Adrien de Gerlache

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Adrien de Gerlache

Adrien Victor Joseph de Gerlache de Gomery (2. august 18664. desember 1934) var ein offiser i den belgiske marinen. Han er mest kjent som leiar av Belgica-ekspedisjonen i 18971899 der Roald Amundsen var hyra som førstestyrmann.

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Gerlach vart født i Hasselt i Belgia, og vart utdanna i Brussel. Han studerte praktisk vitskap ved Universitetet i Brussel og arbeidd i feriane som lugargut på atlanterhavsdamparar. Etter eksamen i 1885 slutta han seg til den belgiske marinen 19. januar 1886.

Etter eksamen frå sjømannsskole i Ostande vart han hyra på forskningsskipet «Belgique». Det var under denne tenesta at han planla ein forskingferd til Antarktis.

Belgica-ekspedisjonen[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Belgica-ekspedisjonen.

I 1896 kjøpte han den norsken-bygde kvalbåten «Patria», som etter ei omfattande ombygging fekk namnet «Belgica». Saman med eit mannskap frå mange nasjonalitetar, blant dei Roald Amundsen som førstestyrmann og Frederick Cook, sigla dei frå Antwerpen den 16. august 1897.

«Belgica» til ankers i Mount William

I løpet av januar 1898 nådde dei kysten av Den antarktiske halvøya og sigla langs denne og rekkja med øyar som ligg vestanfor. Gerlache gav sundet namnet Belgicasundet. Dette er seinare fått namnet Gerlachesundet etter han. Ekspedisjonen kartla og gjekk i land på om lag 20 auge, der fleire vart namnsette. Dei fortsette mot sør og kryssa den sørlege polarsirkelen 15. februar 1898.

Den 28. februar 1898 vart ekspedisjonen innefrosen i isen ved Peter I Øy. Trass i at mannskapet prøvde sitt beste for å få skipet fri av isen måtte dei snart innsjå at dei var vorte tvinga til å overvintre i Antarktis. Amundsen hevda i ettertid at innfrysinga var planlagt av Gerlache, inspirert av Fridtjof Nansen si ferd gjennom Nordishavet. Berre Amundsen og kapteinen Georges Lecointe var informert om denne planen og resten av mannskapet skuldgav Gerlache for halvhjarta innsats med å få «Belgica» fri frå pakkisen.[1] Fleire veker seinare, den 17. mai, sette polarnatta inn med eit totalt mørke som varte til 23. juli. Så følgde sju månader med hardt arbeid for å få skipet laus frå isen. Fleire av mannskapet var nære ved å miste forstanden, blant dei ein belgisk sjømann som forlét båten med orda om at han skulle gå tilbake til Brussel. Fleire av mannskapet vart òg hardt råka av skjørbuk. Legen ombord, Frederick Cook, dreiv jakt og serverte ferskt sel- og pingvinkjøt som medisin mot skjørbuken, noko som redda mannskapet frå sjukdomen.

15. februar 1899 klarte dei endeleg å sigla ut. Det tok dei nestan ein månad å forsere 10 kilometer, og den 14. mars kom dei klar av isen. Ekspedisjonen returnerte til Antwerpen 5. november 1899.

I 1902 utgav Gerlache ei bok om ferda med tittelen «Quinze Mois dans l'Antarctique». Ho er ikkje omsett til norsk.

Seinare liv[endre | endre wikiteksten]

Han deltok i fleire ekspedisjonar etter Belgica-ekspedisjonen, m.a.

«Belgica» vart brukt på alle desse ekspedisjonane.

Adrien de Gerlache døydde i Brussel 4. desember 1934 av tyfus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Roland Huntford. Scott og Amundsen Oslo 1982, ISBN 82-03-10296-4, s 42