Circle-linja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Linjer i
London Underground
  Bakerloo
  Central
  Circle
  District
  Hammersmith & City
  Jubilee
  Metropolitan
  Northern
  Piccadilly
  Victoria
  Waterloo & City
 
  Docklands Light Railway
  London Overground

Circle-linja er ei linje i London Underground. Ho blei opna i 1884, og fekk sitt noverande namn i 1949. Linja blei ikkje bygd som ei separat linje, men som ein del av linjene District og Metropolitan som eit ekstra rutetilbod. Det er berre to korte seksjonar som er unike for Circle; mellom Aldgate og Tower Hill, og mellom Gloucester Road og High Street Kensington. Linja er markert med gult på undergrunnskartet.

Då linja først blei føreslått hadde den namnet Inner Circuit (Indre krets). Dette blei raskt endra til Inner Circle (Indre sirkel). Dette namnet var i bruk i god tid før linja faktisk gjekk i sirkel. Det var planlagt både ein Outer Circle og ein Super Outer Circle, men ingen av desse blei fullført, og strekningane som blei bygd er enten nedlagt eller tatt over av andre linjer.

I 1949 fekk ho namnet Circle-linja, og blei ei sjølvstendig undergrunnslinje. Det var først då at ho blei teikna inn med eigen farge på undergrunnskartet. I nord, aust og vest følgjer ho stort sett grensa for sone 1, men i sør går ho eit godt stykke innanfor grensa. Linja er saman med Waterloo & City-linja den einaste av undergrunnslinjene som berre ligg i sone 1.

Farringdon undergrunnsstasjon på Circle-linja

Toga køyrer kontinuerleg i ring langs linja. Dersom ein tar ein fullstendig runde tar dette omkring ein time; normalt vil ein i staden nytte linja for å komme til ein stasjon kor ein kan byte linje og komme fram med eit meir direkte tog.

Ein populær aktivitet blant mange innbyggjarar i London er å ta ein pub-til-pubrunde med Circle-linja; ein stoppar då ved kvar enkelt av dei 27 stasjonane og drikk eit glas (halfpint) øl i ein pub i nærleiken.

Fram til 2004 har det tre gonger skjedd «kapringar» av tog på Circle-linja. Det dreier seg om venlegsinna kapringar, utført av grasrotorganisasjonar som Space Hijackers. Det blir delt ut gratis alkohol og snacks, og band speler musikk under eit «Circle Line Party».

Terrorangrepet 7. juli 2005[endre | endre wikiteksten]

Den 7. juli 2005 blei to tog på Circle-linja utsett for eit terrorangrep. To sjølvmordsbomber blei utløyst praktisk talt samtidig kl. 08.50 lokal tid, den eine mellom Liverpool Street og Aldgate og den andre ved Edgware Road. Minst 14 personar omkom.

Etter angrepet blei heile linja stengd. Dei andre linjene på undergrunnsbanen opna neste dag, men Circle kunne ikkje bli gjenopna før 4. august.

Kart[endre | endre wikiteksten]

Kart over Circle-linja
Kart over Circle-linja

Stasjonar[endre | endre wikiteksten]

Oversikta følgjer linja med klokka frå Paddington.

  • Paddington
  • Edgware Road
  • Baker Street
  • Great Portland Street
  • Euston Square
  • King's Cross St. Pancras
  • Farringdon
  • Barbican
  • Moorgate
  • Liverpool Street
  • Aldgate
  • Tower Hill
  • Bank og Monument
  • Cannon Street
  • Mansion House
  • Blackfriars
  • Temple
  • Embankment
  • Westminster
  • St. James's Park
  • Victoria
  • Sloane Square
  • South Kensington
  • Gloucester Road
  • High Street Kensington
  • Notting Hill Gate
  • Bayswater

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]