Igbo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Igbo
Igbo
Klassifisering Niger-kongo
 Atlantisk-kongo
  Volta-kongo
   Benue-kongo
    Igboide språk
     Igbo
Bruk
Tala i Nigeria, Ekvatorial-Guinea, andre
Område Søraustlege Nigeria og delar av nabolanda
Igbotalande i alt 18 million
Rangering 50
Skriftsystem Latinsk
Offisiell status
Offisielt språk i Nigeria
Språkkodar
ISO 639-1 ig
ISO 639-2 ibo
ISO 639-3 ibo
Glottolog nucl1417

Igbo (også kalla ibo; ndi igbo på igbo) er eit språk som blir snakka i Nigeria av ca. 18 millionar talarar (igboar), spesielt i den søraustlege regionen av Nigeria, den som tidlegare var kjend som Biafra.

Dialektar[endre | endre wikiteksten]

Igbo har mange dialektar med store underdialektar, mellom anna idemili-igbo, owerri, ngwa, umuahia, nnewi, onitsha, awka, abriba, arochukwu, nsukka, mbaise, ohafia, wawa og okigwe.

Den store dialektvariasjonen har gjort det vanskeleg å kome fram til ein standardisert ortografi og dialekt for igbo. Gjeldande ortografi, den såkalla onwu-ortografien, er eit kompromiss mellom den tidlegare Lepsius-ortografien og ein nyare ortografi som vart fremja av International Institute of African Languages and Cultures (IIALC). Gjeldande ortografi vart vedteke i 1962.

Den dialektforma som gjeld som lingua franca, sentral-igbo, er basert på dialekten frå Owerri-provinsen, byane Owerri og Umuahia. Basert på denne laga dr. Ida C. Ward i 1939 eit framlegg til ortografi, som etter kvart vart teke i bruk av misjonærar, forfattarar og forleggjarar. I 1972 danna Selskapet for fremje av igbo-kulturen, Society for Promoting Igbo Language and Culture (SPILC) ein komité for å inkludere fleire dialektar i sentral-igbo. Dei såg sentral-igbo som eit imperialistisk prosjekt og ville reformere det for å inkludere fleire dialektar i standarden.

I 1999 erklærte den nigerianske igbo-forfattaren Chinua Achebe at sentral-igbo var eit kolonialt forsøk på undertrykkje dei ulike igbo-dialektane. Talen hans vart halde på onitsha-dialekt.

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Igbo er eit tonespråk, med to ulike tonar, høg og låg. I tillegg opptrer også ein tredje tone, fallande. Igbo har vokalharmoni, kvar vokal har to versjonar, skild frå kvarandre med storleiken på farynks. Denne vokalharmonitypen er vanleg blant vestafrikanske språk, han blir referert til som ATR-harmoni (ATR = Advanced Tongue Root, heva tungerot)

I nokre dialektar, slik som enu-onitsha, blir dei dobbeltartikulerte lydane /g͡b/ og /k͡p/ realisert som stemt/ustemte bilabiale implosivar. Approksimanten /ɹ/ blir realisert som ein alveolar tap [ɾ] mellom vokalar, som t.d. i árá.

Vokalfonem i standardigbo
The vowel phonemes of Igbo
The vowel phonemes of Igbo
Konsonantfonem i standardigbo
Bilabial Labio-
dental
Dental Alveolar Post-
alveolar
Palatal Velar Labialiawer
velar
Glottal Labial-
velar
Plosivar p b t d k g kw gw k͡p g͡b
Nasals m n ŋ ŋw
Frikativs f s z ʃ ɣ ɦ
Affrikatar ʧ ʤ
Approksimantar ɹ j w
Lateral
approksimant
l

Skriftsystem[endre | endre wikiteksten]

Gjeldande igbo-rettskriving er onwu-rettskrivinga (oŋwu). Bokstavane er viste i tabellen nedanfor, med IPA-parallellar i høgre kolonne.

igboalfabetet
(Onwu)
IPA igboalfabetet
(Onwu)
IPA
a /a/ /ɔ/
b /b/ p /p/
gb /ɓ/ ~ /ɡb͡/ kp /ɓ̥/ ~ /k͡p/
d /d/ r /ɾ/
e /e/ s /s/
f /f/ sh /ʃ/
g /ɡ/ t /t/
gh /ɣ/ u /u/
h /h/ /ʊ/
i /i/ v /v/
/ɪ/ w /w/
j /ʤ/ y /j/
k /k/ z /z/
l /l/ ch /ʧ/
m /m/ og /m̩/ gw /ɡʷ/
n /n/ og /n̩/ kw /kʷ/
/ŋ/ nw /ŋw/
o /o/ ny /nj/

Grafema <gb> og <kp> er implosivar, koartikulerte to stader i munnhola samtidig (g og b samtidig)/ɡ/+/b/ og /k/+/p/, og vist både som velarar og bilabialar i tabellen.

<m> og <n> er to ulike fonem, ein konsonant og ein vokalisk nasal.

Tone er som regel ikkje merkt i skriftleg igbo, bortsett frå for i pedagogiske tekstar, tekstar skrive for språkstudentar, og ordbøker. Der tone er merkt, er lågtone merkt med grav aksent over vokalen, t.d. <a> → <à>, og høg tone med akutt aksent over vokalen, for eksempel <a> → <á>.


Lokalisering[endre | endre wikiteksten]

Alle bokstavane i igbo-alfabetet (som er eit delsett av det vestafrikanske alfabetet) er representert i Unicode, sjølv om det kan vere vanskeleg å representere akutt/grav aksent og punktum under bokstaven samtidig.

Det har i praksis vist seg vanskeleg å bli samde om eit igbo-tastatur. Det føreligg fleire framlegg. Det er fire bokstavar som ikkje er i det engelske alfabetet ị, ụ, ọ, ṅ. På eit framlegg ligg desse bokstavane på same tastar som bokstavane i, u, o, n, og blir skrive inn med ein modifikasjonstast (Opsjon eller AltGr), på eit anna framlegg får desse bokstavane eigne tastar, på same måten som på t.d. norsk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikipediaigbo


Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Awde, Nicholas and Onyekachi Wambu. Igbo: Igbo-English/English-Igbo Dictionary and Phrasebook New York: Hippocrene Books, 1999.
  • International Phonetic Association (1999) Handbook of the International Phonetic Association ISBN 0-521-63751-1