Hope Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 63°23′S 56°59′W
Hope Bay
bukt
none  Esperanza-basen i Hope Bay i desember 2004
Esperanza-basen i Hope Bay i desember 2004
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Trinityhalvøya
 - koordinatar 63°23′S 56°59′W
Lengd km
Breidde km
Administrert under Antarktistraktaten
Hope Bay is located in Antarktis
Hope Bay (Antarktis)

Hope Bay (spansk Bahía Esperanza) er ei bukt på Trinityhalvøya på tuppen av Den antarktiske halvøya med opning mot Antarctic Sound.

Bukta vart oppdaga på 15. januar 1902 av Den svenske antarktisekspedisjonen under Otto Nordenskjöld, som namngav ho til minne om vinteren dei var der J. Gunnar Andersson, S.A. Duse, Toralf Grunden og José María Sobral frå ekspedisjonen hans etter at skipet hans («Antarctic») vart knust av isen og gjekk tapt. Dei vart redda av den argentinske korvetten «Uruguay». Ruinane av steinhytta som vart bygd av medlemmane av ekspedisjonen finst her framleis.

Den gamle britiske basen «D» vart bygt her i 1945. Han brende delvis ned i 1948 og vart stengd i 1964. Den 8. desember 1997 overførte British Antarctic Survey basen til Uruguay, som namngav basen Teniente Ruperto Elichiribehety uruguyanske antarktiske forskingstasjon (ECARE).

Den noverande argentinsk Esperanza-basen vart oppretta i 1952. Han vart operert Instituto Antartico Argentino og i snitt overvintrar 55 personar her. Bygningane ved basen har gjort at delar av hekkeplassane til pingvinane her har vorte tvangsflytta. Den første kjende fødselen i Antarktis skjedde her i 1978 då Emilio Palma vart fødd av kona til ein argentinsk marineoffiser.

Hope Bay/Esperanza var òg staden der i 1952 dei første skota i Antarktis vart avfyrte for å skade folk då eit argentinsk lag skaut med maskingevær over hovuda på eit lag frå British Antarctic Survey lossa av forsynignar frå «John Biscoe». Argentinarane sendte seinare ei diplomatisk unnskulding og sa at det heile hadde vore ei misforståing og at den argentinske kommandøren på staden hadde gått for langt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Antarctica. Sydney: Reader's Digest, 1985, s. 156-157.
  • Child, Jack. Antarctica and South American Geopolitics: Frozen Lebensraum. New York: Praeger Publishers, 1988, s. 73.
  • Lonely Planet, Antarctica: a Lonely Planet Travel Survival Kit, Oakland, CA: Lonely Planet Publications, 1996, 302-304.
  • Stewart, Andrew, Antarctica: An Encyclopedia. London: McFarland and Co., 1990 (2 volumes), s. 469.
  • U.S. National Science Foundation, Geographic Names av Antarctica, Fred G. Alberts, ed. Washington: NSF, 1980.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]