreise i USA etter å ha vitja England i 1952. Chaplin flytte då til Sveits, der han budde fram til han døydde.

I 1975 vart han slått til riddar (KBE) i England.