Charolais

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Charolaisokse
Charolaisku og kalv

Charolais er ein storferase hovudsakleg halde for kjøt frå Frankrike.

Historie og utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Rasen har sitt utspring i Charolais-Brionnais-området midt i Frankrike, og har vore omtala så langt attende som år 878. Charolaisfeet var opphavleg utvikla som trekkdyr, noko som resulterte i at rasen er stor av vekst med mykje musklar, spesielt i rygg og lår. På 1700-talet vart rasen brukt både som arbeidsdyr og kjøtfe. Frå det 20. hundreåret har feet vore avla for kjøttet. Charolais vart introdusert i Noreg tidleg på 1960-talet, og er nå den mest populære kjøttferasen i landet

Kjenneteikn og eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Charolais er ein kjøtferase, og vert ikkje brukt til mjølkeproduksjon. Rasen har likevel gode mjølkeeigenskapar og gir gode ammekyr. Rasen er lys av farge, nesten reint kvit, men andre fargevariantar finst også. Viktige eigenskapar er stor tilvekst og høgt opptak av grovfôr. Rasen vert ofte brukt til kryssavl med andre raser, mellom anna norsk raudt fe. Charolais er kjent for å gi godt avkom når det vert kryssa med andre raser av kjøttfe, spesielt angus- og herefordfe. Oksane veg opp til 1200 kg, og kyrne opp til 900 kg. Charolaisfeet har godt gemytt, er utprega flokkdyr og tek opp det meste av føda medan dei går ute på beite med kalv. Feet nyttar kulturlandskapet godt og held det også ope fordi denne produksjonen er ekstensiv.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Charolais

Kjelder[endre | endre wikiteksten]