Charlotte Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 64°34′59″S 61°37′59″W
Charlotte Bay
bukt
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Graham Land
 - koordinatar 64°34′59″S 61°37′59″W
Breidde 22 km
Administrert under Antarktistraktaten
Charlotte Bay is located in Antarktis
Charlotte Bay (Antarktis)

Charlotte Bay er ei bukt på vestkysten av Den antarktiske halvøya på vestkysten av Graham Land med ei breidde på 22 km mellom Reclus Peninsula og Cape Murray. Bukta vart oppdaga av Adrien de Gerlache under Belgica-ekspedisjonen 1897–99 og kalla opp forloveden til Georges Lecointe, Gerlache sin nestkommanderande og hydrograf under ekspedisjonen.[1]

Hytta i Charlotte Bay[endre | endre wikiteksten]

Falklands Islands Dependency Survey (British Antarctic Survey from 1962) si hytte vart bygt i Portal Point (64°30′0″S 61°45′58″W[2]), mellom Brabant Island og Danco Coast.

Sesongen 1956-1957 kartla Wally Herbert, leiaren for ein seinare britisk ekspedisjon, området frå Hope Bay og kom fram til Charlotte Bay-hytta for å plukkast opp av RRS «Shackleton». Utan radio kunne ikkje Herbert vite at «Shackleton» hadde råka eit isfjell og var på veg attende til Falklandsøyane for reparasjonar. Dei seks mennene og hundane deira måtte halde seg i hytta i kring tre månader utan at dei visste om dei kom til å bli henta, og med stadig mindre forsyningar.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Charlotte Bay». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:2670. Henta 24 May 2009. 
  2. 2,0 2,1 «Place-name listing». Antarktis Place-names Committee. http://www.add.scar.org:8080/geoserver/namelist.jsp. Henta 24 May 2009. 

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Charlotte Bay» (innhald frå Geographic Names Information System).